Fann spor av opplevingar i hjernen

Medisinprofessor Terje Lømo er internasjonalt berømt for å ha oppdaga Langtidspotensiering(LTP) i hjernen. - Kort fortalt kan ein seia at mykje av det du opplever, ser og høyrer, kan du vekkja opp igjen seinare fordi det finst eit spor av denne opplevinga i hjernen. Dette sporet ligg sannsynlegvis i kontaktpunkta /synapsane mellom nervecellene i hjernen, trur Lømo. Oppdaginga er årsaka til han er tildelt Anders Jahres medisinske pris på 1 million kroner.

TILDELT MILLIONPRIS:- Eg synest dette var forferdeleg hyggeleg og uventa, seier årets vinnar av Anders Jahres medisinske pris, professor Terje Lømo ved Fysiologisk institutt, UiO.
Foto: Martin Toft

Prisen er den største og viktigaste prisen ein nordisk forskar kan få nest etter Nobelprisen i medisin.
- For meg var dette uventa fordi eg hadde trudd prisen ville ha gått til ein person som hadde vore meir synleg i terrenget enn kva eg har vore, seier Terje Lømo til Uniforum. Ålesundaren Lømo er tilsett ved Fysiologisk institutt ved Det medisinske fakultetet, UiO. Det var også her han for 37 år sidan, gjorde oppdaginga som er hovudårsaka til at han er tildelt Nordens mest prestisjetunge medisinske pris.

Hippocampus

- I 1966 var eg akkurat ferdig med militærtenesta som lege i Marinen, då eg nokså tilfeldig fekk tilbod om å jobba saman med hjerneforskaren Per Andersen. I det året eg arbeidde saman med han, var det først og fremst området hippocampus i hjernen eg jobba med. Det er seinare blitt klart at dette området er svært viktig for læring og minne. Personar som får ein skade i hippocampus har nemleg store vanskar med å hugsa ting som dei hadde opplevd kort tid tidlegare.

- I laboratoriet prøvde eg å finna meir ut om hippocampus gjennom forsøk med kaninar og kattar. Såleis gjekk doktorgradsarbeidet mitt ut på å registrera kva som skjer i dette området i hjernen hos forsøksdyra når det blir plassert elektrodar i ein bunt av nervefibrar som går inn til hippocampus frå ein annan stad i hjernen, og desse fibrane blir stimulerte med elektrisitet, skildrar han.

Den store oppdaginga

- Stimuleringa utløyste elektriske impulsar i nervefibrane som blei leia vidare til hippocampus og overførte til andre nerveceller der. Eg oppdaga at når denne nervebunten blei stimulert med eit kortvarig tog av elektriske impulsar førte det til langvarige forandringar i overføringspunkta, såkalla synapsar, mellom nervefiberendane i hippocampus og cellene der.

- Ei enkel stimulering mange timar seinare blei av den grunn mykje meir effektiv og utløyste impulsaktivitet i mange fleire nerveceller i hippocampus enn før. Dette var ei langvarig forsterking som måtte skje i synapsane mellom nervefibrane og cellene i hippocampus. Det ville seia at det skjedde ei "varig" endring i hjernen som kunne setjast i samanheng med læring og minne. Det var denne oppdaginga som seinare er kalla for Langtidspotensiering eller LTP, fortel Lømo.

Spor av opplevingar

- Kort fortalt kan ein seia at mykje av det du opplever, ser og høyrer, kan du vekkja opp igjen seinare fordi det finst eit spor av denne opplevinga i hjernen. Dette sporet ligg sannsynlegvis i kontaktpunkta /synapsane mellom nervecellene i hjernen, trur Lømo. Den prosessen som han oppdaga er no internasjonalt rekna som den beste modellen for læring og minne. Det gjekk likevel lang tid før nokon la merke til oppdaginga.

- I 1968 kom Timothy Bliss til UiO for å jobba saman med Per Andersen og meg i eitt år. Bliss og eg gjorde i 1968-1969 mykje grundigare studiar baserte på oppdaginga frå 1966, og saman skreiv me ein vitskapleg artikkel for det britiske forskingstidsskriftet "Journal of Physiology". Artikkelen blei først publisert i 1973 men vekte ikkje særleg stor interesse bortsett frå hos eit par forskargrupper.

Tok av i 1980-åra

- Det var ikkje før i 1980-åra dette forskingsfeltet verkeleg byrja å ta skikkeleg av og blei eit av dei viktigaste innan nevrobiologien, fortel Lømo. Han trur at utviklinga av ny teknologi var ein av grunnane til dette. Det blei blant anna mogleg å studera LTP i skiver frå hippocampus der cellene kunne overleva i mange timar i ei skål utanfor dyret og på den måten blei dei lettare å studera., minnest han.

Nobelpris

Etter at han tok doktorgraden i 1969 reiste Terje Lømo til University College London som postdok.-kandidat . Styraren for instituttet, Bernard Katz fekk tildelt Nobelprisen i medisin i 1970, akkurat då Lømo var der.

- Katz forska på overføring av signal frå ei nervecelle til ei anna, og arbeida hans har hatt mykje å seia. Arbeidet i London fekk meg til å skifta fokus til nervemuskelsignal. Alle visste at viss ein muskel mistar nerveforsyninga, så forandrar muskelcellene seg dramatisk og blir ubrukelege. Den alminnelege oppfatninga på den tida, var at dette skjedde fordi muskelen mista tilførselen av ein trofisk faktor frå nervefibrane, seier Lømo.

Den elektriske impulsaktiviteten

- Saman med forskaren Jean Rosenthal la eg inn elektrodar i rottemusklar som hadde mista nerveforsyninga si. Så stimulerte me muskelen elektrisk slik at me kunne sjå at muskelen trekte seg saman. Me kunne få muskelen til å fungera igjen og få normale eigenskapar. Dermed hadde me funne at årsaka til forandringane i muskelen ikkje var mangel på eit trofisk stoff, men mangel på den elektriske impulsaktiviteten som normalt er i muskelen og som nervane utløyser. Det er den som får musklane til å trekkja seg saman.

- Å ha oppdaga LTP og kor mykje impulsaktiviteten har å seia for eigenskapane i musklane våre, er dei to tinga eg er mest stolt av, vedgår Lømo.

- Som vinnar av Anders Jahres store medisinske pris vil du få utbetalt ein million kroner. Kva skal du bruka desse pengane til?

- Det har eg ærleg talt ikkje fått tid til å tenkja over. Eg er såpass gamal at eg har alt eg treng. Eg har verken hytte eller båt og saknar det ikkje. Og lenge hadde eg heller ikkje bil. Kanskje eg skulle kjøpa meir verktøy til snikkarverkstaden min, som eg likevel aldri får tid til å bruka. Elles vil eg kjøpa inn betre datautstyr heime. Dessutan er eg svært glad i å reisa. No blir jo det lettare å få til, og då kan eg kjøpa enda fleire bøker som eg ikkje får tid til å lesa, smiler han.

Sagt om Terje Lømos forsking:

- Oppdaginga av Langtidspotensieringa (LTP) er den største biologiske oppdaginga i Noreg etter Den andre verdskrigen. Den er det Nobelprisklasse over.
Professor Kristian Gundersen, Biologisk institutt, UiO

- The discovery of long-term potentiation (LTP) changed the face of neuroscience.
Professor Richard G.M.Harris, Divison of Neuroscience, University of Edinburgh

Emneord: Priser, Medisin Av Martin Toft
Publisert 26. aug. 2003 13:08 - Sist endra 10. des. 2008 14:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere