Teologi med kultur og kjønnsstudiar

Kristendomskunnskap og teologi blir naturleg nok hovudtilbodet til Det teologiske fakultetet også etter at Kvalitetsreforma er innført hausten 2003. Men studiet av kristendomskunnskap vil bli ein del av studieprogram i kultur og identitet, religion og kvinne- og kjønnsstudiar.

- Det beste ville vera å innføra karakterane bestått/ikkje bestått og driva med mappeevaluering av kvar student, meiner prodekan for utdanning ved TF, Helge S. Kvanvig.
Foto: Martin Toft

- Naturleg nok har me jobba mest med fordjupingsområdet i kristendom og teologi og korleis me skal få innpassa desse faga i dei nye studieprogramma. Det arbeidet er me ferdig med, og me har naturleg nok enda opp med eit studieprogram i teologi og kristendomskunnskap, seier prodekan for utdanning, Helge S. Kvanvig til Uniforum.

Tverrfakultært

- Men mange av våre studentar har heile tida valt støttefag frå andre fakultet. Difor har me også etablert fleire tverrfakultære studieprogram, legg han til.

Blant desse studieprogramma finn me tema som religionsstudiar og kultur og identitet i samarbeid med Institutt for kulturstudiar, kvinne- og kjønnsstudiar i samarbeid med Senter for kvinne- og kjønnsforsking og antikk kultur og klassisk tradisjon i samarbeid med Klassisk og romansk institutt.

- Alle dei som tar kristendom som eit grunnfag eller mellomfag hos oss i dag, kombinerer det oftast med støttefag frå andre fakultet. Det avspeglar også dei studieprogramma me har snikra saman. Føresetnaden for at desse studieprogramma skal bli vellykka er også at studentane får ein fagleg identitet og at dei har eit innhald som gir fagleg utbyte for studentane, understrekar Kvanvig. Studieprogrammet i teologi og kristendom er fordjupingsstudium som er spesielt retta inn mot dei som vil bli prest eller ha ei anna kyrkjeleg stilling.

- Med innføringa av den nye mastergraden vil teologistudiet ta fem år, eitt halvt år kortare enn i dag, og med eitt år med praktisk-teologisk seminar, vil det vara i seks år. Denne studiemodellen blir sjølvsagt også koordinert med Menighetsfakultetet, fortel Kvanvig.

Engasjerte

Dei vitskaplege tilsette ved TF-fakultetet har tidlegare vist ei ganske avventande haldning til framlegga til Mjøsutvalet.

- No har dei derimot blitt skikkeleg engasjerte, og det er blitt jobba mykje med dette i ulike fagmiljø. Det hjelper nok ganske mykje på tilliten til Kvalitetsreforma at professor Turid Karlsen Seim var med i Mjøsutvalet, og at professor Tarald Rasmussen leiar styringsgruppa for gjennomføringa av Kvalitetsreforma ved UiO, slår han fast.

Mappeevaluering

Helge S. Kvanvig håpar likevel ikkje utvidinga av studieåret vil gå utover forskarane si tid til å oppdatera seg fagleg og driva forsking.

- Viss evalueringa og oppfylginga av kvar student skal ta så mykje tid at forskarane ikkje får tid til å driva forsking, vil dei fort gå lei og resultatet kan bli dårleg undervisning. Me har rekna ut at med desse studieprogramma vil studentane vera oppe til eksamen seks gonger i året. Då er det faktisk betre å innføra karakterane bestått/ikkje bestått og driva med mappeevaluering, foreslår Kvanvig.

Studieprogramma blir endeleg vedtatt av fakultetsstyret i juni.

Dette er studieprogramma der TF-fakultetet deltar:

Studieprogram for teologi og kristendomskunnskap
Studieprogram for religionsstudiar
Studieprogram for kulturstudiar:
Kultur og identitet
Europas idear: historiske studiar av teoriar, ideologiar og mentalitetar

Studieprogram i kvinne- og kjønnsstudiar
Studieprogram i antikk kultur og klassisk tradisjon

Emneord: Undervisning Av Martin Toft
Publisert 18. apr. 2002 10:30 - Sist endra 10. des. 2008 15:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere