Inger Stray Lien: - Håpar og trur at me har alt under kontroll

Tysdag 12. august er Universitetet i Oslo oppe til endeleg eksamen i Kvalitetsreforma. Då kjem 7000 nye studentar, som blir dei aller første som skal fylgja den nye studiemodellen. - Det verste som kan skje er at straumen går, men elles trur eg me har kontroll over det meste, seier fungerande universitetsdirektør Inger Stray Lien.

WEB: - Studiereforma er avhengig av at me lukkast med å ta i bruk webbaserte løysingar, meiner fungerande universitetsdirektør Inger Stray Lien.
Foto: Martin Toft

- Studiereforma er avhengig av at me lukkast med å ta i bruk webbaserte løysingar. Alle studentar må registrera seg innan 15. august, og det gir oss svært knapp tid. Nytt av året er at ein utdanningsplan skal fyllast ut , og det blir også opplyst om tid og stad for forelesingar via nettet. Frå 15. september vil også eit system med ein personleg webportal for kvar student bli sett i gang ved UiO, opplyser Inger Stray Lien til Uniforum.

Ingen forelesingskatalog

- Studentar som ser etter forelesingskatalog eller studiekatalog kjem nok til å leita til fånyttes. All denne informasjonen vil no berre vera tilgjengeleg på UiOs nettsider, seier Stray Lien.

- Men dei som har problem med å finna denne informasjonen på nettet, skal me sjølvsagt hjelpa så godt med kan, understrekar ho.

God stemning

Sjølv har ho fylgd koordineringa av studieinformasjon og etableringa av studieprogram med stor interesse.

- Eg er imponert over den store innsatsen og iveren som er lagt for dagen frå dei UiO-tilsette for at dette skal gå bra. Det er utruleg mange store og små bitar i eit puslespel som skal passa saman når så mykje nytt skal skje på ein gong. Men det blir rapportert om god stemning rundt omkring på fakulteta og alle er fast bestemte på at dette skal gå bra. Ei medverkande årsak til dette trur eg er det nære samarbeidet mellom Sentraladministrasjonen og fakulteta som har utvikla seg heilt frå Styringsgruppa for Kvalitetsreforma blei etablert. Alle fekk auga opp for at samspelet mellom dei ulike delane av UiO måtte fungera godt for å få gjennomført denne omfattande studiereforma.

- Det har også blitt laga fleire tverrfaglege studieprogram. Sjølvsagt er det morosamt å sjå at mange av desse programma har stor søking, konstaterer ho.

-Utdannings- og forskingsdepartementet fylgjer også spent med korleis det går med gjennomføringa av reforma ved UiO, og dei veit at dette er ei krevjande omstilling, slår ho fast.

Nye læringssenter

For aller første gong har UiO også tatt i bruk eit eige timeplanleggingsverkty. Studentane vil også leggja merke til at dei snart kan ta i bruk nye læringssenter både ved HF- og SV-fakultetet. Stray Lien snakkar varmt for dette tilbodet.

- Her vil studentane finna eit nytt og litt annleis læringsmiljø enn på den tradisjonelle lesesalen, fortel ho.

Viktig studentmedverknad

Samtidig trekkjer ho fram kor viktig rolla til studentane har vore i arbeidet med Kvalitetsreforma.

- Eg er glad for at studentane og Studentparlamentet heile tida har medverka til at dette skal bli ei positiv reform. Dei har også vore flinke til å bringa vidare den uroa dei har fanga opp blant studentane dei gongene dei har sett at ting ikkje vil fungera. Me har også fått kritikk for at me har fokusert for mykje på å gi informasjon til dei nye studentane medan dei gamle studentane har blitt gløymde. Det kan nok stemma, men me vil be dei studentane som føler at dei ikkje får nok informasjon om å gi lyd frå seg, og med litt tolmod skal me nok klara å løysa dei problema som vil dukka opp, lovar ho.

Naudsynt kopiavgift

Når det gjeld debatten rundt kopi- og papiravgifta på 200 kroner, som alle studentane må betala saman med semesteravgifta, så meiner ho den er heilt naudsynt.

- Styret ved UiO har vedtatt at det skal betalast kopi- og papirpengar frå og med dette semesteret. Dette skal dekka Kopinor-avgift, trykksaker som studentane får delte ut og utskrifter. Av dei som har registrert seg til no, har dei aller fleste betalt både semesteravgift og kopipengar. Nokon protesterer og let vera å betala kopipengar. Dei vil likevel bli registrerte som studentar, men dei får ikkje ta utskrifter på UiO, slår ho fast.
Aktive studentar
Stray Lien gler seg til å ta imot alle dei nye studentane 12. august, men vil gjerne at dei tar med seg eit godt råd på studievegen.
- Eg vil oppfordra studentane til å vera meir aktive. Skal Kvalitetsreforma lukkast, må både dei og undervisningspersonalet vera opne for og ta i bruk alle nye undervisningsformer og utfordra kvarandre til meir aktiv læring.

Emneord: Undervisning, Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 11. aug. 2003 09:38 - Sist endra 10. des. 2008 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere