Ei bilethistorie om universitetet

Universitetsbiblioteket og Informasjonsavdelinga er i gang med å oppretta eit biletarkiv som kan dokumentera UiOs historie. No ber dei alle fagmiljø og andre einingar om å gå gjennom bileta sine.

Biblioteksdirektør Jan Erik Røed t.v. og informasjonskonsulent Lars Petter Johansen oppfordrar folk ved UiO til å leita fram gamle bilete som kan leggjast inn i eit historisk biletarkiv.
Foto: Ståle Skogstad

I kjellarar og på loft, i skuffer og i skap i universitetsbygningane i Oslo, ligg det truleg mange tusen bilete om livets gang ved Det Kongelige Frederiks Universitet som i 1939 blei omdøypt til Universitetet i Oslo. Frå fotografiet blei tatt i bruk på 1860-talet og fram til i dag, er det tatt mange viktige fotografi som kan dokumentera viktige kapittel i UiOs historie. Desse bileta skal no samlast inn og leggjast i eit historisk biletarkiv.

200-årsjubileet

Det er Informasjonsavdelinga som har tatt initiativet til dette medan det er Universitetsbiblioteket som tar seg av det praktiske arbeidet. Også Forum for universitetshistorie deltar i dette prosjektet og håpar å få brukt ein god del av dette biletmaterialet i samband med 200-årsjubileet for Universitetet i Oslo i 2011. Bibliotekdirektør Jan Erik Røed ved UB er svært glad for at dette prosjektet er kome i gang.

- Ja, eg vil oppfordra alle som har arbeidd eller arbeider ved UiO til å sjå om dei kan finna verdifulle bilete som har med undervisning, forsking eller studentliv å gjera. Og me er sjølvsagt også interesserte i bilete av bygningar. Men det er viktig å understreka at folk må senda inn svar på den førespurnaden me alt har sendt til einingane før bileta kan sendast til UB, seier Røed.

Rottegift og anna materiell

Den praktiske delen av innsamlingsjobben er det informasjonskonsulent Lars Petter Johansen ved UB som held på med. Saman med ein fotokonservator frå Nasjonalbiblioteket var han for kort tid sidan på synfaring i kjellaren i Eilert Sundts hus.

- Der oppdaga me mange gamle bilete som låg strøydde omkring saman med rottegift og anna materiell. Det er berre snakk om tid før desse bileta blir øydelagde, om me ikkje tar vare på dei og lagrar dei på rett måte, konstaterer han. Men førebels er ikkje spørsmålet om korleis bileta skal takast vare på avgjort.

Kopi av originalbileta

- Det kan henda me kan arkivera bileta i tempererte rom her ved Universitetsbiblioteket, men då må desse romma klargjerast spesielt til dette formålet. Og det vil seia at det vil kosta ein god del pengar. Difor kan alternativet vera å lagra bileta i spesialromma til Nasjonalbibliotekets avdeling i Mo i Rana, forklarar Røed. Han legg til at dei forskjellige fagmiljøa då vil kunna ta kopi av originalbileta dersom dei ynskjer det.

- Me vil nemleg ikkje ta bileta frå miljøa utan at dei skal få ein viss kompensasjon for det, understrekar bibliotekdirektøren. Både han og Johansen legg vekt på at det er dei forskjellige fagmiljøa og dei andre einingane ved universitetet som sit på historia til kvart bilete.

- Difor skal ikkje folk senda desse bileta direkte til oss sånn utan vidare. Dei må venta til dei får eit brev frå oss, der me vil be dei om å fortelja historia bak kvart bilete. Utan denne kunnskapen vil flesteparten av bileta vera verdilause, meiner Røed og Johansen.

I første omgang vil Lars Petter Johansen prøva å kartleggja kor mange bilete det kan bli aktuelt å samla inn. Deretter vil han og Røed tilkalla fotokonservatorar som kan gå gjennom bileta anten ved UB eller ved Nasjonalbiblioteket for å finna ut kva bilete det kan vera verdt å ta vare på.

- Når kartleggingsarbeidet er ferdig, vil det sjølvsagt bli naudsynt å setja av pengar til løn for dei som skal gå gjennom bileta, katalogisera dei og leggja dei i det historiske biletarkivet. I tillegg vil det koma materiellutgifter og kostnader ved skanning og kopiering, seier Røed.

Nybrottsarbeid

Også forfattaren av boka om Universitetet i Oslos historie, førsteamanuensis John Peter Collett ved Forum for universitetshistorie, er interessert i desse bileta.

- Ikkje minst er det bilete frå 1950- og 1960-talet som kan dokumentera studentlivet like etter at dei nye universitetsbygningane på Blindern blei ferdige han ynskjer seg mest av alt. Men alle bilete som har tilknyting til Universitetet i Oslos historie er interessante for oss, understrekar Røed og Johansen. Dei legg også vekt på at arbeidet med å etablera eit historisk biletarkiv er eit nybrottsarbeid.

- Dette prosjektet vil vera med å gjera folk i universitetsmiljøet meir medvitne om kor viktig foto er som historisk arkivmateriale. Og me ser heller ikkje bort frå at dei beste bileta kan koma ut i bokform i samband med 200-årsjubileet til Universitetet i Oslo i 2011, fortel dei to.

Emneord: Feature Av Martin Toft
Publisert 15. des. 2000 13:53 - Sist endra 10. des. 2008 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere