7090 personar har takka ja til studieplass

7090 personar har takka ja til dei 6397 studieplassane ved UiO dette haustsemesteret. Det går fram av dei siste tala frå Samordna opptak. - Dette viser at studieprogramma våre er attraktive, seier studiedirektør Toril Johansson til Uniforum.

MOROSAMT: Det er morosamt å sjå at så mange synest studieprogramma våre er attraktive, meiner studiedirektør Toril Johansson.
Foto: Martin Toft

- Den siste oversikten over ja-svar, viser at den store søkinga til UiO under førsteopptaket ikkje var noko blaff. UiO har klart å oppretta gode og interessante studieprogram som er attraktive for søkjarane. Det er sjølvsagt svært moro, seier Johansson.

Overbooking på 700 plassar

Det er fleire som har sendt inn ja-svar enn kva det er studieplassar til.
- Me har ei overbooking på rundt 700 plassar. Vanlegvis har nemleg mellom 10-15 prosent av dei som svarar ja til ein studieplass, ikkje dukka opp ved semesterstart. Det blir spennande å sjå om denne tendensen held seg no når det har blitt enda vanskelegare å koma inn på dei mest populære faga ved UiO. Det blir trongt med 800 studentar på eit jusstudium med berre 600 studieplassar, konstaterer ho.

Mange på venteliste

I tillegg til studieprogrammet i jus, har studieprogrammet i internasjonale studiar ved SV-fakultetet ja-svar i høve til talet på studieplassar.87 personar har takka ja medan det er 60 studieplassar. 567 personar står på venteliste. Årseininga i psykologi er også populær. Der er det 330 studieplassar medan 1225 personar står på venteliste. Realfaga har heller ikkje ved dette opptaket opplevd noko stort oppsving, og nokre av faga kunne nok tenkt seg langt fleire ja-svar. 47 personar har takka ja til ein studieplass på kjemi som til saman har 50 studieplassar. Faget har heller ingen på venteliste.

Geofag og naturressursar har fått 46 ja-svar medan dei har 60 studieplassar medan materialar og energi som har fått 30 ja-svar, kan tilby 40 studieplassar. Det finst også lyspunkt på MN-fakultetet. Studieprogrammet i digitale medium har 248 personar på venteliste til dei 40 studieplassane.

På HF er det studieprogrammet i journalistikk som har lengst venteliste. Der er det 555 personar som håpar at nokon av dei som har fått tilbod om ein av dei 10 studieplassane takkar nei. Førebels er det berre seks som har takka ja, så det kan vera at dei som står øvst på ventelista til slutt får sjansen til å studera journalistikk ved UiO.

Suppleringsopptak

Ein del av dei som enno ikkje har fått tilbod om studieplass ved UiO, men som framleis står på venteliste på dei studieprogramma dei har søkt på, får ein ny sjanse. I dag, altså fredag 8. august, går det ut eit brev med tilbod om studieplass til desse søkjarane.

- Tilbodet vil berre omfatta studieplassar på studieprogram som enno ikkje er fulle, understrekar Johansson.

- Dukk opp med ein gong!
Hanne Krogh er leiar for Seksjon for studieadministrasjon ved Studie- og forskingsadministrativ avdeling (SFA). Ho håpar at alle studieprogramma blir fylte opp.

- Det er det som er målet vårt, og dei som får tilbod om plass under suppleringsopptaket må dukka opp på universitetet så fort som mogleg, oppfordrar ho. - Frå i haust vil det ikkje lenger finnast forelesingskatalog og studiehandbøker. Når opptaket er over må studentane difor orientera seg via nettet om kvar og når dei skal ha forelesingar. Studentane skal velja fleire kurs, og dei må vita om det er praktisk mogleg å fylgja undervisninga i dei ulike emna. Det er grunnen til at me i samarbeid med USIT har kjøpt inn eit eige timeplanleggingsverkty, forklarar ho.

Nok undervisningslokale

Frå i haust skal også kvar student ha sin eigen utdanningsplan.
- Førebels er det viktig at studentane berre fører opp kva studieplanar dei har for haustsemesteret. Seinare semester kan dei føra opp planane for heile studieløpet slik at institutt og fakultet får ein viss peikepinn på kva emne som slår an blant studentane. Men det vil berre vera studieplanane for haustsemesteret som vil vera bindande, understrekar ho.

Dei fleste nye studentane må melda seg til undervisning via StudentWeb seinast 15. august. Også dei fleste gamle studentar på lågare grad må melda seg opp innan denne fristen.

- Det er ingen tvil om at kapasiteten til UiOs nett vil bli sett på ein stor prøve den dagen, og ikkje minst måndag 18. august då studentane byrjar å sjekka om dei er registrerte på rett studieprogram, seier Hanne Krogh.

Emneord: Studentsaker, Universitetspolitikk, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 8. aug. 2003 14:08 - Sist endra 10. des. 2008 14:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere