210 millionar kroner ekstra til universiteta

Budsjettforliket mellom Arbeidarpartiet og sentrumspartia inneber at universiteta får 210 millionar kroner ekstra i høve til det opprinnelege budsjettframlegget frå regjeringa. - No kan universiteta sitt omstillingsarbeid halda fram, seier rektor Kaare R. Norum ved Universitetet i Oslo.

- No kan me setja kreftene inn på å skapa eit betre læringsmiljø for studentane, meiner rektor Kaare. R. Norum.
Foto: Ståle Skogstad

Norum er svært glad for at budsjettforliket har gitt dei fire norske universiteta 210 millionar kroner i auke i høve til det første budsjettframlegget frå regjeringa.

- Med dette byrjar signala i Forskingsmeldinga om ein reell vekst i midlane til forsking å visa seg, understrekar Norum i ei pressemelding frå Universitetet i Oslo.

500 millionar til Forskingsfondet

Dei ekstra løyvingane til universiteta skal gå til auka driftsrammer, omstillingsmidlar til forskingsopptrapping og oppheving av kutt for reduserte studenttal. Dessutan har sentrumspartia fått gjennomslag for å auka avsetjinga til forskingsfondet med 500 millionar kroner, går det fram av Kristeleg Folkepartis nettsider.

UiO-rektoren fortel at dei politiske grepa som her er gjort har ført til at optimismen kan vinnast tilbake i universitetssamfunnet. Han er også overtydd om at den store demonstrasjonen som blei gjennomført i Oslo torsdag 16. november, hadde ein del å seia for resultatet.

- No kan me setja kreftene inn på å skapa eit betre læringsmiljø for studentane og halda fram med arbeidet med å leggja forholda betre til rette for dei gode forskingsmiljøa, seier Norum.

Også meir til høgskulane og utanlandsstudentane

Dei statlege høgskulane får 39 millionar kroner i auka driftsrammer medan dei private høgskulane får 30 millionar kroner til det. Nasjonalt senter for menneskerettar som er synonymt med Institutt for menneskerettar får tildelt 5 millionar kroner ekstra, medan det i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett var sett av ein halv million kroner til dette formålet.

Budsjettforliket fører også til at medieforskinga på universitetsnivå får 1,4 millionar kroner, medan heile denne potten var sett av til Institutt for journalistikk i Fredrikstad i budsjettframlegget til Arbeidarparti-regjeringa. Også utanlandsstudentane kan gleda seg over denne budsjettavtalen; ordninga med å tilbakeføra gebyrstipend for utanlansstudentar blir nemleg vidareført, og det er gjort framlegg om ei løyving på 12 millionar kroner på denne posten.

I budsjettavtalen blir det også understreka at regjeringa i samband med Revidert nasjonalbudsjett skal leggja fram ei drøfting av Hervikutvalets innstilling med mål om ein større forskings- og utviklingsinnsats i næringslivet. Også studentar og lærarar ved kunstutdanningsinstitusjonane kan sjå litt lysare på framtida etter at denne budsjettavtalen er komen i hamn. Arbeidarpartiet og sentrumspartia har nemleg kome med framlegg om å løyva 4,2 millionar kroner til høgare kunstutdanning. Når det gjeld anna forsking er det sett av ein ekstra sum på 25 millionar kroner øyremerkt næringsretta forsking innan fiskeri og havbruk.

Mindre til NFR

Men det finst også ein del institusjonar innanfor forskings-Noreg som må tola å få reduserte løyvingar på statsbudsjettet for 2001. Høgskulane får nemleg redusert løyvingane til innkjøp av alt annan utstyr enn vitskapleg utstyr med 10 millionar kroner. I tillegg får Noregs forskingsråd (NFR) skore ned løyvingane til administrasjon med 3 millionar kroner.

Emneord: Økonomi Av Martin Toft
Publisert 20. nov. 2000 12:27 - Sist endra 10. des. 2008 14:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere