UiOs første tilsette instituttdirektør

Britt Wolden blei nyleg tilsett som instituttdirektør ved Farmasøytisk institutt. Dermed er ho den aller første instituttstyraren ved UiO som ikkje er valt.

ANNLEIS: - Livet som leiar i det private næringslivet er heilt annleis enn livet som leiar ved UiO, seier instituttdirektør Britt Wolden ved Farmasøytisk institutt.
Foto: Martin Toft

- Så langt har det både vore morosamt, utfordrande og slitsamt å ha denne stillinga, seier ho til Uniforum. Då ho søkte stillinga var ho forskingsdirektør i farmasiselskapet Nycomed/Pharma. No er ho øvste leiar for mellom 90 og 100 tilsette ved Farmasøytisk institutt. Ho har fylgd med i debatten om instituttstyrarane skal veljast eller tilsetjast på åremål. Sjølv er ho tilsett på eit fem år langt åremål.

- Eit av argumenta mot tilsette instituttstyrarar framfor valde, er at dei som blir tilsette ikkje vil ha same autoritet som dei valde. Har du merka noko til det?

- Så langt har eg ikkje merka noko til det, men det kan jo ha noko å gjera med at me enno ikkje har hatt så mange vanskelege saker å hanskast med. Det aller vanskelegaste er truleg det faktum at eg er både administrativ leiar for instituttet og leiar for instituttstyret. På den måten sit eg og førebur saker til eit styre eg er leiar for. Det er sikkert ikkje alltid like heldig, men til no har det gått smertefritt, seier Wolden.

UiO fokuserer for lite på leiing

- Livet som leiar i det private næringslivet er heilt
annleis enn livet som leiar ved UiO, fortel ho.
- Ei leiarstilling i det private næringslivet har ei naturleg forankring i eit miljø eller i ei avdeling, medan dei tilsette ved UiO har svært vanskeleg for å forholda seg til ein leiar. Eg synest at UiO er svært seint ute med å fokusera på leiing og utvikla gode leiarar. Utanfor universitetet har denne utviklinga kome svært langt. Her har eg inntrykk av at mange vitskapleg tilsette synest det er rart at leiing er noko anna enn å administrera.

- Korleis er du blitt mottatt av dei tilsette?

- Eg synest at eg er blitt godt mottatt og eg har allereie funne meg vel til rette. Det som har vore den hardaste jobben har vore å setja seg inn i styringssystemet og budsjettrutinane ved UiO. Etter kvart blir den største utfordringa å skaffa nye og moderne lokale til instituttet. Farmasibygningen frå 1932 er svært flott, men den er ikkje formålstenleg for eit farmasøytisk forskingsmiljø. Den hadde nok passa mykje betre som museum, tykkjer ho.

Emneord: Naturfag, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 18. des. 2002 13:31 - Sist endra 10. des. 2008 16:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere