Ut i skulen med dykk!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000


- Me sender gjerne så mange studentar som mogleg ut i skulen, så difor vil me oppmoda alle skular til å ta imot dei med opna armar og sjå på dei som ein ressurs. Dei får jo tilbod om gratis lærarar.

Ibsen og Bakke og studenter ved ILS
LITEN DYTT: Elisabeth Ibsen og Berit Aas Bakke ved ILS vil gjerne gi PPU-studentane Jostein Andresen og Hildegunn Valen ein liten dytt for å hjelpa dei med å staka ut ein karriereveg i den vidaregåande skulen.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

Det seier styrar Elisabeth Ibsen og seksjonssjef Berit Aas Bakke ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling. Dei vedgår at det ikkje alltid er like lett å oppfylla ynskja til dei 150 til 200 studentane som tar praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kvart semester.

- Dei fleste vil ha praksis ved ein skule som både er nær heimstaden og nær Blindern. Det er ikkje alltid like lett å få til. På grunn av alle utdanningsinstitusjonane i Oslo blir det lagt stort press på skulane i Osloområdet for å få inn praksisstudentar. Dess lenger frå Oslo studentane kan tenkja seg å ha praksis, dess lettare vil det difor bli for oss å skaffa dei praksisplass, seier Ibsen og Aas Bakke. Det er aller lettast å skaffa praksisplass til studentar som har tatt tradisjonelle skulefag som tysk, norsk, engelsk og realfag. Har dei studert historie, filosofi, samfunnsfag eller religionshistorie blir det straks verre.

Problemet er stort fordi det er så mange studentar som har studert desse faga som det er få timar i i den norske skulen i dag, konstaterer dei.

Ingen kjemi- eller fysikkstudentar

Dei har også merka mangelen på matematikkstudentar som ynskjer å gå ut i skulen.

- Likevel er det minst like alvorleg at ingen fysikkstudentar tar praktisk-pedagogisk utdanning. I dag er det berre fire personar som gjer det. Dei er alle tidlegare oljeingeniørar som held på med å omskulera seg. Samtidig er det rundt 13 matematikkstudentar og 30 studentar med andre realfag. I dag er dei fleste realfagslærarar i skulen over 50 år. Om fem år vil realfagskrisa koma for fullt i den vidaregåande skulen. Difor vil alle realfagsstudentar som tar praktisk-pedagogisk utdanning vera svært ettertrakta i skulen, understrekar dei. Likevel møter ikkje praksisstudentane berre velvilje blant lærarar i den vidaregåande skulen.

Ekstra arbeidsbør

- Nei, det er mange lærarar som ser på praksisstudentane som ei ekstra arbeidsbør i staden for å sjå på dei som ein ressurs, sjølv om dei får 135 kroner ekstra i timen for å ta seg av dei. Me har også fått brev frå ein vidaregåande skule som ikkje ynskte å ta imot praksisstudentane våre. Difor ynskjer me no å samarbeida nærare med rektorane i dei vidaregåande skulane for å få dei til å ta eit større ansvar for praksistilbodet til PPU-studentane, fortel dei. Til saman tilbyd Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling praktisk-pedagogisk utdanning i 26 fag.

- Me manglar ikkje berre matematikkstudentar. No ynskjer me gjerne studentar som har studert informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Dei er det også sterkt behov for i skulen. Men i det store og heile er det store problem med å skaffa nok lærarar til den vidaregåande skulen. Denne situasjonen blir verre og verre etter kvart som åra går. Difor har Det utdanningsvitskaplege fakultetet vore i fleire møte med Lærarforbundet for å finna ut kva tiltak som kan setjast inn for å auka lærarrekrutteringa, seier Elisabeth Ibsen og Berit Aas Bakke.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 3 2000

Publisert 23. feb. 2000 14:33 - Sist endra 1. sep. 2014 14:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere