Det var i samband med den auka spenninga i verda etter terroråtaka mot World Trade Center og Pentagon 11. september, Justisdepartementet sette i gang arbeidet med å koma med framlegg til nye tiltak mot internasjonal terrorisme. No har Institutt for menneskerettar gått i gjennom lovtiltaka og kritikken mot Justisdepartementets framlegg er svært hard.
Kan råka solidaritetsarbeid
Institutt for menneskerettar er skeptisk til at det blir innført ei generell lovgjeving mot terrorhandlingar, og er dessutan uroa over at denne lovgjevinga vil kunne femna for vidt.
I høyringsfråsegna understrekar instituttet at dersom ein likevel vel ei slik løysing, er det naudsynt å skilja mellom internasjonale terrorhandlingar og politisk eller ideologisk motiverte handlingar utført av motstandarar av regimet i eige land.
Det blir peika på at eit slikt skilje ikkje blir gjort i det utkastet som ligg føre. Dermed oppstår faren for at til dømes solidaritetsarbeid med opposisjonelle miljø vil kunne råkast av dei foreslåtte reglane mot finansiering av terror, meiner instituttet, som også understrekar at ein bør vera forsiktig med å lata det vera straffbart å førebu terrorhandlingar.
Mistanke grunn til overvaking
Det peikar også på det faktum at utkastet går inn for at det kan setjast i gang overvakingstiltak berre på grunn av mistanke om førebuing av terrorhandlingar. Instituttet understrekar også behovet for ei grundigare drøfting av framlegget sitt forhold til Den europeiske menneskerettskonvensjonen og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar.
Etter Justisdepartementets tolking er alle lovframlegga i høyringsbrevet i samsvar med Den europeiske menneskerettskonvensjonen, og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Dersom det skulle oppstå konflikt mellom bindande vedtak i Tryggingsrådet i FN og Den europeiske menneskerettskonvensjonen, er oppfatninga til departementet at vedtaket i Tryggingsrådet vil gå føre. Institutt for menneskerettar meiner derimot at det ikkje er grunnlag for ein slik påstand.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere