Nytt informatikkbygg klart i 2005

Det blir truleg gitt klarsignal for bygging av nytt informatikkbygg i Gaustadbekkdalen under handsaminga av revidert budsjett til våren. Det er klart etter at Stortingets KUF-komité ber regjeringa om at IFI-bygget må reknast som eit ordinært statleg byggjeprosjekt. - Eit nytt bygg kan truleg stå klart i 2005, seier assiterande universitetsdirektør Inger Stray Lien til Uniforum.

Slik ynskjer UiOs arkitektar at det nye informatikkbygget skal sjå ut når det står ferdig i 2005 (Teikning: Tekn.avd.)

KUF-komiteen kjem samtidig med framlegg om at regjeringa i revidert budsjett må koma med ei avklaring på finansieringsbehovet for IFI II-bygget. Komiteen føreset at Universitetet i Oslo har midlar som kan omdisponerast til detaljprosjektering av IFI II-bygget.

UiO blir byggherre

Dersom dette framlegget blir vedtatt, vil det seia at eit nytt informatikkbygg ikkje berre skal leigast av UiO, men at UiO også skal stå som byggherre. I det opprinnelege framlegget skulle Forskingsrådet stå som byggherre og så leiga bygget ut til Institutt for informatikk ved UiO.

Instituttleiar Odvar Søråsen ved Institutt for informatikk er strålande nøgd med framlegget frå KUF-komiteen.
- Det er klart eg er glad for dette når det verken i Stoltenbergs opprinnelege budsjettframlegg eller i Bondevik-regjeringas framlegg til budsjettendringar ikkje var nemnt noko om nytt informatikkbygg i heile tatt. Så vidt eg forstår står også ein samrøystes komité bak framlegget om å setja i gang forprosjekteringa av dette bygget, og det er jo svært gledeleg.

- Var det demonstrasjonen nyleg som var utslagsgjevande for at KUF-komiteen no kjem med dette framlegget?

- Eg trur at engasjementet frå studentane og dei tilsette blei lagt merke til, men det er nok fleire initiativ som til saman har vore utslagsgjevande for dette. Rektoratet ved UiO har stått på og brukt alle sine politiske kontaktar. I tillegg har me fått oppslag over den vanskelege romsituasjonen i Computerworld. Også arbeidsgjevarorganisasjonen for IKT-næringa, Abelia, med direktør Paul Chaffey og Jørn Sperstad i brodden, har vore på synfaring i den gamle bygningen til Preklinisk odontologi på Blindern som i dag fungerer som undervisningslokale for profesjonsstudiet i informatikk.

- Etter det besøket , skreiv dei eit brev til politikarane der dei klart understreka behovet for bygget vårt. Instituttleiiinga og universitetsleiinga har også kvar for seg hatt møte med fraksjonsleiarane i KUF-komiteen. Så om me enno ikkje har ei konkret pengeløyving klar, er det i alle fall gått hol på byllen sidan planane om nytt informatikkbygg er kome inn i merknadane i framlegget til statsbudsjett for neste år, seier Søråsen.

Bygglovnad hindra flytting til Fornebu

Bakgrunnen for denne saka var at Stortinget hausten 1998 vedtok at det skulle byggjast eit stort tilbygg til Informatikkbygningen på Blindern/Gaustadbekkdalen. Bygningen skulle altså finansierast av Noregs forskingsråd, og leigast ut til Universitetet i Oslo. Stortinget skulle så tilføra Universitetet dei naudsynte friske midlane for å dekka husleiga. Vedtaket var også det som skulle til for ät framlegget om å flytta heile Institutt for informatikk til IT-Fornebu ikkje fekk nokon oppslutnad. Difor har instituttet heile tida stått på at lovnadane om nytt informatikkbygg måtte oppfyllast av Stortinget. Dei tilsette har vist til at instituttet er i ein sterk oppbyggingsfase, og at det i sommar starta opp eit nytt 5-årig profesjonsstudium i informatikk.

Saka losnar

Også assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien ser lysare på utsiktene til at eit nytt informatikkbygg kan realiserast etter at det har kome inn som eit konkret vedtak i budsjettmerknadane til KUF-komiteen.

- Me trur denne saka losnar no, og er kjempeglade for det, seier ho til Uniforum. Planlegginga av bygget er så vidt komen i gang.
- Bygget er til no teikna ut som eit skisseprosjekt for å ha eit visst bilete av kva tomta gir plass til og for å kunna få eit grovt overslag over kostnadane. Det neste som må skje er å setja i gang meir detaljert prosjektering tilstrekkeleg for byggemelding og i neste omgang for innhenting av tilbod på bygginga. Det vil truleg ta om lag eitt år for eit så stort bygg. Planhandsaminga til kommunen kan om alt går greitt vera klar tidleg i 2003 slik at det truleg er ein realistisk byggjestart, fortel Stray Lien. Viss bygginga kjem i gang i løpet av 2003 vil bygget stå klart i 2004 eller tidleg i 2005. Me må tala med departementet og med Statsbygg på nyåret om korleis arbeidet skal leggjast opp.

- Byggjekostnadane kan delast på statsbudsjettet for 2003 og statsbudsjettet for 2004, seier ho.

UiOs rektor er svært nøgd med dei positive signala frå KUF-komiteen.
-Dette er ein stor siger for Universitetet i Oslo, så sant dette går i orden, seier rektor Kaare R. Norum i ein kommentar til Uniforum.

Emneord: Økonomi, Informatikk, Ny informtikkbygning Av Martin Toft
Publisert 14. des. 2001 13:51 - Sist endra 10. des. 2008 15:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere