Vil senda 500 norske studentar til Sør-Afrika

- Om to år skal det vera mogleg å senda 500 norske studentar årleg til Sør-Afrika. Det seier Noregs tidlegare ambassadør i Sør-Afrika, Per Ø. Grimstad, som har laga ein rapport der han tilrår NORAD å støtta eit student-utvekslingssamarbeid mellom norske og sørafrikanske universitet.

NORSKE STUDENTAR: Sør-Afrikas forskingsminister Dr BS Ngubane kan koma til å ta imot 500 norske studentar i året, om visjonane til tidlegare NORAD-direktør Per. Ø. Grimstad blir realiserte.
Foto: Martin Toft

Kvart år drar 20 000 norske studentar ut av landet for å studera. Mesteparten av dei drar til Australia, USA, Canada eller Storbritannia. Noverande konsulent og tidlegare NORAD-direktør og norsk ambassadør i Sør-Afrika, Per Ø. Grimstad, har på oppdrag frå NORAD laga ein rapport om korleis det kan etablerast ein studentutvekslingsavtale mellom sørafrikanske og norske universitet. I rapporten går han sterkt inn for eit slikt samarbeid.

Subsidiering av sør-afrikanske studentar

Grimstad ber også NORAD om å hjelpa til med å betala semesterpengane for dei norske studentane på vilkår av at dei sørafrikanske universiteta brukar ein del av pengane til å finansiera opphaldet for sørafrikanske studentar i Noreg.

- Først prøver me å få i stand ein utvekslingsavtale der norske studentar blir sende til sørafrikanske universitet. Seinare prøver me å få til ein gjensidig studentutvekslingsavtale. Ein slik avtale vil ha eit svært stort potensial sidan mange av dei sørafrikanske universiteta er blant verdas beste, og alle dei universiteta me har lufta desse planane for, er i fyr og flamme. Dei legg heller ikkje skjul på at ein av grunnane er at dei vil ha inntekter frå dei norske studentane, seier Grimstad.

Afrikansk perspektiv

Han ser dette som ein fin måte å få skaffa seg nye kontaktar på for norske studentar og norske styresmakter. Grimstad viser til at norske studentar årleg legg over 800 millionar kroner igjen etter seg i Australia.

- Viss me hadde klart å få vridd ein del av desse pengane over til sørafrikanske universitet, ville det ha vore til stor hjelp for det landet, slår han fast.

- Det vil dessutan vera viktig for Noreg å få sendt ut folk som kan sjå verda utifrå eit afrikansk perspektiv i staden for eit europeisk eller amerikansk perspektiv, slår Grimstad fast.

Emneord: Afrika, Sør-Afrika, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2002 11:19 - Sist endra 10. des. 2008 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere