Januar

Publisert 31. jan. 2003 11:43

- Universitetsleiinga må ta eit klart standpunkt mot ein eventuell krig mot Irak. Det krev ein av UiOs mest profilerte professorar, Thomas Hylland Eriksen ved Sosialantropologisk institutt.- Eg seier konsekvent nei til oppfordringar om å underteikna eller støtta ulike opprop på vegner av universitetet, seier rektor Arild Underdal.

Publisert 30. jan. 2003 10:15

Dagleg leiar Olaf Svorstøl ved Samordna opptak får 20 000 kroner i erstatning for å ha blitt overvaka av Overvakingspolitiet frå 1969-1989. Av mappa hans går det også fram at han blei overvaka ved UiO i 1982 i samband med medlemskapen sin i Tenestemannslaget ved UiO.

Publisert 27. jan. 2003 13:23

- Jeg synes dommen er gledelig. Jeg håper den kan bidra til at universitetet og politikerne snur fokuset bort fra statistikken og mot diskriminering som problem , sier Dag Øistein Endsjø til Uniforum.

Publisert 24. jan. 2003 15:35

- Det var ikkje særleg overraskande at EFTA-domstolen ville gå imot øyremerkte vitskaplege stillingar for kvinner. Me vil likevel halda fram med å be universitet og høgskular om å få fleire kvinner inn i slike stillingar. Men det vil bli meir aktuelt å bruka mentorordningar for kvinner og andre tiltak enn øyremerking for å få det til, seier utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet til Uniforum.

Publisert 24. jan. 2003 12:58

I dag falt dommen: - EFTA-domstolen har slått fast at Norge bryter loven om likebehandling av kjønnene på grunn av øremerkingen av professorater for kvinner.

Publisert 24. jan. 2003 11:46

EFTA-domstolen gir ikkje Noreg medhald i spørsmålet om Universitetet i Oslo kan halda fram med å øyremerka professorat for kvinner. Det får me opplyst hos sekretariatet til EFTA-domstolen i Luxembourg.

Publisert 24. jan. 2003 10:47

Over 100 russiske stipendiatar har publisert meir enn 100 vitskaplege artiklar i løpet av dei ti åra UiO har drive det medisinske senteret sitt i Moskva. Fleire av artiklane er publiserte i Science og Nature. I kveld feirar det tiårsjubileet med ein stortstilt konsert for 300 gjester i Universitetets aula.

Publisert 23. jan. 2003 11:28

Kongshaug musikkgymnas i Hordaland var ein av skulane som gjekk heilt til topps i klasseprosjektkonkurransen om dei tysktalande landa. Med dativ- og akkusativ-reglar i rappeversjon på eigen CD, sjarmerte Kongshaug musikkgymnas juryen i senk, og gjekk rett til topps i klassen for den vidaregåande skulen. Førstepremien på 37 500 kroner skal brukast til ein klassetur til Tyskland.Konkurransen er organisert av Nasjonalt ressurssenter for tysk .

Publisert 22. jan. 2003 09:34

Kollegiet er med seks mot fem stemmer omdøypt til Universitetsstyret. Det vedtok Universitetsstyret (Kollegiet) på sitt første møte 21. januar. Styret har også vedtatt å tilsetja Elisabeth Halsen som ny organisasjons- og personaldirektør.

Publisert 20. jan. 2003 14:10

Kollegiet blir omdøypt til Universitetsstyret. Det blir den første saka som det 11 medlemar nyvalde kollegiet kjem til å vedta på det første møtet sitt tysdag 21. januar. Det skal også tilsetjast ny organisasjons- og personaldirektør.

Publisert 17. jan. 2003 11:23

- For å overleva vinteren i Noreg, må du gjera deg til venns med den. Difor har eg byrja å læra meg å stå på ski. Det er filosofien til masterstudent i internasjonal samfunnsmedisin, Yordanos Mequanint Tiruneh frå Etiopia.

Publisert 17. jan. 2003 09:38

- Alle UiO-tilsette som skal på tenestereise må halda fram med å nytta seg av den sentrale reisebyråavtalen til universitetet. Det vil ikkje bli billegare å tinga reiser via Internett, konstaterer Per Leikvang i Innkjøpsseksjonen i Økonomi-og planavdelinga.

Publisert 16. jan. 2003 15:10

- Det er fascinerande med dei som aldri sluttar å leika, men held fram med å kle seg ut som cowboyar eller vikingar lenge etter at dei er blitt vaksne. Det seier den norsk-britiske fotografen Lill-Ann Chepstow-Lusty ved Universitetets kulturhistoriske museum. Ho har nyleg kome ut med boka Absolutt viking .

Publisert 16. jan. 2003 14:04

Alle operativsystem av typen Windows 95,98 og NT skal utfasast i løpet av våren 2003 og erstattast med Windows 2000. Både nett og maskinutstyr skal scannast for å finna usikra maskiner og tenester. Det er to av tiltaka som USIT (Universitetets senter for informasjonsteknologi) vil setja i gang for å hindra at hackarar igjen skal kunna bryta seg inn på viktige servarar ved UiO.

Publisert 16. jan. 2003 11:24

To iranske studentar kan koma inn på masterstudiet i miljøgeologi ved UiO frå hausten 2003. og fleire iranske studentar kan byrja på masterstudiet i petroleumsgeologi i åra som kjem. Det kan bli resultatet av ein samarbeidsavtale mellom Institutt for geologi, Noregs Geotekniske Institutt (NGI) og forskingsinstitusjonar i Iran.

Publisert 15. jan. 2003 10:53

Punktum er satt for første avsnitt i historien om et samarbeidsprogram mellom medisinere ved UiO og universiteter på Vestbredden og Gaza.
- Forskningssamarbeidet har vært svært vellykket, konstaterer professor Espen Bjertness. Og historien fortsetter: En ny periode er nå i gang.

Publisert 15. jan. 2003 10:36

Verken utdanningsministeren eller t-banen kom seg av gårde i kulda. Men det gjorde lærerne! Grytidlig morgen 3. januar bølget de inn over campus og forvandlet gudsforlatte auditorier til åndelige små kraftstasjoner ...

Publisert 6. jan. 2003 09:40

- Jeg tror Universitetet i Oslo har godt av å bli utsatt for hardere konkurranse. Men dette forutsetter at vi får anledning til å konkurrere på samme vilkår som de andre norske forsknings- og utdanningsinstitusjonene, sier rektor Arild Underdal ved Universitetet i Oslo i et intervju ved årsskiftet.