Vil ha eit slankare universitet

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 1 1999


Norum innsett som rektor:

REKTORSKIFTE: Nyvald rektor Kaare R. Norum får overrekt rektorkjeden av avtrappande rektor Lucy Smith (Foto: Kirsten Jensen)

- Me må flytta på fagområde, bli færre forskarar og kontorfolk. Me må ta vare på talenta våre. Lat oss som idretten få lov til å bli elitistiske. Det sa Kaare R. Norum i innsetjingstalen sin under rektorinaugurasjonen i Universitetets Aula fredag ettermiddag.

Av Martin Toft

Universitetets Aula var mest fullsett då den akademiske prosesjonen med det nye Kollegiet i brodden fylgd av universitetsdirektør Tor Saglie, assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien, nyvald rektor Kaare R. Norum, tidlegare rektor Lucy Smith og dekanane gjekk fram og inntok plassane sine på podiet. Det gjorde dei til tonane frå Richard Nordraaks Purpose frå Maria Stuart, framført av Universitetets symfoniorkester. Den Norske Studentersangforening heldt fram med Edvard Griegs Sangerhilsen og Dæ æ so fagert i Finneslotte, norsk folketone etter Knut Nystedts arrangement.

Eit forsvar for universitetsideen

Då var det avtrappande rektor Lucy Smiths tur. Med faste steg gjekk ho fram til talarstolen som ho så ofte hadde talt frå tidlegare, for å halda sitt retoriske testamente. Med rektorkjeden over skuldrane skoda ho utover forsamlinga før ho begynte forsvarstalen sin for universitetsideen.

- Universitetet må ikkje bli så kommersialisert at det taper sjela si. Dei som har tru på framtida til universitetet må difor arbeida for at universitetet ikkje mister sjela si og blir marginalisert i det nye samfunnet. Universitetet må verna om den akademiske fridomen og ytringsfridomen og den nære samanhengen mellom forsking og undervisning. Institusjonen skal også bera fram kritikken av samfunnet, finna ut kva som er godt for samfunnet og handla etter det, sa Lucy Smith som understreka at eit stort universitet også kan vera eit kvalitetsuniversitet.

Knappe ressursar eit trugsmål

- Diverre har våre to viktigaste mål, auka kunnskap og fleire studentar, også blitt det største problemet for oss. På denne måten utgjer dei knappe ressursane me får, eit trugsmål for Universitetet i Oslo. Samstundes synest eg at motstandsevnen mot endringar til tider kan vera for sterk, slo ho fast. Deretter ba ho rektor Kaare R. Norum om å koma bort til talarstolen, før ho tok av seg rektorkjedet og la det over skuldrene til Norum. Før han kunne innta talarstolen, framførte Kvindelige Studenters Sangforening Bruremarsj frå Seljord og Duruflés Tota Pulchraes.

Vil redusera talet på tilsette

I innsetjingstalen sin la Norum vekt på å fylgja opp arbeidet med kvinneperspektivet som Lucy Smith hadde sett i gang. Han ville også slanka universitetet ved å redusera talet på studentar og tilsette.

- Dette kan me gjera ved å gjera om professorat til åremålsstillingar for yngre kvinner og menn. Eg vil ha tilbake ordninga med seniorstipend slik at dei yngre forskarane slepp til, sa Norum, som også vil be styresmaktene om å føra mindre kontroll med universitetet.

- Det er meiningslaust at så mange forskarårsverk og så mykje administrasjon går med til å føra dobbelt rekneskap og kontroll som slett ikkje er naudsynt, meinte Norum.

Skal gjera studentar og tilsette stolte over UiO

Han lovde å gjera alt han kunne for at tilsette og studentar skulle vera stolte over UiO før han til slutt inviterte Oslo kommune til å vera med på arbeidet med å laga ein heilskapleg plan for Sørenga i Gamlebyen.

- Difor ynskjer me å flytta Dei kulturhistoriske musea til den påtenkte mellomalderparken på Sørenga. Tenk dykk kva fantastisk bydel, Gamlebyen då kunne bli! sa Norum. Han lovde å ta omsyn til behova til studentane.

Støttar kravet om læringsmiljølov for studentar

- Eg ynskjer å lytta til studentane og har stor forståing for ynskjet deira om ei eiga læringsmiljølov. Til slutt bad Norum skodespelaren Ragnhild Hilt om å koma fram for å lesa diktet Byggje tårn av Tor Jonsson. Rektorinaugurasjonen blei avslutta med Edvard Griegs Ballade i g-moll, framført av pianisten Joakim Anselmby og hyllesten til alle verdas akademikarar, Gaudeamus igitur, frå 1300-talet, framført av dei to sangforeiningane og forsamlinga. Først då kunne prosesjonen forlata salen, før Universitetet i Oslo inviterte 220 gjester med statsråd Jon Lilletun i brodden, til æresmiddag for avtrappande rektor Lucy Smith på Hotel Continental.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 1 1999

Publisert 23. feb. 1999 14:46 - Sist endra 1. sep. 2014 13:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere