Kvinneforskar avviser inhabilitet

- Spørsmålet om inhabilitet var alltid oppe på møtene i programstyret for Kjønn i endring . Men dersom medlemane i eit programstyre ikkje kunne ha behandla søknader berre fordi nokon av oss ein eller annan gong hadde samarbeidd med søkjarane, ville det heile tida ha vore folk på gangen under møtene våre. Slik kommenterer tidlegare leiar for programstyret for Kjønn i endring i Forskingsrådet, historieprofessor Gro Hagemann, kritikken frå professor i litteraturvitskap, Ellen Mortensen, ved Universitetet i Bergen.

- I eit lite forskingsland som Noreg vil habilitetsgrenser vera vanskelege å trekkja, meiner kvinneforskar og historieprofessor Gro Hagemann.
Foto: Ståle Skogstad

Det er i siste nummer av tidsskriftet Samtiden at Ellen Mortensen tar eit oppgjer med organisasjonen og kulturen ho møter i Forskingsrådet. Ho meiner at det innanfor visse program har utvikla seg ein tendens til å lata utanomfaglege omsyn, stort sett formelle og uformelle nettverksstrukturar, bli tillagt større vekt enn fagleg kompetanse for å ha verv i Forskingsrådet.

- Det er ein klar samanheng mellom tildeling av forskingsmidlar og nærleiken til dei som forvaltar pengane i Forskingrådet, seier Ellen Mortensen til Uniforum. - Dette viser at det er eit lite nettverk som styrer pengane til forskingsfeltet mitt, meiner ho.

Mortensen viser spesielt til forskingsprogrammet Kjønn i endring der fleire doktorgradsstipend blei tildelt programstyremedlemane sine eigne hovudfagsstudentar eller søkjarar som dei var oppnemnde som rettleiarar for.

I artikkelen namngir ikkje Ellen Mortensen nokon, men det er likevel liten tvil om at kritikken er retta mot den tidlegare leiaren for styret for dette programmet, historieprofessor Gro Hagemann ved UiO. I fylgje Mortensens artikkel gjekk ho av som leiar for styret for deretter sjølv å senda inn ein søknad om økonomisk støtte til eit prosjekt som ho delvis fekk innvilga.

Lite konstruktivt

I ein kommentar til Uniforum gir historieprofessor Gro Hagemann Ellen Mortensen honnør for å ha sett i gang ein debatt om Forskingsrådet.

- Ho peikar på nokre heilt reelle problem som spørsmål om habilitet, om kompetanse, om å lata søknadprosessen vera offentleg. Dette er spørsmål som blir diskuterte og bør diskuterast meir eller mindre kontinuerleg i forskarsamfunnet, og også i Forskingsrådet. Men eg synest ikkje at Ellen Mortensen bidrar på nokon seriøs og konstruktiv måte til denne debatten, slår ho fast.

- For det første verkar det som om ho ikkje har kunnskap om korleis dette systemet faktisk fungerer og kva som er den faktiske situasjonen for til dømes eit programstyre. Mengda av søknadar er som regel mykje større enn dei midlane som er til disposisjon. Ikkje minst gjeld dette innanfor Mortensens og mitt eige felt: humanistisk kjønnsforsking. Dette råkar mange prosjekt som det heilt klart er verdt å gi støtte til utan at det dermed treng liggja nokon konspirasjon bak, meiner Hagemann, som også synest Mortensen stiller for strenge krav til fordelinga av pengar.

Umoglege kriterium

- Ellen Mortensen stiller opp heilt umoglege kriterium for fordelinga. Med knappe midlar må det alltid være ein balansegang mellom ulike omsyn. At ein forskar ikkje søkjer om pengar frå eit styre som han eller ho deltar i, er opplagt. Men at heller ikkje noko styremedlem verken skal kunna ha eigne stipendiatar blant prosjekta eller kjenna nokon av dei som får pengar, er heilt urimelege krav. Det er også oppfatninga om at verv i Forskingsrådet i ein periode på fem til seks år skal utelukka ein forskar frå alle midlar som blir formidla gjennom rådet.

- Desse krava er jo slett ikkje i samsvar med Mortensens krav om at dei som fordeler midlane skal ha spisskompetanse på feltet og at dei ikkje skal ha verv i Forskingsrådet som ein "alternativ karriereveg", argumenterer Hagemann. Ho ser heilt klart at det er større sjanse for at forskarar kjenner kvarandre i Noreg enn i større land.

- I eit lite forskingsland som Noreg vil habilitetsgrenser vera vanskelege å trekkja. Svært mange kjenner kvarandre innanfor eit forskingsfelt og sjansen for å få søknadar på bordet som venner eller eigne studentar står bak er stor. Men også kompetansegrensene kan vera vanskelege å trekkja, særleg i tverrfaglege styre der ein også skal handsama søknadar frå andre fagområde enn sitt eige. Kan ein sosiolog skilja eit godt kunsthistorieprosjekt frå eit dårleg? Det ligg nokre mest umoglege balansegangar i dette.

- Dess meir spisskompetanse ein forskar har innanfor eit felt, dess større vil sjansen vera for at forskaren kjem opp i habilitetsproblem ved handsamingar av søknadar på dette feltet. Og dess større den faglege spreiinga er, dess større er risikoen for at vedkomande forskar kjem til å vurdera søknadar som han eller ho strengt tatt ikkje har kompetanse til å vurdera., konstaterer Hagemann.

Emneord: Forskningspolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 29. mai 2002 09:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere