Forskingsrådet bør framleis styra Forskingsfondet

*Fondet for forsking og nyskaping bør framleis liggja under Forskingsrådet
* Forskingsrådet bør i det store og det heile vera organisert som i dag, men rammevilkåra bør bli betre
* Forskingsrådet må bli meir tema- og mindre sektororientert
* Noreg bør satsa på forsking og utvikling på same måte som Finland gjorde i økonomiske krisetider

Dette er dei viktigaste konklusjonane i evalueringa av Noregs forskingsråd, som er utført av den internasjonale Technopolis-gruppa. Evalueringsrapporten blei overlevert til utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet torsdag 20. desember 2001.

Ikkje samsvar mellom mål og ressursar

Evalueringsgruppa meiner formålet med å slå saman dei fem tidlegare forskingsråda til eit sentral forskingsråd var god, men at rammevilkåra Noregs forskingsråd fekk, ikkje var gode nok til at det var mogleg å hausta fruktene av denne reforma. Måla stod altså ikkje i forhold til dei ressursane som Forskingsrådet fekk til disposisjon.

Difor har det vore ei umogleg oppgåve for Forskingsrådet å innfri alle dei forventingane som politikarane og forskingsaktørane hadde rekna med, understrekar evalueringsgruppa. Ikkje minst den norske forskingspolitikken frå 1990 og fram til 1998 får sitt pass påskrive av dei åtte europeiske forskarane som har deltatt i denne evalueringa.

Analyseteamet har vore sett saman av evalueringsekspertise frå den Technopolis-gruppa, tyske Fraunhofer-ISI og Universitetet i Twente i Nederland. Evalueringa er blitt kvalitetssikra av ei gruppe leia av professor Arie Rip ved Universitetet i Twente.

Budsjettkutt i fødselsgåve

Forskingsrådet fekk store budsjettkutt i fødselsgåve i tillegg til at rådet måtte strida med fleire år med likesæle frå regjeringshald fram til slutten på 1990-talet. Det førte til at Forskingsrådet låste seg inn i interne konfliktar og budsjettkampar, heiter det i rapporten.

Departementa gjorde dessutan alt dei kunne for å forsvara forskinga innanfor sine sektorar. Verken dei pårekna pengane eller den naudsynte sjølvstyret blei gitt til Forskingsrådet. Heller ikkje den store auken i forskingsbudsjetta som forskingsmiljøa hadde rekna med, gjekk i oppfylling. Det var årsaka til at Forskingsrådet fekk skulda for den feilslåtte nasjonale forskingspolitikken, står det i rapporten.

Likevel tilrår ikkje evalueringsgruppa at Forskingsrådet på nytt blir delt opp i fem mindre forskingsråd, og heller ikkje at det blir oppretta eit eige grunnforskingsråd. Konklusjonen er at med betre rammevilkår, så vil dei måla som opprinneleg blei sette for Forskingsrådet, bli oppfylte i mykje større grad enn i dag. Dei trur også at nye satsingsområde som FUGE-prosjektet (funksjonell genomforsking) ville bli skadelidande om Forskingsrådet hadde gått gjennom nye endringar av organisasjonen.

Difor vil dei ikkje tilrå den norske regjeringa å fylgja den svenske modellen med eit nasjonalt forskingsråd som ein paraply over eit forskingsråd for grunnforsking, eit nyskapingskontor og to eller fleire forskingsråd for landbruk, fiske og miljø, som elles ikkje passar inn i eit grunnforskingsråd. Å kopiera Sverige ville berre vera å gå tilbake til den same modellen forskingsfinansieringa var organisert på i Noreg på 1980-talet.

Større sjølvstende

Evalueringsgruppa foreslår difor at Forskingsrådet må svekka banda til dei forskjellige forskingssektorane slik at det kan operera meir i samsvar med oppgåva som ein sjølvstendig statleg institusjon. Dessutan kjem den også med framlegg om at regjeringa oppfyller lovnaden om auka økonomiske ressursar til forsking slik målsetjinga om å koma opp på gjennomsnittleg OECD-nivå inneber.

Departementa bør også tilsetja høgt kvalifiserte folk som kan delta i arbeidet med prioriteringa av forskingsressursane. Det må også skiljast mellom kortsiktige og langsiktige behov innanfor forsking. Difor må enkelte forskingsbudsjett også gå over ein lengre periode enn eitt år, tilrår evalueringsgruppa. Det bør etablerast generelle forskingsfond i fleire departement enn i dag, og pengane må kunne overførast til Forskingsrådet utan øyremerking.

Når det gjeld instituttsektoren, vil gruppa at Forskingsrådet får større armslag til å styra den delen av forskings-Noreg også. Det vil seia at dei bør få høve til å styra forskingsløyvingane til denne sektoren i samsvar med resultata frå evalueringane av kvart einskild forskingsinstitutt.

Også evalueringsgruppa går inn for eit eige forskingsutval innanfor regjeringa, aller helst leia av statsministeren. Dagens regjering har allereie gjort det, men det er leia av utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet. Forskingsutvalet til regjeringa skal støtta Forskingsrådet og Utdannings- og forskingsdepartementet i deira arbeid for å styrkja norsk forsking.

Technopolis-gruppa ber regjeringa om å satsa enda meir pengar på Forskingsrådets funksjon som nyskapingsinstitusjon. Rådet bør difor halda fram med å samarbeida med Statens nærings- og distriktsutbyggingsfond (SND), er oppfordringa i evalueringsrapporten.

Forskingsrådet bør i framtida organiserast i rundt ti forskjellige forskingstema. Desse temaene bør vera tidsavgrensa til mellom fem og ti år. Dermed vil dei kunna tilpassast betre den nasjonale prioriteringa av forskinga som er med på å bestemma helse- og sosialpolitikken.

Evalueringsgruppa ynskjer også å lata Forskingsrådet bli ein arena for debatt om forskingspolitikk, og ein stad der nye forskingsidear, som til dømes, FUGE, kan unnfangast. Det må dessutan få oppretthalda ein så stor fleksibilitet innanfor budsjettrammene sine at det både kan leggja ned og oppretta nye forskingstema.

- Evalueringa dannar eit viktig grunnlag for regjeringa sitt arbeid med å videreutvikla og samordna forskingspolitikken. Eit godt forskingsrådssystem er også ein viktig føresetnad for å realisera andre sentrale forskingspolitiske mål, som auka kvalitet og betre utnytting av forskningsresultata, seier statsråd Clemet i ei pressemelding frå KUF.

Arbeidet med evalueringa starta i oktober 2000. Evalueringa har kosta 7.1 millionar kroner når momsen ikkje er rekna med.

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2001 15:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere