Vet du at ...

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000


Vet du at ...

UiO-forskarar får genterapipatent i USA

Dr. philos. Iacob Mathiesen og professor Terje Lømo ved Det medisinske fakultetet, UiO, har utvikla ein metode som kan få mykje å seia for genterapien i framtida. Forskarane har søkt om patent på metoden i mange land, og har nyleg fått melding om at patentstyresmaktene i USA vil innvilga søknaden om patent. Genterapi inneber å få ført eitt eller fleire gen (DNA) inn i celler i kroppen.

Eit hovudproblem i all genterapi er at alle celler er omgitt av ein membran som hindrar dette. Patentet til dei to UiO-forskarane gir oppskrifta på korleis det er mogleg å bruka elektrisk straum for å bryta ned hindringa og dermed få cellene til å ta opp den naudsynte mengda med DNA. Forskarane utvikla metoden då dei studerte korleis nervar styrer musklane våre slik at me kan røra oss og utføra alle typar arbeid. Patentet er på denne måten eit godt døme på at rein grunnforsking fører til kunnskap og metodar som også kan få noko å seia reint praktisk. Dei to forskarane har no starta selskapet Electrofect AS, som har inngått ein lisensavtale med eit større tysk legemiddelfirma.

Auka studenttal gav ikkje auka arbeidsløyse

Auka studenttal gav ikkje auka arbeidsløyse blant akademikarar på slutten av 1990-talet. Det er konklusjonen i ei undersøking som forskar Sverre Try ved Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning har gjort. Målet med undersøkinga var å sjå nærare på om veksten i høgare utdanning på slutten av 1980-talet og på byrjinga av 1990-talet var eit vellukka arbeidsmarknadspolitisk tiltak. Undersøkinga viser at mot alle odds kom alle kandidatgruppene ut i ein arbeidsmarknad i stadig betring. Difor førte veksten i høgare utdanning verken til overkapasitet eller auka arbeidsløyse blant akademikarar.

Det var kortsiktige arbeidsmarknadspolitiske grunngjevingar som var bakgrunnen for veksten i høgare utdanning under lågkonjunkturperioden på slutten av 1980- og første del av 1990-talet. Dette førte til offentlege løyvingar som finansierte kapasitetsutbygginga i denne perioden. Men han understrekar at for enkelte grupper innanfor allmennfaga, kan det sjå ut til at kandidattilveksten har ført til større overgangsproblem frå utdanning til jobb enn dei ville ha fått utan denne auken.

Undersøkinga til Sverre Try dokumenterer også at det er svært vanskeleg å stramma inn igjen dei offentlege budsjetta etter at det har vore gjennomført ekspansive tiltak, sjølv om temperaturen i økonomien skulle normalt skulle visa at det var behov for å stramma inn. Ein annan fylgje av at den høge opptakskapasiteten i høgare utdanning på 1990-talet ikkje blei redusert sjølv om søkjartalet gjekk ned, var det faktum at ein stadig større del av dei kvalifiserte søkjarane fekk plass. I 1991 var det til dømes om lag 28 prosent av dei kvalifiserte søkjarane som ikkje fekk tilbod om studieplass, medan denne delen var redusert til 3 prosent i 1999.

Folkevandring til forelesing

Forelesingsrekkja om politikk i 21. hundreåret ved Institutt for statsvitskap har vekt så stor interesse at den har ført til den reine folkevandringa til Auditorium 1 i Eilert Sundts hus kvar torsdag kl. 16.15 sidan 3. februar. Men forelesingane vil likevel halda fram i det same auditoriet, fram til forelesinga om Europas fortid og framtid med Oxford-professoren, Ralf Dahrendorf, som kjem til å bli lagt til det største auditoriet i Georg Sverdrups hus. Dato og tidspunkt for den forelesinga er enno ikkje bestemt, opplyser ein av initiativtakarane til forelesingane, Bernt Hagtvet til Uniforum. I dag klokka 16.15 held forelesingsserien fram i Auditorium I i Eilert Sundts hus, og då har professorane Knut Heidar og Trond Nordby kalla forelesinga for ”De politiske institusjonene mellom forvitring og ny vitalitet”. Forelesingsrekkja er eit samarbeid mellom Institutt for statsvitskap og Dagbladet.

Konkurranse i nyskaping

Venture Cup 2000 er en konkurranse for å stimulere til nyskapning og oppstart av nye bedrifter i Norge. Konkurransen er åpen for alle privatpersoner, men er i første rekke rettet mot studenter, forskere og ansatte ved universiteter og høyskoler. Gjennom dette arrangementet får deltakerne lære om oppstart og drift av selskaper, teste egne ideer og skape nettverk. Det er Universitetet i Oslo sammen med blant andre Forskningsparken, Universitetet i Bergen, Handelshøyskolen BI, NTNU og McKinsey & Company som arrangerer konkurransen. Den totale premiesummen er på 650 000 kroner. Konkurransen gjennomføres i tre faser fram til den endelige premieutdelingen 14. desember. Såkalt "kick-off" finner sted 6. mars kl. 17.00-19.00 i Georg Sverdrups hus på Blindern. For mer informasjon, se: www.venturecup.org.

Studentar vel mastergrad

På tre år har talet på registrerte studentar på mastergradsstudium i Noreg blitt over tredobla. Hovudfag tar for lang tid. - Eitt år i England ser ut til å betala seg betre enn hovudfaget i Noreg. Universitetet må tilby studentane eit alternativ etter cand.mag.-graden som er mindre forskarretta enn hovudfag, seier hovudfagsstudent Bjørn Oscar Unander til Universitas.

Saglie i styret for Ullevål

Universitetsdirektør Tor Saglie er med i det nye styret for Ullevål sjukehus. Tidlegare NHO-direktør Karl Glad blir ny styreleiar for sjukehuset.

Samisk høgskole får utdanne journalistar

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har godkjent at Samisk høgskule skal kunna ta opp 15 studentar til ei toårig journalistutdanning. Godkjenninga gjeld i første omgang opptak til studiet hausten 2000. Utdanninga skal gå på deltid over tre år og er eit sjølvstendig og særeige studium med sterk forankring i samisk språk og kultur.

- Det er i første rekkje behovet for samiskspråklege journalistar som gjer at vi no gir grønt lys for journalistutdanning ved Samisk høgskole, seier statsråd Jon Lilletun i ei pressemelding frå KUF.

Høgskulen i Agder får tildela doktorgrad

Høgskulen i Agder får rett til å tildela doktorgrad i nordisk språk og litteratur. Det gjorde kyrkje- utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun kjent før helga. Noregsnettrådet har nyleg samrøystes tilrådd ei slik godkjenning.

Høgskulen i Agder blir med dette den første statlege høgskulen som får tildela doktorgrad i eit tradisjonelt universitetsfag.

Fleire kvinner i norsk forsking

Frå 1993 til 1997 auka talet på kvinner som deltok i forsking og utvikling (FoU) med 35 prosent medan det samla talet på personar auka med 24 prosent. Det viser ei undersøking frå Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU). I 1997 var det til saman 7900 kvinner med universitets- og høgskuleutdanning som deltok i forsking og utvikling i Noreg. Ved universiteta var det også ein markert auke av talet på kvinner blant det faste personale i åra frå 1993 til 1997. Førebelse tal frå 1999 viser likevel at veksten har stagnert og at talet på kvinner har halde seg konstant sidan 1997.

Barnehageopptak

Søknadsfrist: 15. mars 2000.

Anledning til å søke opptak for sine barn har alle tilsatte i minst ¾ stilling ved UiO. Personer i rekrutteringsstillinger på alle nivåer lønnet av eksterne kilder har adgang til å søke dersom de har minst ¾ av sin arbeidsplikt ved UiO og betaler overhead til UiO. Med arbeidsplikt menes forskning, forskerutdanning og pliktarbeid.

Søknadsskjema fås i Organisasjons- og personalavdelingen, 5. etasje, Administrasjonsbygningen, Blindern eller tilsendes ved henvendelse tlf. 22 85 62 36/62 25


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000

Publisert 23. feb. 2000 11:37 - Sist endra 1. sep. 2014 14:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere