Den digitale Ibsen og robotkirurgi

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1999


Henrik Ibsen som maktutgreiar og grensesprengjar. Robotkirurgi og hjarteforsking. Det er ein del av stikkorda for Forskingstorget som blir skipa til på Universitetsplassen i Sentrum frå fredag 24. til laurdag 25. september.

Av Martin Toft

- Me satsar først og fremst på å nå ungdomar som kan tenkja seg å studera realfag. Håpet er at Forskingstorget kan vekkja deira interesse for forsking ved å visa dei døme på kva forsking som blir drive i Noreg. Men alle som har lyst til å vita meir om forsking, er sjølvsagt hjarteleg velkomne, seier Mocci Ryen, som er prosjektleiar for Forskingtorget.

Initiativtakarar er Universitetet i Oslo, Noregs forskingsråd, Handelshøyskolen BI og alle dei vitskaplege og statlege høgskulane i Akershus og Oslo. Arrangementet skal opnast av rektor Kaare R. Norum fredag 24. september klokka 11.45, og eit kvarter seinare vil Den norske Kreftforening markera kreftdagen ved å dela ut kong Olavs kreftforskingspris.

Dramatisert maktutgreiing

Det mest spesielle tiltaket vil truleg Det samfunnsvitskaplege fakultetet ved UiO stå for.

- Ja, i tilknyting til presentasjonen av Makt- og demokratiutgreiinga 1998-2000 vil skodespelarar framføra scener frå Ibsens teaterstykke som illustrerer fleire av temaene i denne utgreiinga. Dessutan vil også Ibsenforskinga ved Senter for Ibsenstudiar ved UiO bli presentert. Der vil folk få høyra meir om prosjektet Henrik Ibsens Skrifter og arbeidet med å laga digitale faksimilar av alle Ibsenmanuskripta og brev slik at det kan publiserast på internett. Også arbeidet med den internasjonale Ibsenbibliografien blir presentert på Forskingstorget, fortel Ryen. Hjarteforsking og robotkirurgi er andre forskingsfelt som det skal skapast blest om under denne tilskipinga.

Robotkirurgi

Institutt for eksperimentell forsking ved Ullevål sykehus vil forklara kva dei har funne ut om kva som skjer når hjarteinfarkt og hjartesvikt oppstår. Dei vil dessutan fortelja om kva nye metodar som kan takast i bruk i behandlinga av hjartepasientar. Intervensjonssenteret ved Rikshospitalet vil visa korleis robotar kan brukast som hjelpemiddel innanfor kirurgien, listar ho opp. Vatn, plantar og sopp er andre ting som forskingsinteresserte kan få vita meir om på Forskingstorget. Mocci Ryen synest likevel mange forskarar kunne ha vore meir viljuge til å stilla opp med foredrag under Gateuniversitetet på Universitetsplassen frå 10 til 14 begge dagar.

Det har vore vanskeleg å få vekt interessa til forskarane for å vera med på Forskingstorget. Men då me først klarte å overtala dei, har dei vist evner til masse kreativ tenking. Mange forskarar gjer diverre ikkje nok for å gjera forskinga si kjent, konstaterer ho. Alle som vil vita meir om Forskingstorget kan slå opp på fylgjande internettadresse:

www.admin.uio.no/forskningstorget


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 13 1999

Publisert 20. sep. 1999 15:50 - Sist endra 1. sep. 2014 13:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere