Første forelesing i det nye Rikshospitalet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000


Førre som holder første forelsening

DEN FØRSTE: Professor Øistein Førre heldt den aller første forelesinga i undervisningslokala på det nye Rikshospitalet. Med ryggen til, student Therese Renaa og pasient Ingunn Wennevik.

- Det er ein viss symbolikk i at det er nettopp de som begynte på medisinstudiet samtidig som bygginga av det nye Rikshospitalet tok til i 1994, som er dei første som kan ta sjukehuset i bruk som undervisningslokale.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Det sa studiedekan Borghild Roald ved Det medisinske fakultetet, då ho sist fredag helsa 1994-kullet med medisinsstudentar velkomen til den aller første forelesinga i det nye Rikshospitalet.

- Etter mange utsetjingar er me utruleg glade for endeleg å kunna ta i bruk dette sjukehuset til forelesingar, sa Roald, før ho fekk overrekt blomar frå Institutt for laboratoriemedisin. Deretter kunne ho gi professor i revmatologi, Øistein Førre, klarsignal til å setja i gang med forelesinga. Den begynte med at medisinstudent Therese Renaa skulle stilla rett diagnose på pasient Ingunn Wennevik.

Det nye Rikshospitalet blir tatt i bruk 186 år etter at Det medisinske fakultetet blei oppretta i 1814. - Det synest me er flott. Ikkje minst er det viktig å trekkja fram at det nye Rikshospitalet ligg der det ligg nettopp på grunn av at det er eit universitetssjukehus. Den nære kontakten mellom sjukehuset, forskingsmiljøa og medisinutdanninga håpar me vil vera til fordel for både studentane, dei vitskapleg tilsette, sjukehuspersonalet og pasientane, sa Borghild Roald.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 4 2000

Publisert 8. mars 2000 19:09 - Sist endra 1. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere