Protesterer mot oppseiing av Omstillingsavtalen

Fagforeiningane ved UiO protesterer kraftig mot framlegget frå universitetsdirektør Tor Saglie om å seia opp Omstillingsavtalen frå 1996. Kollegiet skal handsama denne saka 8. mai og fagforeiningane ber Kollegiet om å halda fast på prinsippet om at ingen skal seiast opp som fylgje av omstilling. Universitetsdirektør Tor Saglie avviser at det er på tale med oppseiingar.

Hovudtillitsvalt Eirik Rikardsen i Forskarforbundet, leiar Unni Bingen i 2fo (LUHF) og leiar Anita K. Solhaug i Norsk Tenestemannslag ved UiO.
Foto: Ståle Skogstad

Fagforeiningane ber dessutan Kollegiet om å halda fast på kravet om at dei tilsette og organisasjonane deira skal ha reell medverknad også under omstilling.

I ei felles fråsegn peikar Norsk Tenestemannslag, Forskarforbundet og 2fo (tidl. LUHF) på at Omstillingsavtalen (OA) tar vare på UiOs behov for omstilling om dei tilsette sitt behov for tryggleik under slike prosessar. Dei meiner også at det ikkje er grunnlag for oppseiingar på bakgrunn av dei planane som er lagde fram eller utifrå den argumentasjonen som er gitt. "Vi kan derfor ikke se at det er behov eller nødvendig å skape en ubegrunnet utrygghet blant de ansatte ved UiO ved å si opp Omstillingsavtalen", skriv tenestemannsorganisasjonane i den felles fråsegna dei har sendt til Kollegiet. Brevet er underskrive av hovudtillitsvald i Forskarforbundet, Eirik Rikardsen, leiar for NTL ved UiO, Anita Solhaug og leiar for 2fo, Unni Bingen.

Kompetanseutviklingsprogram

I kollegiepapira har saka fått tittelen "Styrking av UiOs evne til å håndtere personalpolitiske og -administrative sider ved omstillingsprosesser". Kollegiet blir bede om å vedta å be universitetsdirektøren setja i verk eit kompetanseutviklingsprogram retta mot linjeleiinga, med sikte på å styrkja evna til å handtera dei personalpolitiske og administrative sidene ved omstilling og omorganiseringar.

Universitetsdirektøren blir også beden om å leggja til rette for at budsjettarbeidet i større grad får synleggjort omstillingskonsekvensar i arbeidet fram til endeleg kollegievedtak, og at kostnadar ved omstillingstiltaka blir innarbeidd i budsjettet. Det siste punktet i framlegget til vedtak er nok også det mest omstridde fordi det gir universitetsdirektøren fullmakt til å seia opp den særskilde omstillingsavtalen. Der heiter det at "universitetsdirektøren gis fullmakt til å reforhandle UiOs tilpasningsavtale med sikte på forenkling av regelverk og prosedyrer, og samtidig si opp den særskilte omstillingsavtalen."

I eit førebels utkast til rettleiing for linjeleiarar med tittelen "Personalforvaltning under omstillingsprosesser" går det fram at det kan vera i samband med arbeidet med fagdimensjonering det kan koma på tale å seia opp folk, om vitskaplege tilsette ikkje godtar tilbod om tilsvarande jobb ved ein statleg utdanningsinstitusjon ein annan stad i landet etter at eit fagtilbod er nedlagt ved UiO (s. 12).

Avtaleverket er for komplekst

- Universitetsdirektør Tor Saglie, kvifor er det viktig å få vedtatt denne saka no?

- For å skape auka tryggleik for alle som i framtida vil måtta arbeida med eller bli berørt av omorganiserings- eller omstillingsprosessar. Me må vera best mogleg førebudd på å handtera framtidige endrings- og omstillingsprosessar . Ein gjennomgang av større omorganiseringsprosessar ved UiO dei siste åra har avdekka fleire uheldige forhold. For det første at den administrative ressursbruken i samband med sjølve omorganiseringane har vore for høg, samtidig som prosessane har tatt svært lang tid og dermed skapt mykje uvisse. For det andre har det vist seg at kompetansen i gjennomføring av omstillingsprosessane gjennomgåande har vore for låg på alle nivå i organisasjonen.

- For det tredje og dels som ei forklaring på dei to første punkta er avtaleverket og våre personalpolitiske retningslinjer dels for komplekse, dels vage og upresise. Og for det fjerde har det vist seg at me ikkje har budsjettert omstillingskostnadane godt nok. Gjennom dei framlegga som Kollegiet skal handsama, så tar me sikte på å forbetra oss på alle desse punkta.
- Kva kan konsekvensane bli dersom den ikkje blir vedtatt?

- Me får ikkje til den styrkinga av UiOs evne til å handtera personalpolitiske og -administrative sider ved omstillingsprosessar, som eg ser som ynskjeleg.

- Kva kommentar har du til at fagforeiningane i eit ope brev oppmodar Kollegiet til å oppretthalda prinsippet om at ingen skal seiast opp under omstilling, og at dei tilsette og organisasjonane deira skal ha reell medverknad også under omstilling?

- Det er ikkje rett at prinsippet om medverknaden til organisasjonane blir råka av nokon av dei framlegga som er lagde fram. Det prinsippet står fast og er sjølve bærebjelken i det avtaleverket me skal handtera omstillingsprosessane etter. Når det gjeld oppseiingar, så er heldigvis det ingen aktuell problemstilling og noko me så langt som mogleg ynskjer å unngå. Men me må også ta omsyn til at Tenestemannslova pålegg UiO som arbeidsgjevar plikt til å iverksetja oppseiing dersom situasjonen krev det, understrekar Saglie.

Kollegiet skal handsama denne saka tysdag 8. mai. I fylgje sakslista skal denne saka gå for opne dører.

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2001 14:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere