Arild Underdal er rektorkandidat

Professor i statsvitskap, Arild Underdal, har no bestemt seg for å stilla opp som rektorkandidat under rektorvalet 8. oktober. - Eg håpar eg kan bidra til å losa Universitetet i Oslo gjennom den vanskelege endrings-prosessen det må gå gjennom dei komande åra.

- Eg håpar eg kan bidra til å losa Universitetet i Oslo gjennom ein vanskeleg endringsprosess, seier rektorkandidat Arild Underdal.
Foto: Ståle Skogstad

Arild Underdal var prorektor i Lucy Smiths første rektorperiode. Det året Lucy Smith var sjukmeldt, var Underdal fungerande rektor. Trass i denne ballasten
er det ikkje før denne veka at han seier eit endeleg ja til å stilla som rektorkandidat.

- Kva var grunnen til at du måtte bruka så lang tid på å tenkja deg om før du kunne gi eit endeleg svar?

-Eg trivest svært godt som meinig professor. Samtidig veit eg at jobben som rektor er veldig krevjande og blir enda vanskelegare i åra som kjem. Det som gjer oppgåva så vanskeleg no, er at rammevilkåra for universiteta er i ferd med å endra seg fundamentalt, seier Underdal.

Ny rolle for staten

Han er svært oppteken av at rammevilkåra for universiteta er i ferd med å endra seg.

- For det første held staten si rolle innanfor høgare utdanning og forsking på å bli utvatna. Staten vil sjå det som si viktigaste oppgåve å sikra at desse tenestene er tilgjengelege, og kjøpa dei hos dei som gjer det billegast og best. Difor får universiteta betaling for det dei gjer og ikkje for det dei er. Og det staten og samfunnet vil betala for, er ikkje alltid det me sjølve helst vil gjera, påpeikar han.

Internasjonal utdanningsmarknad

- Det andre viktige punktet er endringar i informasjons- og
kommunikasjonsteknologien. Det opnar for at nye aktørar kan stå fram med attraktive tilbod også innanfor høgare utdanning. Universiteta får hardare konkurranse på mange område, seier Underdal, før han kjem inn på det tredje punktet.

Må satsa på bioteknologi og informatikk

- Nokre fagområde som bioteknologi og informatikk er for tida inne i ei rivande utvikling, medan andre ikkje er det. Eit universitet som vil hengja med på fagfelt i rask vekst, må satsa tungt, men då kan mange andre føla at dei står igjen på perrongen.

- Denne situasjonen krev meir enn berre administrasjon og "business-as-usual", understrekar Underdal. Han ser det som ei svært viktig oppgåve å koma fram til ei brei felles forståing for korleis universitetet skal orientera seg i det nye landskapet.

- Eg ber om forståing for at eg har kvidd meg litt for å ta på meg ei slik oppgåve i ein periode med krymping av budsjettet, seier Underdal.

- Kva kan Universitetet i Oslo gjera i ein slik situasjon?

- Framfor alt må det utnytta dei menneskelege ressursane ved UiO betre. Det krev meir fleksible løysingar, til dømes når det gjeld tidsbruk på oppgåver som forsking undervisning og formidling. Det må også bli enklare å vera entreprenør og få sett i gang nye tiltak og endra på etablerte ordningar på universitetet. Eit universitet som skal utvikla seg, er avhengig av eit godt samspel mellom initiativ og framlegg til gode tiltak nedanfrå og god støtte ovanfrå, meiner Underdal.

Partnarskap

- Det blir også viktigare å tenkja partnarskap både innanfor utdannings- og forskingssektoren, men også i resten av samfunnet. Det er viktig, men ikkje nok berre å gå til Stortinget eller be om eit møte med statsråden. Når me går til Stortinget og departementet, må me også vera klare på kva me treng pengar til. Det blir viktig å få fram at mangelen på driftsmidlar gjer oss ineffektive, særleg innan naturvitskapleg og medisinsk forsking, og trekkja fram kva me presist vil gjera med dei pengane me ber om.

Ikkje i opposisjon

- Kva synest du om arbeidet som dagens rektorat har utført?

- Eg er svært oppteken av at mitt kandidatur ikkje skal framstå som sur og lettvint kritikk mot dagens rektorat. Dei som er misnøgde, bør sjå at dei viktigaste problema har langt djupare årsaker. Eg ser det slik at Kaare R. Norum, Rolv Mikkel Blakar og eg i grunnen spelar på same lag, og dagens rektorat må kunna fullføra jobben sin utan å måtta heile tida ta stilling til lettvint kritikk frå andre kandidatar, så får eg tenkja på neste etappe.

- Men kvifor skal folk stemma på Underdal i staden for på Blakar?

- Fordi dei trur på at min diagnose av den universitets-politiske situasjonen er rett og at den linja eg vil trekkja opp, er fornuftig og at eg vil kunne bidra til å gjennomføra ei slik linje, avsluttar Underdal.

Emneord: Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 26. apr. 2001 09:08 - Sist endra 10. des. 2008 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere