- UiO må spesialisera seg

- Alle universitet må spesialisera seg. Ingen universitet kan lenger dekka alle fag like godt. Dette må også Universitetet i Oslo ta ad notam.

- Me har aldri tidlegare møtt ei så open haldning og så stor grad av sjølvkritikk som her ved UiO, sa Inge Johnsson t.v. og John L. Brennan, som begge er med i den eksterne evalueringsgruppa.
Foto: Martin Toft

Det sa Inge Johnsson, som er leiar for den eksterne og internasjonale gruppa som skal evaluera UiO som utdanningsinstitusjon, då han 22. februar gav ei munnleg oppsummering av dei viktigaste tinga gruppa hadde notert seg under det 3 ½ dagar lange besøket ved UiO. Samtidig var han overraska over kor opne og frittalande både leiinga og andre tilsette ved universitetet var om situasjonen ved denne utdannings- og forskingsinstitusjonen.

Imponert over EVA

- Eg er ikkje minst imponert over UiOs sjølvevalueringsrapport (EVA-rapporten). I løpet av dei siste åra har eg lese om lag 15 slike rapportar, og er ikkje i tvil om at dette var den ærlegaste og beste rapporten eg nokon gong har lese. Den blir eit svært godt verkty for oss før me leverer vår eksterne evalueringsrapport i mai, sa Johnsson, som er tidlegare rektor ved Stockholms universitet.

Han hadde også notert seg at det stort sett berre er Noregs forskingsråd som fungerer som ekstern finansieringskjelde av forskinga ved UiO.

- I Sverige er situasjonen sånn sett mykje betre fordi det finst svært mange halvoffentlege forskingsfond som kan finansiera arbeidet til forskarane, konstaterte han.

Gamaldags styringssystem

Johnsson hadde dessutan notert seg at mange av dei vitskapleg tilsette var klar over at dagens undervisningsmetodar ikkje lenger held mål.

- I tillegg var mange av dei opne for å tilsetja instituttstyrarar på åremål. Dei var overtydde om at dagens styringssystem ved universiteta hadde hatt stor suksess når det galdt å lata universiteta overleva som institusjonar i mest like mange år som Den katolske kyrkja, men at styringssystemet fungerer dårleg til å få gjennomført reformer. Likevel har me også registrert ein stor grad av konservatisme blant dei tilsette på institutta som ikkje er særleg oppglødde over ideen om å endra på det tradisjonelle pensumet i faget sitt. Heller ikkje me ynskjer endringar som kan truga dei to hovudaktivitetane til UiO, nemleg forsking og undervisning, understreka Jonsson, som såg Kvalitetsreforma som ein reiskap som ville kunne gjera det lettare enn nokon gong å få til reformer ved universitetet.

- Den vil truleg føra med seg ein del strukturelle reformer ved institusjonen også. Dette viser at ytre press er naudsynt for å få til endringar i gradsstrukturen og organisasjonen ved UiO. Eg vil på det sterkaste oppfordra universitetsleiinga til å gjera det lettast mogleg å ta fag på tvers av fag- og fakultetsgrenser, meinte Johnsson. Han etterlyste dessutan ei enda sterkare grad av internasjonalisering.

- Det er altfor få utanlandske studentar her, og dessutan kunne den pedagogiske opplæringa av studentane vore mykje betre, slo han fast før han la til:

- Men UiO har eit godt grunnlag for ei strålande utvikling fordi det finst mange ting som universitetet kan vera stolt av, blant anna intelligente og aktive studentar og gode forskarar som alle har tilgang til eit vakkert universitetsbibliotek.

Gjer studentane nøgde!

Også direktør John L. Brennan ved Centre for Higher Education Research and Information i London var imponert over den opne haldninga han og dei andre medlemane av gruppa var blitt møtt med.
- Eg har besøkt mange universitet med same ærend som under dette besøket. Alle stader så presenterer universitetsleiinga sin institusjon som ein av verdas beste. UiO er også størst, eldst og eit hovudstadsuniversitet. Men til skilnad frå dei andre universiteta er leiinga og dei tilsette meir opne og ærlege om korleis den faktiske situasjonen ved universitetet er.

- Mitt råd til dykk er at det må gjera alt det kan for at studentane blir nøgde med UiO. For det er dei som går ut i samfunnet etterpå og fortel kva inntrykk dei hadde av studietida si ved Noregs største universitet. Og om dei blir politikarar, kan jo det få store konsekvensar for UiO.

Stå-på-vilje

Tidlegare rektor ved Universitetet i Bergen, Ole Didrik Lærum er også medlem i den eksterne evalueringsgruppa. Mange av dei tilsette hadde gjort eit sterkt inntrykk på han.

- Eg har aldri tidlegare sett ein så stor stå-på-vilje og så stor vilje til fleksibilitet som akkurat no. Ved MN-fakultetet opplevde eg at dei vitskapleg tilsette var opptekne av å skapa nye ting, trass i problema med at studenttalet går nedover. Det same inntrykket fekk eg frå dei vitskapleg tilsette ved Det medisinske fakultetet. Med ei slik positiv haldning er allereie ein god del av arbeidet med å gjera universitetet betre gjort, påpeika han. Likevel hadde han merka seg ein ting som universitetet kunne utnytta enda meir enn i dag.

- Kontakten med Forskingsparken og dei andre sentra kan bli mykje betre. Dei tilsette i randsona til UiO vil gjerne at UiO brukar ressursane deira enda meir enn i dag, var inntrykket til Lærum. Når det galdt studentmiljøet, så virka det ikkje som den tidlegare frykta sementørkenen Blindern hadde negative verknader på studentaktivitetane.

- Dei studentane som er aktive med å skaffa seg venner, blir umiddelbart sosialisert inn i ein av dei mange studentorganisasjonane på Blindern, sa Lærum. Eit anna medlem av evalueringsgruppa, fylkesmann Tora Aasland i Rogaland, hadde bite seg merke i at det var spesielt ei lov som fungerte bra ved UiO.

- Jantelova er diverre svært levande ved UiO. Eg håpar de kan laga ei alternativ lov til Jantelova. For det er ei gamaldags lov som me slett ikkje har bruk for.
Den internasjonale evalueringsgruppa skal vera ferdig med rapporten sin i byrjinga av mai.

Desse personane er med i den internasjonale evalueringsgruppa:

Professor Inge Johnsson, Stockholms universitet (leiar)
Direktør John L. Brennan, Centre for Higher Education Research and Information, London
Rektor Torger Reve, Handelshøyskolen BI
Fylkesmann Tora Aasland, Rogaland fylke, Stavanger
Professor Ole Didrik Lærum, Universitetet i Bergen
Student Signe Sætra Aanby, Oslo

Emneord: Universitetspolitikk, EVA Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2002 13:59 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere