- Eigentleg hadde eg tenkt å laga kunst av forskjellige material. Det var heilt tilfeldig at eg enda opp med å laga fantasidyr av desse materiala. Kanskje det handlar om at me alle veit kva dyr er. Sidan eg byrja med dette har eg laga så mange fantasidyr at eg trur at mennesket er det einaste dyret eg enno ikkje har forsøkt å laga.
Det seier den svenske skultøren, scenografen og designaren, Eric Langert som torsdag 27. februar opna utstillinga "Min dyriske park" i Zoologisk museum på Tøyen. Utstillinga har tidlegare blitt vist med stor suksess i Sverige.
- Me vaksne brukar ofte å skilja mellom fantasi og røyndom. Men for barna er ein krokodille ein krokodille anten den er ekte eller ei etterlikning, seier Langert, som brukte eitt og eit halvt år på å laga desse fantasidyra.
- Kva er favorittdyret ditt?
- Nei, eg trur nok det må bli strutsen, avslører han. Utstillinga blir ståande fram til 27. april. Samtidig inviterer Universitetets naturhistoriske museum alle skuleklassar til å senda inn sine eigne fantasidyr. Dei beste bidraga blir premierte. Det finst meir informasjon om utstillinga på denne nettsida: www.nhm.no
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere