Sjumilssteg mot 2014

Torsdag 6. mars publiserer Det Norske Samlaget og UiO det fjerde bindet av Norsk Ordbok. Det er åtte år sidan førre bind blei publisert, men berre to år til femte bind i serien skal vera klart. - Det vil seia at me skal bli fire gonger meir effektive enn me var, seier direktør Kristin Bakken.

FOR LEK OG LÆRD:- Bind 4 av Norsk Ordbok blir eit viktig språkverktøy for alle språkinteresserte, meiner hovudredaktør Lars S. Vikør og prosjektdirektør Kristin Bakken.
Foto: Martin Toft

Det fjerde bindet i Norsk Ordbok dekkjer alle ord frå gigle til harlemmerolje. Det er det første bindet som kjem ut sidan bind tre kom i 1994. Hovudredaktør er professor Lars S. Vikør ved Seksjon for leksikografi og målføregransking. Dei fire første binda har kome ut over ein periode på 52 år, men no er målet at prosjektet Norsk Ordbok 2014 skal greie å effektivisere ordboksproduksjonen radikalt i høve til perioden før omstillinga tok til for alvor i juli i fjor.

- Ja, med det tempoet me hadde då, ville ikkje Norsk Ordbok ha blitt fullført før i 2060. No håpar me at me får dei 10,08 millionar kronene me har søkt om for 2004 for at prosjektet skal bli avslutta etter planen i 2014, seier Bakken..

Elektronisk ordkorpus

Arbeidet med å digitalisera alle databasar og alle innsamla ord er på det næraste ferdig.

- Kvar forskar skal kunna henta inn informasjon om ny ordbruk frå det elektroniske ordkorpuset som me er i ferd med å etablera. Gjennom eit samarbeid med Det Norske Samlaget, Avisa Firda, Dag og Tid, Nynorsk pressekontor, Nordnorsk magasin og Norsk Barneblad håpar me å få tilgang til 30 millionar ord frå moderne nynorsk skriftspråk. Det vil syta for at ordboka også vil inkludera moderne ord som til dømes tannbørste eller musematte. Dei var ikkje blant dei orda som om lag 700 nynorskentusiastar sende inn til den første redaksjonen for Norsk Ordbok på 1930-talet og framover, fortel ho.

Etter kvart håpar ho også å inngå liknande avtalar med andre nynorske tekstprodusentar for å få eit enda breiare ordtilfang.

- Dersom alt går etter planen, skal det nynorske ordkorpuset vera klart i løpet av våren, og til hausten skal det vera oppe og gå for fullt. Det gamle setelarkivet med gamle dialektord, handverksuttrykk og tradisjonelle nynorskord er alt digitalisert og tilgjengeleg over nettet slik at me no har fått nye og kraftige reiskapar som vil hjelpe oss med effektiviseringa, seier Bakken.

Det er Eining for digital dokumentasjon ved HF som har digitalisert arkiva og utvikla dei nye redigeringsverktøya for Norsk Ordbok 2014. Når redaktørane i år skal i gang med å redigere ord på i, vil det bli mykje lettare å skaffe seg oversyn over bruken av einskildord som is, og over alle ordsamansetjingar som høyrer til, slike som iskrem, isbre og istapp. Ordboka har i dag rundt 2000 abonnentar.

Inkluderer talemålet

- Kven er det som les ordboka?
- Det er først og fremst ei vitskapleg ordbok, men ho er sjølvsagt også interessant for folk med generell interesse for norsk språk, eller for dei som er på jakt etter eit uttrykk som besteforeldra deira brukte, og som dei ikkje lenger veit tydinga av. Dei vil truleg finna uttrykket i denne ordboka, for i tillegg til å dokumentera det nynorske skriftspråket, inkluderer Norsk Ordbok også det norske talemålet. Ei kombinert dialektordbok og skriftspråksordbok, som Norsk Ordbok, er uvanleg internasjonalt, men sambandet mellom nynorsken og dialektane har vore sjølvsagt heilt sidan Ivar Aasen, understrekar Bakken.
Det fjerde bindet i serien Norsk Ordbok blir presentert torsdag 6. mars i Domus Bibliotheca i sentrum med kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland og rektor Arild Underdal til stades.

Emneord: Forskning, Nynorsk Av Martin Toft
Publisert 5. mars 2003 12:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere