Regjeringsstrategi for elektronisk innhald

Offentleg sektor skal moderniserast, norsk språk og kultur skal styrkast, samstundes som demokratiet skal styrkast gjennom auka medverknad i dei demokratiske prosessane. Det er blant måla for regjeringa sin "Strategi for elektronisk innhald", som vart lansert på SKIKT-konferansen 2002.

Strategien er ein del av eNorge-planen.

- Dette dokumentet gjev ikkje alle svara, men peikar på kva som må løysast for at vi skal kunna nytta potensialet i dei digitale media, sa statssekretær Oluf Ulseth frå Nærings- og handlesdepartementet då strategien vart lagt fram i Gamle Logen onsdag. Rykande fersk var den, så fersk at dei utdelte kopiane hadde med heile innhaldet to gonger.

- Det er ei utfordring å ta vare på norsk språk og kultur i ei verd der mykje av informasjonen vi får, er på engelsk, sa Ulseth, etter å ha starta innlegget sitt med slagordet "Content is king". Men rett skal vera rett, resten av presentasjonen gjekk føre seg på morsmålet.

Ulseth kunne ikkje anslå kor mykje pengar som ville verta brukt til å setja strategien ut i livet, men meinte at strategien ikkje var noko pengeprosjekt i seg sjølv, men at den skulle fungera som ei rettesnor. Mellom avklaringane som må gjerast, trekte han fram spørsmålet om Staten skal ta seg betalt for tenester, og i tilfelle kva tenester. Dette spørsmålet må sjåast i lys av ynskjet om næringsutvikling innan elektronisk innhald, der ein kan tenkja seg situasjonar der Staten kjem i ein konkurransesituasjon med private.

Åtte departement har teke del i utforminga av strategidokumentet, som listar opp fem område der ein vurderer å setja i gang pilotprosjekt:

  1. elektroniske kart og digitale geodata
  2. språkteknologi
  3. kunnskapskjelder på norsk
  4. utnytting av elektronisk informasjon i helsevesenet
  5. samisk IT.

Strategidokumentet er ein del av eNorge, ein plan for å skunda på utviklinga av kunnskapssamfunnet. Planen fylgjer opp det tilsvarande tiltaket frå EU, eEurope.

Krevande kunde

- Dette får ingen store direkte konsekvensar for UiO, seier webredaktør John Baarli etter ein foreløpig gjennomgang av strategien.

- Mykje dreiar seg om Staten si rolle i høve til private aktørar, og om korvidt det offentlege skal ta seg betalt for tenester på nett. Dette er ikkje det som er mest aktuelt for oss i dag, seier Baarli. - Men når det vert snakka om prising av gjenbruk av offentleg informasjon, er jo det ein debatt vi bør fylgja med på. Statssekretæren peika då òg på at å produsera informasjon på nett langt frå er kostnadsfritt.

- Diskusjonen om opphavsrett til elektronisk informasjon må vi òg halda eit lite auge med.

- Eitt av områda som dokumentet trekkjer fram er arkiv, bibliotek og museum (ABM), og oppgåva med å gjera basisdata tilgjengelige på nett. Her ligg UiO alt i dag langt framme.

- Dei delane som angår UiO direkte, blant anna kapitlet om tilgjengelegheit for alle, er i tråd med dei retningslinjene som EU alt har fastsett i sine retningslinjer, og i tråd med den politikken vi har hatt i fleire år. Dokumentet slår fast at det offentlege bør spela ei rolle som ein krevande kunde, og den rolla kan eg trygt slå fast at UiO lenge har teke i vare. Det har mange av dei eksterne leverandørane våre fått merka, smiler han.

- Med atterhald om at eg ikkje kjenner godt nok til dei andre dokumenta som utgjer eNorge, synest eg vel at denne strategien godt kunne gått endå lenger i å spikra standardar for offentleg informasjon på nett.

SKIKT-konferansen vart arrangert av Norges forskningsråd, i samarbeid med Den Norske Dataforening og InterMedia, Universitetet i Oslo

Emneord: SKIKT 2002 Av Torstein Helleve
Publisert 10. apr. 2002 18:44 - Sist endra 10. des. 2008 15:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere