Vitskapsakademiet forsvarar medlemskapen til gresk juntaminister

Det Norske Vitskapsakademiet forsvarar at tidlegare justisminister for den greske militærjuntaen, professor Johannes Triantaphyllopoulos, framleis er medlem i akademiet.

Det Norske Vitskapsakademiets bygning i Drammensveien.
Foto: Martin Toft

- Ingenting tyder på at Triantaphyllopoulos er nokon belastning for det akademiske samarbeidet mellom Noreg og Hellas, eller for forholdet mellom det greske og Det Norske Vitskapsakademiet, skriv akademiet i ein e-post til Uniforum på vegner av preses Lars Walløe.

I ein artikkel som blei publisert i Uniforum 8. mai, kritiserte den greske professoren Manolis Papathomopoulos det faktum at den tidlegare justisministeren i den greske militærregjeringa (1967- 1974), pensjonert professor Johannes Triantaphyllopoulos, framleis var medlem i to norske vitskapsakademi i tillegg til at han var blitt tildelt ein kongeleg orden etter at han donerte 15 000 bind frå boksamlinga si til Det norske instituttet i Athen.

Papathomopoulos er pensjonert professor i klassiske fag ved Universitetet i Ioannina, og var med i komiteen som vedtok å suspendera Triantaphyllopoulos for tre år frå stillinga som professor i rettshistorie ved Universitetet i Athen. I eit brev han sende til dei fire norske universitetsrektorane med kopi til dei to norske vitskapsakademia, gav han uttrykk for at denne saka hadde gjort stor skade på det norske universitetssamfunnet sitt omdøme i Hellas.

Han meinte at dei norske vitskapsfolka heller skulle ha vist sin solidaritet med dei greske kollegaene sine som var offer for undertrykking og brot på menneskerettane medan dei var i hendene på juntaregimet. " For fleirtalet av det greske folket er dette slett ikkje gløymd historie," skreiv Papathomopoulos.

Blir hylla ved Athen-universitetet

I fråsegna som er skriven på vegner av preses Lars Walløe i Vitskapsakademiet, går det derimot fram at han ser det som uproblematisk at Triataphyllopoulos framleis er medlem i akademiet.

- Professor Triantaphyllopoulos' ministerpost i ein tidleg fase av juntaregimet, med særleg vekt på konstitusjonelle spørsmål, og hans avgang etter tre veker då han såg kvar det bar, tilseier etter vårt skjønn ikkje at han ikkje kan vera medlem av Det Norske Vitskapsakademiet. I kommentaren heiter det vidare at då Johannes Triantaphyllopoulos blei innvald i Vitskapsakademiet i 1996, hadde han sete i tjue år som professor i rettshistorie ved Universitetet i Athen. Det blir også vist til at Universitetet i Athen heller ikkje går av vegen for å hylla den pensjonerte professoren og tidlegare juntaministeren.

- Den 17. mai i år blir professor Triantaphyllopoulos i samband med overrekkinga av eit festskrift, heidra med ein seremoni og talar av blant andre universitetet sin rektor og Det juridiske fakultetets dekan i Athen-universitetets aula, understrekar Vitskapsakademiet i fråsegna om Triantaphyllopoulos-saka.

Dette meiner leiinga for Vitskapsakademiet er eit godt prov på at det er ingenting som tyder på at professor Triantaphyllopoulos er til noko belastning for det akademiske samarbeidet mellom Noreg og Hellas.

Ikkje grunnlag for eksklusjon

Den tidlegare justisministeren til den greske juntaregjeringa (1967-1974), Johannes Triantaphyllopoulos, er framleis også ein av dei utanlandske medlemane i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, stadfestar preses Karsen Jakobsen overfor Uniforum. Han ser likevel ingen grunn til å ekskludera han frå foreininga på grunn av fortida hans.

- Saka hans blei grundig handsama då forholdet hans til juntaen blei kjent i år 2000. Styret fann den gongen at det statuttmessig ikkje var grunnlag for eksklusjon, og at den spesielle saka hans ikkje var av ein slik karakter at det var grunnlag for å vedta ei statuttendring, seier Jakobsen, som ikkje kan garantera at ikkje liknande saker kan dukka opp igjen i framtida.

- Me vil samtidig peika på at styret ikkje alltid kan ha absolutt fullstendige opplysningar om utanlandske kandidatar som blir foreslått til innval, og derfor nok ein sjeldan gong kan koma til å gjera innval som i ettertid kan virka uheldig, heiter det i kommentaren frå preses Karsten Jakobsen ved Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.

Athen-instituttet

Den greske professoren Manolis Papathomopoulos retta også kritikken sin mot dei fire rektorane ved dei norske universiteta fordi dei hadde gjort så stor ære på han i samband med den private boksamlinga han hadde donert til Det norske instituttet i Athen. Professor i lingvistikk, Kirsti Koch Christensen er både rektor ved Universitetet i Bergen og leiar for Universitets- og høgskulerådet, og ei av dei som brevet til Papathomopoulos er stila til. Denne saka kommenterer ho gjerne i kraft av sitt verv som rektor ved Universitetet i Bergen, men ikkje på vegner av dei tre andre universitetsrektorane, gjer ho klart overfor Uniforum.

- Denne saka handlar om to institusjonar som ligg utanom universiteta, altså dei to vitskapsakademia, og dei kan eg sjølvsagt ikkje uttala meg om. Når det gjeld forholdet mellom Athen-instituttet og pensjonert professor Johannes Triantaphyllopoulos, så viser eg til at instituttet har eit styre som dei fire eigaruniversiteta har full tillit til, seier UiB-rektor Koch Christensen til Uniforum.

Emneord: Menneskerettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 16. mai 2002 12:15 - Sist endra 10. des. 2008 16:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere