Clemet: Regjeringa vil etablera fleire SFF frå 2007

Regjeringa vil etablera fleire Senter for framifrå forsking (SFF) frå 2007. Det opplyste utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet på ein konferanse om forsking og nyskaping på Blindern tysdag 13. mai.

NYE SFF: - Regjeringa går inn for å etablera nye senter for framifrå forsking, avslører statsråd Kristin Clemet.
Foto: Ståle Skogstad

- Etableringa av senter for framifrå forsking har ført til at gode og levande forskingsmiljø har inngått alliansar og etablert tverrfaglege toppforskingssenter. Det har vore ei medverkande årsak til at regjeringa no går inn for å etablera nye senter for framifrå forsking frå 2007, avslørte statsråd Kristin Clemet på Forskingsrådets konferanse "Frå forsking til forretning" på Blindern tysdag 13. mai. Utlysinga skal skje i 2005, slik at dei neste sentra for framifrå forsking kan vera i drift frå 2007, opplyste statsråden.

Aukar løyvingane til såkornfonda

Clemet var også opptatt av at universiteta tok på alvor pålegget om å leggja forholda til rette for å utvikla vidare forskingsresultat som kan kommersialiserast.

- I revidert budsjett for 2003 kjem regjeringa difor til å koma med framlegg om å auka løyvingane til såkornfonda. Dessutan vil eit eige statsrådsutval leggja fram ein handlingsplan for ein nasjonal innovasjonspolitikk i oktober 2003, kunngjorde Clemet. Eit av dei fem satsingsfelta i denne planen blir forsking, utvikling og kommersialisering, fortalde ho. Clemet avviste også alle varselsrop om at ho ynskjer at universiteta og høgskulane i framtida berre skal driva med kommersialisering.

Grunnforsking viktig

- Det er svært langt frå sanninga. Regjeringa vil også i framtida auka løyvingane til grunnforsking ved universiteta. Målet om å koma opp på gjennomsnittleg OECD-nivå når det gjeld investering i forsking og utvikling frå 2005 står fast. I Noreg er det staten som fører an medan næringslivet kunne vore enda flinkare til å satsa pengar på forsking og utvikling. I Noreg satsar staten og dei private akkurat like mykje på forsking og utvikling medan i Finland satsar dei private 70 prosent og staten 30 prosent av den totale investeringa i i forsking og utvikling, påpeika ho.

Universiteta må bidra meir til verdiskaping

- Det er heilt naudsynt å satsa pengar på forskingsbasert nyskaping for å halda oppe både det norske velferds- og det norske velstandsnivået. Difor er me nøydde til å satsa på kunnskapsbasert nyskaping. Difor må universiteta og høgskulane bidra meir til verdiskapinga i framtida enn i dag, understreka Clemet.

Statsråd Kristin Clemetlet seg ikkje affisera av at Norsk Tenestmannslag og Attac demonstrerte mot framlegget om å gjera universiteta og høgskulane til særlovselskap og mot Verdas handelsorganiasjons forslag om å gjera utdanning til internasjonal handelsvare.

Emneord: Universitetspolitikk, Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2003 13:13 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere