UiO får 84 millionar ekstra

Universitetet i Oslo får 84 millionar av dei 213,5 millionar kronene universiteta får i ekstraløvying etter budsjettforliket mellom sentrumspartia og Arbeidarpartiet. Det går fram av budsjettinnstillinga til KUF-komiteen.

Universitetstilsette og studentar demonstrerer mot regjeringa sitt framlegg til universitetsbudsjett torsdag 16. november.
Foto: Martin Toft

Universitetet i Oslo får tilbakeført pengane universitetet har tapt på reduserte studenttal. Dermed får UiO ein pott på 44 millionar kroner inkludert løns- og priskompensasjon. Det går fram av budsjettinnstillinga til Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité, som blei lagt fram i går.

I budsjettinnstillinga går fleirtalet i komiteen også inn for å gi 100 millionar kroner i omstillingspengar til universiteta. Rundt 40,2 millionar kroner av desse pengane skal gå til omstilling ved Universitetet i Oslo. I tillegg skal ein pott på 10 millionar kroner brukast til fellestiltak mellom dei fire universiteta.
Til saman får universiteta og høgskulane 270 millionar kroner ekstra medan Forskingsrådet får ein halv milliard ekstra.

Venstre tar æra

- Venstre og dei andre sentrumspartia har nådd fram med å få til kraftige løft for universitet, høgskular og grunnforsking på statsbudsjettet. Statsråd Giskes åtak på høgare utdanning er slått tilbake. Det seier Venstres medlem i Stortingets utdannings- og forskingskomite, Odd Einar Dørum i ei pressemelding.

Venstre tar æra for at sentrumspartia har fått gjennomslag for blant anna 213,5 millionar kroner ekstra til universiteta, ein halv milliard ekstra i forskingsfondet, om lag 60 millionar kroner ekstra til høgskulane, 2,5 mill ekstra til kunsthøgskulane og betre studiemuligheter for utanlandsstudentar. Den næringsretta forskinga
blir styrkt med 25 millionar kroner.

Det var mange som meinte at Arbeidarpartiets opprinnelege framlegg til statsbudsjett var eit av dei dårlegaste nokon gong for universiteta, og difor demonstrerte over 2000 universitetstilsette og studentar mot dette budsjettframlegget 16. november.

- Eg meiner at eit så stort ekstraløft er heilt naudsynt, seier Dørum. - No blir det mogleg med ei skikkeleg satsing på studiekvalitet og grunnforsking ved universiteta, og me kan gjenreisa forskings-Noregs tru på at Stortinget meinte alvor med dei lovnadane som tidlegare er gitt om å løfta Noreg som utdannings- og forskingsnasjon.

Opptrappingsplan

I innstillinga ber også ein samla komité regjeringa om ein opptrappingsplan for forskingsløyvingane som kan sikra at Noreg minst når OECD-gjennomsnittet i løpet av 2005.

- Ein slik plan har Arbeidarpartiet til no vore uvillig til å leggja fram, og det er svært gledeleg at regjeringa nå blir forplikta til å gjera dette, seier Dørum.

I budsjettinnstillinga blirNasjonalt senter for menneskerettar, eller Institutt for menneskerettar tilgodesett med 3,5 millionar kroner ekstra i høve til Arbeidarpartiets framlegg på 500 000 kroner. Budsjettinnstillinga frå KUF-komiteen skal opp til endeleg votering i Stortinget 12. desember. Men framlegget vil få fleirtal fordi alle Arbeidarpartiets og sentrumspartias representantar vil røysta for innstillinga.

Etter at Arbeidarpartiregjeringa presenterte framlegget til statsbudsjett i oktober, varsla universitetsleiinga naudsynte innsparingar på 81 millionar kroner. Etter at KUF-komiteen har fordelt ekstrapotten til universiteta på 210 millionar kroner, viser det seg altså no at Universitetet i Oslo får 84 millionar kroner, altså tre millionar kroner meir enn det universitetsleiinga meinte det var naudsynt å spara inn.

Når det gjeld dei andre universiteta, får Universitetet i Bergen ei ekstraløyving på 53,5 millionar kroner, NTNU i Trondheim får 41,6 millionar og Universitetet i Tromsø får 20,9 millionar

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 6. des. 2000 14:50 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere