print logo

Leif Ryvarden: Eit liv med sopp

- I all formidling gjeld det å ikkje ta seg sjølv for alvorleg. Kanskje det er difor eg likar like godt å formidla til barn som til forskarar. Barn er alltid ærlege og seier ifrå om dei ikkje forstår alt, seier vinnaren av Formidlingsprisen for 2002, biologiprofessor og soppspesialist, Leif Ryvarden.

- For meg har det alltid vore morosamt å formidla, seier vinnaren av Formidlingsprisen for 2002, biologiprofessor Leif Ryvarden.
Foto: Ståle Skogstad

Sopp-professoren er akkurat komen tilbake frå forskingsstasjonen Tømte der han og ei gruppe med biologistudentar har samla inn sopp frå norsk natur. Difor har han knapt vore innom kontoret etter at han hadde leia Den internasjonale mykologikongressen med over 1400 deltakarar i mål 17. august.

- Den kongressen fungerte heilt perfekt både teknisk og organisasjonsmessig, rekkjer han å seia medan me er på veg ned heisen til 1. etasje i Biologibygningen.

- Du kan tru deltakarane blei imponerte over at innlegga deira var komne heilberga fram til datanettverket til kongressen slik at dei kunne gjera dei siste rettingane inntil ein halvtime før dei skulle halda innlegget sitt. Ikkje minst var dette ein glimrande reklame for Universitetet i Oslo, fortel Ryvarden, og fører oss bort til urtehagen utanfor Biologibygningen.
- Gratulerer med Formidlingsprisen for 2002.
- Tusen takk!

Trebuande sopp

- Du får altså denne prisen for dei 34 bøkene du har skrive om naturen, men i det siste har du blitt meir kjent for det du eigentleg er, nemleg soppekspert. Kva er det ved soppen som har fascinert deg?

- Det byrja eigentleg med eit år langt opphald i London frå 1971 til 1972 dit eg drog for å studera tropisk sopp. Slik blei interessa vekt og difor blei eg etter kvart spesialist på tropisk trebuande sopp. Likevel tok det både ein sivilingeniørgrad i kjemi frå Noregs Tekniske Høgskule (NTH) i Trondheim, og ei hovudoppgåva i biologi om høgareståande plantar frå Finnmarksvidda før eg altså fann ut kva eg skulle forska vidare på, seier Ryvarden, som først og fremst har reist og undervist i Afrika, Sør- og Mellom-Amerika som spesialist på trebuande tropisk sopp.

- Eg meiner det er meir verdifullt å driva slik forsking for utviklingslanda enn for industrilanda. Det er grunnen til at eg er rettleiar for fleire studentar frå Uganda, Venezuela og Costa Rica. I desse landa er biodiversiteten mer truga enn her heime og er dessutan i stor grad ukjent.

- Bananrepublikk utan bananar

Ryvarden er i denne samanheng svært imponert over kva eit land som Costa Rica har klart å få til innanfor kartlegginga av biodiversiteten.

- Der har dei stifta selskapet InBio som skal kartleggja biodiversiteten innenfor alle organismegrupper. Som eit ledd i bærekraftig utvikling blir blant anna dei soppana eg samlar inn undersøkte for produksjon av antibiotika. Sidan det vil kosta for mykje for eit costaricansk selskap å utvikla dette kommersielt har InBio nyleg inngått avtalar om royalty med fleire multinasjonale selskap. Samanlikna med Costa Rica blir Noreg ein bananrepublikk utan bananar på dette feltet. Først i fjor blei det vedtatt å etablera ein norsk artsbank i Trondheim, konstaterer han. For Leif Ryvarden har det heile tida vore svært viktig å formidla vidare det han har forska på. Det har ikkje alltid vore like lett.

Kritisert for å forenkla

- Nei, det har hendt at kollegar har kritisert meg for å ha forenkla stoffet for mykje. Men den kritikken bryr eg meg ikkje om. Det er ikkje mogleg å formidla på same måte til barn som til vaksne, slår han fast. Nyleg han han gitt ut femte bind i 12-bindsserien Norsk naturleksikon for barn.

- For meg har det alltid vore morosamt å formidla. Men det tok først skikkeleg av den gongen eg blei spurt av Universitetsforlaget om å skriva ei bok om striden rundt Alta/Kautokeino-vassdraget. Forlaget fekk tilbake manuset mitt 12 dagar etterpå, og dei hadde nok aldri opplevd at eit bokprosjekt var blitt ferdig så kjapt. Rett skal vera rett, alle bileta var stort sett klare, så for meg stod det berre igjen å skriva teksten.

Etter at denne boka kom ut, blei eg spurt om å skriva boka Norges nasjonalparker og seinare gjekk det slag i slag, heilt til det toppa seg med boka "Er det liv, er det sopp" som medforfattar Klaus Høiland og eg fekk Brageprisen for i 1999, fortel Ryvarden. I tillegg har han skrive trebindsverket "Noregs fjell" saman med Per Roger Lauritzen i Den Norske Turistforening (DNT).

- Får du tid til å gjera noko anna i fritida enn å gå i fjellet?
- Nei, men eg likar det, og det same gjer kona mi. Så kvar sommarferie drar me til stader i Noreg der me aldri har vore før. Eg har godt nok gonger over Besseggen til at det er nokon vits å gjera det enda ein gong. Denne sommaren førte det oss til Hestkjølen i Nord-Trøndelag, som snart blir ein av Noregs nye nasjonalparkar.

Pensjonist

- Kva skal du bruka prispengane til?
- Denne veka blir eg pensjonist etter at eg nyleg har fylt 67 år, så pengane skal gå til reiser, fotografering og dessutan vil dei gi høve til betre illustrasjonar i kommande bøker. Eg vil halda fram som rettleiar for mange stipendiatar frå utviklingsland. I samarbeid med Natural Science Foundation, USA, skal eg også gi ut bøker om trebuande sopp i Sør-Amerika og i Afrika, fortel han.

- Og når du er i Oslo, kva gjer du då?
- Eg er jo saman med familien, steller i hagen, men eg går sjølvsagt også tur i Nordmarka som har vore tumleplassen min heilt sidan oppveksten i Sogn hageby.

Bøker skrivne av Leif Ryvarden

Alta-Kautokeino vassdraget
Norges isbreer (med B. Wold)
Norsk naturleksikon for barn
Norges nasjonalparker
Er det liv, er det sopp (med K. Høiland)
Bortenfor sti og varde
Nordmarka - langs vann og grønne skoger
Noregs Fjell 1-3 (med P. R. Laurtizen)
Norges planter (hovudredaktør)
Til saman har han skrive 34 popuærvitskaplege bøker om naturen.

Emneord: Sopp, Universitetets priser Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2002 10:09 - Sist endret 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere