<b><font face="Concorde BE Regular" size="5"></font></b>Oppslagstavle på nett

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 04 1998

Skal du selja sykkelen din, kjøpa nytt husvære eller bytta Fjodor Dostojevskis bind i samling med Jostein Gaarders samla litterære produksjon, vil det no vera mogleg å gjera det via den elektroniske oppslagstavla til Universitetet i Oslo.

Av Martin Toft

{short description of image}
TAVLA: Dette er den elektroniske oppslagstavla til Universitetet i Oslo.(Montasje: Ståle Skogstad)

Du finn den ved å gå inn på UiOs heimeside, og ved å trykkja deg inn på knappen "Oppslag". Opp kjem sida Oppslagstavle for Universitetet i Oslo. Der vil du også få vita kva gjesteforelesingar som skal haldast på dei forskjellige fakulteta på bestemte datoar. Er du interessert i kultur, konsertar eller festar, kan du også finna det ut ved å gå inn på posten "Sosiale arrangement". Overingeniør Svein Dølven ved USIT har hatt hovudansvaret for å oppretta oppslagstavla.

1500 arbeidstimar

- Til saman har me sikkert brukt over 1500 arbeidstimar på denne oppgåva. Først hadde med mykje arbeid med å gjennomføra ei spørjeundersøking rundt omkring på fakulteta, sentraladministrasjonen og dei andre einingane til UiO for å finna ut kva folk meinte det ville vera behov for på ei oppslagstavle. Difor har tavla blitt slik den har blitt, fortel han. I dag har einingane på UiO sin eigen stad på Oppslagstavla.

- Det som skjer på eit fakultet vil registrerast både på arrangementsoversikten til dette fakultetet og på den felles arrangementsoversikten til heile universitetet. Og kvar eining på UiO vil ha ein person som er ansvarleg for kva som står på deira tavle, forklarar Dølven.

Kollegiepapira

Om kort tid skal det også bli lettare å fylgja med på kva som skjer på det politiske plan på UiO via Oppslagstavla.

- Ja, i løpet av denne veka vil også Universitetsdirektørens kontor knytta seg til denne tavla. Då vil det bli mogleg å få ei lenke til sakspapira til møta i Kollegiet og Kollegierådet, fortel Dølven. Inne på tavla ligg det også informasjon frå Studentparlamentet og arrangørar av andre studentaktivitetar. Dersom du er ute etter å finna ut om det er nokon som kan tenkja seg å opna pengesekken til akkurat den idéen til hovudfags- eller doktorgradsoppgåve som du held på med, kan du gå inn på Oppslagstavla og finna fram til posten "Stipend og legater". Der kan det skjula seg mange nedsalta kronestykke som berre ventar på å bli brukte til den rette oppgåva.

- Ja, eg håpar verkeleg at folk på universitetet tar i bruk Oppslagstavla. Det er ein fin og effektiv måte både for å henta og få ut informasjon, seier Svein Dølven.

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 04 1998
Publisert 13. mars 1998 12:53 - Sist endra 1. sep. 2014 13:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere