Laukholm slår tilbake mot Torvunds dom over USIT

- USIT er i gang med eit prosjekt som både vil gi betre og enklare publiseringsløysingar på web frå neste år. Det lovar USIT-direktør Arne Laukholm, som også slår kraftig tilbake mot den harde dommen av USIT, som jusprofessor Olav Torvund kom med i Uniforum nr. 3.

USIT-direktør Arne Laukholm avviser jusprofessor Olav Torvunds harde dom over USIT.
Foto: Ståle Skogstad

- Professor Olav Torvund rettar sterk kritikk mot USIT. Han kjem derimot i skade for i stor grad å sprengja opne dører. Det ser ut til at eit hovudpunkt for han er at det må vera ei klar ansvarsdeling i tenesteutviklinga ved UiO, der USIT blir gitt ei utførande rolle, medan andre delar av universitetet spesifiserer og prioriterer ressursbruken. Der er me heilt einige. Denne rollefordelinga blei blant anna grundig diskutert i effektiviseringsprosjektet, og det har lenge vore ei klar ansvarsdeling, seier Laukholm, som ynskjer å understreka at alle større utviklingsprosjekt på IT-sida har ein systemeigar som spesifiserer og prioriterer, medan USITs oppgåve er å levera produkt som har desse spesifikasjonane.

Daglege oppdateringar

- Ein annan del av kritikken rettar seg mot at studentinformasjonen i på UiOs web blir oppdatert for sjeldan. Når det gjeld universitetet som ein heilskap, er dette direkte feil. Det skjer så og seia dagleg oppdateringar, og endringane hamnar på web i løpet av få minuttar. Studiehåndbøkene er til dømes sist oppdatert 12.2.2001, medan forelesingskatalogen er sist oppdatert den 21.2.2001. I den grad dette ikkje måtte vera tilstrekkeleg raskt, er det rutinane som må angripast og ikkje dei tekniske løysingane. Ved Torvunds eige fakultet går rett nok oppdateringane ikkje like raskt som ved resten av universitetet. Det kan hengja saman med at fakultetet fram til no har hatt ei anna webløysing enn det Informasjonsavdelinga har tilrådd for UiO. Men gledeleg nok kjem no også Det juridiske fakultetet til å innføra den same web-løysinga som dei andre fakulteta har, fortel Laukholm. Han vil også gjerne understreka at det er Informasjonsavdelinga som er systemeigar og ansvarleg for innhaldet på Universitetet i Oslos websider.

Laukholm viser også til kritikken mot Oppslagstavla som somme meiner enno ikkje fungerer godt nok.
- Me rettar feil etterkvart, men samlar inn driftsrøynsler og forslag til forbetringar i ein periode før me med det som utgangspunkt lagar versjon 2 av tavla. Denne arbeidsforma sikrar at me får ei viss breidde i innspela, samtidig som det gjer utviklingsarbeidet meir rasjonelt.

Naudsynt å læra seg webverkty

- Men kritikken mot at innhaldet på UiOs websider ikkje blir fort nok oppdatert går også ut på at det er fordi folk må læra verkty som SGML (Standard Generalized Markup Language) og HTML for å kunna publisera ting på web, og dette er for komplisert for mange. Kva svarar du på denne kritikken?

- Når folk kjøper ein videospelar, så veit dei at dei må bruka instruksjonshefte for å læra korleis dei skal programmera den. Det same gjeld når folk kjøper seg vaskemaskin. Men når det gjeld bruk av IT som arbeidsverkty, kan det sjå ut som om for mange ventar å få løysingar som ikkje krev innsikt hos brukaren, meiner han. Laukholm ser det slik at IT er eit sjølvsagt arbeidsverkty for alle akademikarar.

- Då krevst det verktykunnskap. Det krev også ein viss innsats frå den einskilde å tileigna seg denne, på same vis som snikkaren må læra seg å bruka nye verkty. Hos oss tyder dette blant anna at kvar og ein bør ha ein viss kunnskap om korleis ting kan publiserast på web, seier Laukholm før han går over til å forklara kvifor det er så viktig å bruka dataverktyet SGML.

- Når det gjeld bruken av SGML, og i like stor grad XML, så er dette reiskapar for å innføra struktur i informasjonsmengda som ligg på web. Ved at me stiller strenge formelle krav til strukturen, legg me forholda til rette for at dei same informasjonselementa kan brukast om igjen i mange samanhengar, og gjerne i forskjellige media. Forelesingskatalogen er eit godt døme på dette. Mykje av informasjonen blir henta frå Felles Studentsystem, og blir så automatisk omformatert for gjenbruk både i web-versjonen av katalogen og i den trykte utgaven, presiserer Laukholm. Han har forståing for at det ikkje alltid er like lett å publisera informasjon på web.

Viktig med einskapleg formspråk

- I arbeidet med å forenkla arbeidet med innhaldet på UiOs web har me som eit mål at dei fleste som har eit ansvar her ikkje skal trengja å kunna noko om korleis kodinga skjer. Dette er likevel ikkje ei heilt enkel oppgåve når me samtidig skal sikra at den kolossale informasjonsmengda me har kan vedlikehaldast innanfor dei ressursrammene me ved UiO kan setja av til dette. Det finst over 450 000 sider på UiOs web. Desse bør ha eit einskapleg formspråk og eit oppdatert innhald. Det er ei formidabel oppgåve, som blir gjort av mange aktørar på både institutt-, fakultets- og sentralt nivå, seier Laukholm før han forklarar nærare korleis einingane ved UiO har fordelt ansvaret for UiOs websider mellom seg.

- Det er Informasjonsavdelinga som har redaktøransvaret, medan USIT og eksterne selskap har ansvaret for å levera dei tekniske løysingane, Studentinformasjonen er ein svært viktig del av informasjonsmengda på weben. Denne har Studie- og forskingsadministrativ avdeling (SFA) ansvaret for. Dette blir praktisert slik at SFA sjølv administrerer den elektroniske versjonen av Forelesingskatalogen, medan det er kvart einskild fakultet som oppdaterer den elektroniske versjonen av studiehandbøkene, understrekar Laukholm.

Vil likestilla elektronisk og trykt informasjon

- Eit viktig forhold som Torvund tar opp, meiner Laukholm, er den formelle statusen den elektroniske informasjonen på universitetet sine offisielle websider har. Informasjonsavdelinga, i samråd med USIT, fremja i fjor eit framlegg til Kollegiet om å gi denne same status som papirbasert informasjon. Dette framlegget blei den gongen ikkje vedtatt. Årsaka var enkelte juridiske innvendingar. Desse kan det truleg sjåast bort frå.

Difor vil Laukholm gjerne at framlegget om å lata elektronisk informasjon telja like mykje som trykt informasjon skal fremjast for Kollegiet på nytt.

- Men det må sjølvsagt også leggjast vekt på at ikkje alle dei tilsette ved UiO har enkel tilgang til nettet. Mykje av informasjonen må difor framleis liggja føre i trykt form. Likevel, når det gjeld Forelesingskatalogen, så har heile målgruppa for den tilgang til nettet, difor skulle ikkje dette vera noko argument for ikkje å lata den elektroniske versjonen av den vera autorativ og spara utgiftene for trykkinga av 35 000 eksemplar, meiner USIT-direktøren.

Enklare publiseringsløysing

Neste år kjem det også til å bli enklare for dei tilsette ved UiO å publisera informasjon på nettet, opplyser Arne Laukholm til Uniforum.
-Ja, USIT har fått prosjektmidlar for å utvikla ei enklare og lettare forståeleg publiseringsløysing for web. I stor grad vil denne løysinga nytta seg av klipp- og limprinsippet, og den kan samanliknast med den metoden som i dag blir brukt for å publisera artiklar på Uniforum nett no. Me reknar med at me kan tilby alle brukarane ved UiO denne løysinga i løpet av 2002, seier Laukholm. Han legg også vekt på at USIT og Informasjonsavdelinga i fellesskap har kome fram til eit einskapleg stilsett og struktur for websidene til universitetet.

- Det gjer mellom anna at det vil vera mogleg å skifta ut det visuelle uttrykket utan at det skal vera naudsynt å gå manuelt gjennom alle dei 450 000 sidene på UiOs web. Jobben som er gjort med å byggja ein felles struktur inn i informasjonsmengda på desse sidene gjer også at det er mindre behov for vedlikehald hos oss enn kva andre universitet har for sine websider. Det fører også til mindre ressursbehov fordi det er mogleg å henta inn informasjon frå fleire forskjellige nettkjelder samtidig, forklarar USIT-direktøren, som også er oppteken av den store satsinga på nettbasert læring ved Universitetet i Oslo.

- Mange sentrale aktører i kunnskapsindustrien, som toppleiaren for IT-selskapet Cisco, har hevda at nettbasert læring kan bli ein like stor teknologisk revolusjon for læringa som weben har vore for informasjonstenester. Me ser no at det held på å utvikla seg ein stor læringsindustri utanfor universiteta. Studentane får fleire val, og gode web-løysingar blir eit viktig element i konkurransen om dei beste. Her har Universitetet i Oslo eit godt utgangspunkt gjennom det arbeidet som er lagt ned, avsluttar Laukholm.

Emneord: USIT Av Martin Toft
Publisert 28. feb. 2001 15:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere