Tre nøtter for nettet

Telenor, Microsoft og Infosoc er dei største nøttene å knekka for vidare utvikling av Internett i Norge.

Håkon Wium Lie (foto: Opera software)

Det var påstanden til Chief Technology Officer Håkon Wium Lie i det norske nettlesarselskapet Opera under SKIKT-konferansen 2002. Han brukte sitt eige selskap som utgangspunkt for å snakka om rammevilkåra for norske IT-bedrifter, og presenterte nærmast ein historie utan små grisar, men med tre store stygge ulvar.

Den store stygge ulven 1: Telenor

Telenor si dobbeltrolle som leverandør av både nett og innhald er svært uheldig, hevda Lie. Sidan Telenor fekk med seg eigedomsretten til koparnettet då selskapet vart privatisert, vil vi aldri kunna få tilsvarande situasjon som i enkelte andre land, der bruken av nettet er gratis når ein fyrst har kopla seg opp. Lie meinte det var som å selja motorvegane i Norge til Volvo. I staden for har vi ein situasjon der folk stadig har medvitet om at teljarstega tikkar gnagande i bakhovudet. Det gjer at nettbruken ikkje vert like stor som den kunne blitt.

Den store stygge ulven 2: Microsoft

Microsoft sine freistnadar på å få ein monopolsituasjon på WWW er etter kvart mykje omtalte, etter maratonrettssaka der selskapet er tiltalt for å bryta dei strenge antitrustlovene i USA. Sidan nettlesaren Internet Explorer (IE) er ein integrert del av operativsystemet Windows, får den naturlig nok ein stor del av marknaden, sidan Windows er det suverent mest brukte operativsystemet i verda. Koplinga mellom Windows og IE samanlikna Lie med å tvinga kunden til å kjøpa eit TV-apparat når du selde han ein lenestol.

Microsoft introduserer òg ustandardisert kode for nettsider, som gjer at brukaren må ha den Microsoft-produserte nettlesaren Internet Explorer for å ha fullt utbyte av sidene. Lie, som sjølv har vore med på å utvikla standarden for teknologien CSS, stilte spørsmålsteikn ved at norske styresmakter så kritikklaust baserer seg på Microsoft-produkt, utan å vurdera alternativ som det gratis operativsystemet Linux. Og Opera.

Den store stygge ulven 3: Infosoc

Infosoc er EU sitt apparat for å lovregulera det digitale området. Blant lovforslaga, som òg kan koma til å bli vedtekne i Norge, er eit forbod mot å opna kjeldekode som er lukka. Lie frykta at dersom desse lovene vert vedtekne, kan vi få eit ras av rettssaker frå Microsoft mot mindre programleverandørar som har opna koden for betre å tilpassa produkta sine til Windows. Økokrim sin tiltale mot 18-åringen Jon Johansen, som knekte koden for kopieringssperra på DVD-plater, er grunnlagt på same prinsipp, og Lie meinte Infosoc var som skreddarsydd for saka mot DVD-Jon, som han vert kalla.

Lie tok i staden til orde for at norske styresmakter må gå inn for løysingar som baserer seg på open kjeldekode, og presenterte eigenformulerte framlegg til lovtekstar. Det skein likevel gjennom at han ikkje hadde særlig tiltru til styresmaktene i denne saka.

SKIKT-konferansen vart arrangert av Norges forskningsråd, i samarbeid med Den Norske Dataforening og InterMedia, Universitetet i Oslo.

Uniforum rettar: Denne saka vart fyrst publisert under tittelen "Tre nøtter for norske Opera". Det var ei mistyding av Lie sitt innlegg, som ikkje handla om spesielle vanskar for Opera, men for Internett i Norge generelt, Vi beklagar feilen.

Emneord: SKIKT 2002 Av Torstein Helleve
Publisert 10. apr. 2002 18:27 - Sist endra 10. des. 2008 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere