- Stans valden på universiteta, Pastrana!

- Stopp drapa, trugsmåla og bortføringane frå dei paramilitære gruppene på dei colombianske universiteta. Det var oppmodinga president Andrés Pastrana fekk frå styremedlem Jaime Osorno i Den colombianske studentunionen (Asociación Colombiana de Estudiantes Universitarios), då Pastrana vitja Universitetet i Oslo onsdag 25. april.

Colombias president Andrés Pastrana og universitetsdirektør Tor Saglie beundrar eit av dei åtte binda i ordbokserien presidenten gav som gåve til UiO.
Foto: Ståle Skogstad

Det var den colombianske presidenten sjølv som gav den colombianske studentleiaren høve til å framføra bodskapen sin etter at han først hadde fått eit negativt svar frå rektorkontoret ved UiO.

På direkte førespurnad frå medlem i Colombia Studentforening (CSF) ved UiO, Alejandro Pérez, sa president Pastrana ja til å sleppa inn den colombianske studentleiaren Jaime Osorno som i løpet av dei første ti minuttane av besøket hadde måtta stå ute på gangen. Dermed kunne Osorno koma med ei direkte oppmoding til sin eigen president om å stoppa valden på dei colombianske universiteta.

- Eg vil spesielt visa til drapet på den gravide studenten Marlys de La Ossa ved Universitetet i Cordoba og drapet på rektor Alvaro Villamizar Lucciani ved Det frie universitetet i Cúcuta. Begge drapa blei utførte av dei paramilitære gruppene (dødsskvadronane) i Colombia. Berre i løpet av det siste året er 40 universitetsstudentar drepne og ingen av drapsmennene er til no pågripne, sa Osorno, før presidenten tok imot brevet og gav det vidare til ein av assistentane sine.

Reagerer sterkt

Internasjonal ansvarleg for Norsk Studentunion, Signe Aanby reagerer sterkt på at rektorkontoret ved UiO ikkje ville gi den colombianske studentleiaren løyve til å vera til stades i møterommet i 10. etasje i Administrasjonsbygningen under president Pastranas besøk.

- Det blei hevda at Den colombianske studentunionen(ACEU) støtta ei av geriljagruppene. Det stemmer ikkje, og dessutan er det Norsk Studentunions næraste samarbeidsorganisasjon i Colombia, seier Signe Aanby.

- Rådgjevar ved kontoret til rektor, Bård Frydenlund, president Andrés Pastrana gav jo studentleiaren løyve til å koma inn i møterommet for å halda ein appell på oppfordring frå Colombia Studentforening. Tyder ikkje dette på at det var for strengt vurdert av UiO ikkje å gi studentleiar Jaime Osorno løyve til det?

- Det var jo nettopp eg som oppmoda Alejandro Pérez i Colombia Studentforening til å spørja presidenten direkte om Jaime Osorno frå Den colombianske studentunionen kunne halda ein appell inne på møterommet. Dersom han sa ja til det, ville sjølvsagt ikkje me ved UiO ha noko imot det. No sa han ja, og eg synest det blei eit fint bidrag i programmet under Pastranas besøk her, seier Frydenlund, som er skuffa over at Colombia Studentforening har framstilt dette som eit problem.

Bokgåve

Før dette skjedde, overrekte president Andrés Pastrana ei stor bokgåve til Universitetet i Oslo, nærare bestemt ei av dei mest berømte ordbøkene over det spanske språket, Diccionario de Construcción y Regimen de la Lengua Castillana av Rufino José Cuervo, som var Colombias største filolog i det 19. hundreåret.

Bokverket kan samanliknast med Riksmålsordboken eller det tilsvarande prosjektet på nynorsk, Norsk Ordbok. Bokgåva er sett saman av åtte bind, og kvart bind er på over 1000 sider. Bokverket kjem truleg til å bli plassert i eit av lokala til Klassisk og romansk institutt.

- Rufino José Cuervo var ein ung mann frå Colombias hovudstad som snakka både latin, gresk, fransk, engelsk og portugisisk. Men framfor alt elska han morsmålet sitt, spansk, og kjærleiken til språket var starten på arbeidet med å laga denne ordboka, som den meksikanske forfattaren Carlos Fuentes har karakterisert som eit av dei viktigaste bokverka i den spansktalande verda, sa president Andrés Pastrana.

- Å driva med språkvitskap og litteratur er noko av det mest fredelege det går an å driva med her i verda, sa president Pastrana, og viste til korleis Colombia hadde bidratt med ein forfattar som Gabriel García Márquez, og Noreg med namn som Henrik Ibsen og Knut Hamsun. Universitetsdirektør Tor Saglie takka for gåva og kvitterte med å gi han ein tremodell av eit av dragehovuda på sleden som blei funnen saman med Osebergskipet.

I eit brev som Colombia Studentforening ved UiO overrekte til Andrés Pastrana , blir det oppfordra til ei utveksling av studentar og forskarar mellom norske og colombianske universitet. Foreininga oppmodar også rektor Kaare R. Norum til å lata Universitetet i Oslo bli ein humanitær fristad for colombianske studentar og akademikarar.

Fakta om Colombia:
- flatevidde 1,14 millionar kvadratkilometer
- 37,6 millionar innbyggjarar
- styreform: republikk med demokratisk valt president og tokammersystem
- hovudstad: Bogotá, (5, 4 millionar innbyggjarar)
- religion: romersk-katolsk kristendom
- offisielt språk: spansk
- viktigaste eksportartiklar: olje og kaffi. Landet har store gullreservar og er verdas største produsent av smaragdar
- viktigaste handelspartnar: USA
- viktigaste dødsårsak: drap med handvåpen (101 pr. 100 000 innbyggjar)
- viktigaste problem: produksjon og eksport av kokain og den pågåande krigen mellom dei to geriljagruppene FARC og ELN på den eine sida, og hæren og dei paramilitære styrkane på den andre sida.
(Kjelde: Encyclopædia Britannica)
Fakta om president Andrés Pastrana:
- fødd 17. august 1954 som son av tidlegare president Misael Pastrana Borrero
- arbeidd som programleiar for TV-nyhenda, og på 1980-talet fekk han tildelt fleire prisar for glimrande journalistikk
- i 1988 blei han den første demokratisk valde ordføraren i hovudstaden Bogotá
- vald til president 21. juni 1998 som kandidat for Det konservative partiet med lovnaden om at han ville starta fredsforhandlingar med dei største venstreorienterte geriljagruppene i Colombia: FARC og ELN
- har starta direkte fredsforhandlingar med geriljagruppene under leiing av FNs visegeneralsekretær Jan Egeland
- presidentperioden går ut i 2002, og han kan ikkje veljast for ein ny periode
(Kjelde:Colombianske styresmakter)
Emneord: Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 26. apr. 2001 17:02 - Sist endra 10. des. 2008 15:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere