Tusenvis protesterte mot statsbudsjettet
Over 2000 studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo deltok torsdag 16. november i demonstrasjonen mot regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Markeringa blei organisert av Studentparlamentet, Forskarforbundet 2FO og Norsk Tenestemannslag, men hadde full støtte frå universitetsleiinga.
Universitetsplassen var mest full av studentar og tilsette ved UiO, då protestmarkeringa tok til klokka 14.00. Heile Kollegiet med rektor Kaare R.Norum og prorektor Rolv Mikkel Blakar i brodden, stillte opp i kappene sine medan Studentparlamentet og fagforeiningane stilte opp med banner og flygeblad. Kunnskap koster, uvitenhet koster mer, var eit av slagorda som blei brukt. Representantar for alle dei tre fagforeiningane, leiar for Studentparlamentet Jon A. Evang og rektor Kaare R. Norum heldt appell før demonstrasjonstoget gjekk frå Universitetsplassen til Stortinget.
Åtak på Arbeidarpartiet
Alle gjekk til åtak på det dei kalla for regjeringa sine
lovnadsbrot i utdannings- og forskingspolitikken.
- Arbeidarpartiet klagar over at det går tilbake på
meiningsmålingane fordi det ikkje får fram politikken sin
godt nok. Det er ikkje rett. Årsaka er at partiet fører feil
politikk. No må Arbeidarpartiregjeringa sikra Noreg som
kunnskapsnasjon og gi universiteta nok ressursar til å
utvikla dei menneskelege ressursane me har, sa NTLs Ulrik
Sverdrup.
Kristian Mollestad frå Forskarforbundet fylgde opp med å spørja korleis utdannings- og forskingsminister kunne hevda at det slett ikkje er rett at dette er det verste utdannings- og forskingsbudsjettet i historia slik leiaren for Universitets- og høgskulerådet, rektor ved Universitetet i Tromsø, Tove Bull har hevda.
- Kanskje var det verre i 1975. Men med dette budsjettframlegget vil det knapt vera mogleg å lysa ut fleire doktorgradsstipend i framtida sidan regjeringa tar over 80 millionar kroner frå oss. Kan Giske svara oss på korleis Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet skal kunna spara inn 20 millionar kroner på eitt år? Nei, det ser ut som om det er viktigare for Arbeidarpartiet å gi folk billegare bensin, sprit og kjøt. Takk for at de verkeleg viser det norske folket kva verdiar dei skal setja pris på, sa Moldestad.
Sats på kunnskap
Unni Bingen frå 2 FO understreka kor hardt dette
budsjettframlegget vil råka forskinga som er basert på
teknologi og hjelpemiddel.
- Desse forskingsmiljøa treng heile tida pengar til drift
elles får ikkje realfagstudentane den undervisninga dei har
krav på. Eg ynskjer meg eit sterkt universitet som kan vera
fremst i Noreg og i front i Europa. Slik vil eg at me skal gi
universitetet vidare til neste generasjon. Det vil seia at
dersom det norske samfunnet skal ha noko å leva av når
oljeinntektene tar slutt, må politikarane satsa på det som
sit mellom øyrene på folk, altså kunnskap, sa Bingen.
Leiar for Studentparlamentet Jon A. Evang var positivt
overraska over at så mange deltok i demonstrasjonen.
- Det hadde eg slett ikkje drøymt om. Likevel er dette ein
trist dag, slik det har vore mange triste dagar for dei som
er opptekne av forsking og høgare utdanning sidan framlegget
til statsbudsjett blei presentert i haust. Det er utruleg kor
liten kreativitet regjeringa viser for å kunna satsa på
framtidig utdanning- og forsking i høve til alle ressursane
dei bruker for å få ned prisen på bensin og kjøt. Å vera
student er det minst attraktive du kan gjera, for me er i
ferd med å få ei utvikling der me berre blir tilbydd
masseforelesingar med pugging og avsluttande eksamen, meinte
Evang.
Ikkje tigging
Rektor Kaare R. Norum understreka i sin appell at det ikkje
var nokon grunn for Universitetet i Oslo å stå med lua i
handa og tigga om meir pengar frå staten.
- Me skal tilby samfunnet å nytta seg enda meir av dei
menneskelege ressursane på universitetet, både studentar,
vitskapsfolk og andre tilsette. Etter at Forskingmeldinga
blei vedtatt i Stortinget i vår, hadde me trudd at
politikarane hadde satsa på utdanning og forsking. Difor er
det i vonbrot over at framlegget til utdannings- og
forskingsbudsjett blei så dårleg at me deltar i denne
protestmarkeringa i dag, sa UiO-rektoren.
Etter appellen gjekk demonstrantane med kollegiemedlemane i
front frå Universitetsplassen til Stortinget, der Norum heldt
ein ny kort appell.
250 millionar til universiteta
Deretter gjekk han inn i Stortinget for å levera
protestbrevet frå studentane og dei tilsette ved UiO til
fungerande stortingspresident Hans Røsjorde. I brevet blir
det vist til at løyvingane til UiO er barberte med 63
millionar kroner i budsjettframlegget. På vegner av alle dei
fire universiteta, krev dei at dei folkevalde styrkar
universiteta med 250 millionar kroner. I motsett fall ser UiO
seg nøydd til å skjera ned aktivitetsnivået på forskingssida,
heiter det i brevet. På vegner av Stortingets presidentskap
takka Røsjorde for brevet, men han kunne ikkje lova noko
betre budsjett.
- Men eg er sjølv cand.real. så eg har god kunnskap om høgare
utdanning, understreka han, før han uttrykte ei viss grad av
misunning over den fine rektorkappa til Norum.
- Ei slik kappe skulle gjerne Stortingspresidenten også hatt,
meinte Røsjorde.
For å kommentere på dette dokumentet må du logge inn.
Om du ikkje har UiO- eller Feide-brukarnamn, kan du opprette ein WebID-brukar.