Arresterte for å vera studentar
Rundt eit bord på restaurant Proffen sit seks menn i 80-åra og pratar om det som skjedde den 30. november 1943. Då blei dei saman med 1200 studentar og ein del universitetslærarar arresterte av tysk politi og tyske soldatar og samla i Universitetets Aula.
Dei seks mennene heiter Birger Nossum, Johan Baarli, C.F. Hasseltvedt, Knut Erik Tranøy, Sigmund Strømme og Knut Eidem. For desse seks enda arrestasjonen opp med nærare to år i forskjellige fangeleirar i Tyskland. Men arrestasjonen førte også desse mennene saman i eit vennskap som har vart i nesten 60 år. Ein gong i månaden samlast dei for å minnast tida i tysk krigsfangenskap.
Arrestasjonane
Den tidlegare historie- og engelskstudenten, Sigmund Strømme
fører ordet:
- Eg budde på Studenterhjemmet i Underhaugsveien, då det kom
rykter om det som skulle skje. Så fort eg kunne, fann eg fram
bøkene, og på veg ut kika eg gjennom vindauga og oppdaga at
huset allereie var omringa av tyske soldatar. Så blei eg
arrestert og ført til Aulaen. Heldigvis hadde eg tidlegare
klart å setja fyr på dei illegale avisene som eg og andre
studentar hadde oppbevart på instituttet i 2. etasje i
Aulaen, minnest Strømme.
Realfagsstudent Johan Baarlis historie er annleis.
- Dei tyske militære stoppa meg i Lille Grensen, oppdaga at
eg var student og førte meg direkte til Aulaen, fortel
Baarli.
- Arrestasjonen av meg skjedde på trikken til Sognsvann. Då trakk ein tysk sivilist ein pistol og tvang meg til å visa legitimasjonen min. Då fann han sjølvsagt ut at eg var student, og slik blei også eg ført til Aulaen, hugsar dåverande sosialøkonomistudent, Birger Nossum.
Filosofistudent Knut Erik Tranøy var på lesesalen då tyskarane kom. - Eg kollokverte gamalnorsk saman med Knut Aubert - som sidan fall i den store trefninga ved Grantangen i Eggedal i april 1945. Me blei varsla i tide, men sidan eg og familien min allereie hadde vore arresterte og i fengsel, var eg redd for at andre også skulle koma i heisen i staden for meg om eg hadde stukke av, fortel Tranøy.
Realfagsstudent C.F. Hasseltvedt blei arrestert på Farmasøytisk institutt medan han akkurat skulle til å ringja for å fortelja om det som heldt på å skje.
- Då blei telefonrøret brått slått hardt ut av handa mi av
ein tysk soldat. Deretter blei eg frakta til Aulaen, fortel
han. Der dukka Rikskommissær Josef Terboven og SS-general
Wilhelm Rediess opp. Sistnemnde skjelte ut studentane for å
ha handla som ei motstandsgruppe mot den tyske
okkupasjonsmakta, og for å ha deltatt i sabotasjehandlingar
og i illegale organisasjonar. Terboven gav Rediess i oppdrag
å erklæra at studentane skulle overførast til ein særskilt
leir, altså ingen konsentrasjonsleir, i Tyskland. Dei
kvinnelege studentane skulle permitterast frå universitetet
og dra til heimkommunane sine.
Dei seks 80-åringane på Proffen var blant studentane som blei
førte til ein interneringsleir i Stavern. Fem av dei var også
blant dei 291 første studentane som blei sende med
fangeskipet Donau til Stettin i Tyskland.
Hjernevask i SS-leir
- Me blei ført direkte til oppdragingsanstalten
(Erziehungsanstalt) Pölitz. Det blei eit grusomt opphald der
me blei stengde inne på eit bittelite rom.
Derifrå sende dei oss til St. Andreas, utanfor Sennheim i
Elsass, til ein SS-leir for "germanske frivillige". Tyskarane
trudde nemleg at dei skulle klara å indoktrinera oss til å
bli gode nasjonalsosialistar berre me kom oss bort frå
studentmiljøet i Oslo. Me fekk difor utdelt SS-uniformer, men
me nekta å bruka dei dersom ikkje SS-runer, dødningehovud,
hakekrossar og andre nazisymbol blei fjerna. Trugsmåla frå
leirleiinga var nyttelause, og til slutt blei merka fjerna.
- I nærare fem månader gjorde SS-folka alt dei kunne for å hjernevaska oss og innprenta oss naziideologien. På same måten som med SS-soldatane fekk me tatovert inn blodtypen vår på overarmen. Då tyskarane til slutt fann ut at hjernevasken ikkje hadde lykkast, blei me sette til hardt kroppsarbeid med to skift i døgnet, fortel Strømme, Baarli og Hasseltvedt.
Studentar i fangedrakt
I januar 1944 blei den andre gruppa på 350 studentar frå
Stavern sendt til Tyskland. Dei blei sende direkte til
konsentrasjonsleiren Buchenwald. Også her forsøkte tyskarane
å gjera studentane til gode nazistar gjennom undervisning i
naziideologi.
- I Moskva fekk dei nyss om at dei norske studentane fekk
dårleg behandling i fangeleirane i Tyskland. For å
demonstrera det motsette let tyskarane oss bli
studentar i fangedrakt ved universiteta i Freiburg og i
Heidelberg. Heile tida medan me var der, var me under oppsikt
frå SS-folka, så vanlege studentar var me
ikkje akkurat, fortel Eidem, Baarli og Strømme.
I desse byane opplevde dei også bombeåtaka frå dei
amerikanske og britiske flya.
- I Freiburg blei eg vitne til korleis 1000 engelske bombefly
la heile byen flat og etterlet seg 20 000 døde i ruinane på
eit bombetokt, fortel Baarli.
- Me opplevde truleg alt som det går an å oppleva i ein krig
av bombeåtak, å bli skotne på og av dårleg fangebehandling,
legg han til.
- Det var berre ein utruleg flaks som gjorde at me overlevde opphaldet i Tyskland, meiner nokon av dei. For Sigmund Strømme tok fangenskapen slutt etter at han nytta høvet til å rømma etter forvirringa etter eit alliert bombeåtak, og han fekk kontakt med dei amerikanske styrkane som engasjerte han som tolk mellom dei og tyskarane. For dei andre kom redninga i form av Dei kvite bussane til Raudekrossen og svensken Folke Bernadotte.
- Til slutt kom me til ein leir i Sverige for å kvitta oss med moglege smittsame sjukdomar frå opphaldet i Tyskland, seier Baarli.
- I den fangeleiren der eg sat, heldt me på å spela eit slag
kort den 9. mai,
då det brått var nokon som ropte; Noreg er fritt. Krigen er
over! Me reagerte me å spørja "Kven er det som gir neste
kort? Grunnen var at me gjennom så lang tid og med så mange
forskjellige meldingar, reagerte ved ikkje å reagera,
forklarar Nossum.
Heimkomsten
Den 25. mai 1945 kom toget med tysklandsstudentane til Østbanestasjonen i Oslo. 17 av dei 650 studentane kom ikkje tilbake. Dei mista livet under fangenskapen i Tyskland.
Seinare blei det kjent at Josef Terboven blei kalla inn på
teppet til Hitler,
Goebbels og Himmler i Tyskland for å ha gitt ordren om
arrestasjonen av dei norske studentane. Alle tre meinte at
det hadde vore eit feilgrep, ikkje fordi dei tenkte på
studentane, men på grunn av frykta for den internasjonale
reaksjonen i dei nøytrale landa.
Påskotet til Terboven for å arrestera studentane, var det faktum at fire personar med tilknyting til motstandsmannen Petter Moen den 28. november sette fyr på Aulaen.
Tyskland i dag
- Kva inntrykk har de av Tyskland i dag?
- Eg har dratt tilbake til Tyskland kvart år sidan krigen, og mi oppfatning er at den nye generasjonen tyskarar er av ei heilt anna støyping enn krigsgenerasjonen, meiner Sigmund Strømme.
- I dei åra eg jobba for forskingssenteret CERN i Sveits,
heldt me tyskarane utanfor både styring og forsking heilt
fram til 1965. Deretter slapp me dei til for fullt, og i dag
er dei i fremste rekkje i Europa både når det gjeld
forsking og økonomi, konstaterer Baarli.
Når det gjeld fangeskapen i Tyskland, er det ein person dei gjerne vil gi ros til.
- Dottera til universitetsrektor Didrik Arup Seip, 20 år
gamle Wanda Hjort, kartla kvar alle dei norske fangane var i
Tyskland. Då krigen var over, var
det mogleg for dei norske styresmaktene å finna ut kvar dei
norske krigsfangane var, takka vera hennar arbeid, fastslår
vennegjengen som alle redda livet, men også blei venner for
livet etter fangenskapen i Tyskland.
(Andre kjelder: Anders Bratholm: Den tyske aksjonen mot
Universitetet for 50
år siden, Arild Klemmetsrud: Kampen om Universitetet, begge
artiklar frå Per G. Norseng (red.) Universitetet stengt,
Universitetsforlaget, 1994)
For å kommentere på dette dokumentet må du logge inn.
Om du ikkje har UiO- eller Feide-brukarnamn, kan du opprette ein WebID-brukar.