- Omstillingsavtalen må opp i Kollegiet!

Omstillingsavtalen må handsamast på nytt i Kollegiet som ei vedtakssak. Det krev kollegierepresentantane Kristian Mollestad og Ulrik Sverdrup i eit brev til universitetsdirektør Tor Saglie. Rektor Arild Underdal avviser kravet.

- Omstillingsavtalen må behandlast på nytt i Kollegiet, krev representantane Kristian Mollestad og Ulrik Sverdrup.
Foto: Ståle Skogstad

- Ynsket vårt er ikkje nokon ny omstillingsavtale, men ei reforhandling av dagens avtale der setninga som garanterer at "ingen skal seiast opp under omstilling" er med. Så vidt me forstår er universitetsdirektør Tor Saglie ikkje innstilt på å ha med denne setninga. Og så lenge han står fast på det, blir det vanskeleg å få fagforeiningane til å gå med på å reforhandla ein avtale som dei veit vil bli dårlegare enn den eksisterande, seier Sverdrup og Mollestad til Uniforum.

- Tre gonger tidlegare blei spørsmålet om omstillingsavtalen fremja som ei vedtakssak av universitetsdirektøren utan å bli vedtatt. Difor må han vera den første til å forstå at dette er ei viktig sak som han sjølv også må ha interesse av kjem opp i Kollegiet som ei vedtakssak, og ikkje berre som ei orienteringssak som under det førre kollegiemøtet, meiner dei to kollegierepresentantane. Begge er opptekne av å understreka at omstillingsavtalen gjeld for alle dei tilsette ved Universitetet i Oslo.

Oppseiingsvern

- Tidlegare har det stort sett vore dei teknisk/administrativt tilsette som har merka noko til omstillingar. Med iverksetjinga av Kvalitetsreforma ser me for oss at det kan koma langt fleire omstillingsprosessar som også vil få fylgjer for dei vitskapleg tilsette. Det er difor heilt sjølvsagt at dei skal ha det same oppseiingsvernet som dei teknisk/administrativt tilsette har hatt til no, og at Kollegiet i samband med dette kan ansvarleggjerast, meiner Mollestad og Sverdrup.

Sist gong spørsmålet om oppseiing av omstillingsavtalen var oppe i Kollegiet, var 19. juni 2001. Då blei forslaget nok ein gong trekt og erstatta med eit framlegg frå dåverande prorektor Rolv Mikkel Blakar om å gi universitetsdirektøren fullmakt til å reforhandla UiOs avtaleverk knytt til omstilling med sikte på forenklingar av regelverk og prosedyrar.

I vedtaket blei det også understreka at formålet var å forhandla fram ei avtalemessig klargjering av Kollegiets intensjon om at UiO - så langt det er mogleg - skal unngå oppseiingar som fylgje av omstilling.

Dialog

- Siktemålet med det framlegget var jo å ta ein runde til og føra vidare ein dialog mellom universitetsleiinga og fagforeiningane i staden for berre å seia opp omstillingsavtalen, seier Blakar i ein kommentar til Uniforum.

I ei klargjering til Kollegiet frå 9. april peikar universitetsdirektør Tor Saglie på at han som oppfylging av dette vedtaket har sagt opp UiOs generelle omstillingsavtale og som alternativ opna for at prinsippa knytte til omstilling kan innarbeidast i tilpassingsavtalen til universitetet, eller den lokale varianten av Hovudavtalen mellom Staten og arbeidstakarorganisasjonane. Dette er ikkje eit ynske som Mollestad og Sverdrup deler med Saglie.

Reforhandling

- Nei, me ynskjer ei reforhandling av omstillingsavtalen og ikkje noko innarbeiding av prinsippa frå omstillingsavtalen i tilpassingsavtalen, påpeikar dei to.

Dei viser også til at ekspert i arbeidsrett, professor Henning Jakhelln i ein kommentar til den nye universitetslova har peika på behovet for ei langsiktig og gjennomtenkt planlegging om universiteta og høgskulane går til oppseiing av vitskapleg tilsette på grunn av den lange tida det tar å byggja opp eit fag.

- Difor må universiteta og høgskulane tenkja på konsekvensar på lang sikt om dei skulle gå til oppseiingar av vitskapleg tilsette. Årsaka til at universitetsdirektøren ynskjer å seia opp omstillingsavtalen, er truleg fordi han vil ha større rom til å spara inn pengar enn i dag i tilfelle nedgangen i studenttalet og i vekttalsproduksjonen skulle halda fram, meiner Mollestad og Sverdrup, som krev at saka kjem opp til ny handsaming på kollegiemøtet 7. mai.

Avviser

Rektor Arild Underdal avviser dette kravet.
- I kollegiemøtet 9. april tok Kollegiet orienteringa til universitetsdirektør Tor Saglie til etterretning. Fleirtalet av kollegierepresentantane stemte også imot eit framlegg om å få saka opp som vedtakssak på møtet 7. mai. Eg ser difor ingen nye moment i denne saka som skulle gi grunnlag for ny behandling, seier Underdal til Uniforum.

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2002 11:54 - Sist endra 10. des. 2008 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere