­ Mykje varme i ei stormfull tid

Forsiden Uniforum 02/97
­ Jentene på teologi har kome og klemt meg og spurt om dei skulle invitera meg på middag. Og fakultetsrådet sende meg ein stor blomsterbukett då det storma som verst. Eg har vore ute i storm før, men aldri møtt så mykje støtte som no.

AV GRO LIEN GARBO

Fortel Berge Furre, professor ved Det teologiske fakultet og styrar på Institutt for kyrkjehistorie ­ dessutan medlem i Lundkommisjonen og hovudperson i den såkalla «Furre-saka».

Å sjå til upåverka av at han sjølv stadig er det viktigaste diskusjonstema i nyhendesendingane, tek han imot på sitt kontor. Tidlegare på dagen har han hatt eksamen i praktisk teologi ­ tema: Sjelesorg, han har gitt rettleiing og førelese i kyrkjesoge ­ emne: Kyrkja i møte med moderniteten, og han har delteke på andakt og opning av ei maleriutstilling på instituttet, har hatt møte med instituttsekretariatet for Institutt for kyrkjehistorie ­ og rettleidd igjen.

Klokka er kvart på tre då vi treffer Furre. Det gjeld å halde eit visst tempo. Nok ein journalist er venta om ein halv time.

­ Eg har mykje arbeid å ta igjen, seier Furre.

I to år var han lånt ut til Lundkommisjonen. Berre éin dag i veka fekk fakultetet ha glede av han, men i fjor vår var han tilbake på plass i Domus Theologica.

­ Du hadde kanskje sett fram til ei roleg tid?

­ Ja, du veit det er utruleg kva vi professorar trur vi skal få gjort i dei ti dagane mellom hausteksamenskjøret og jul, men det var det eksploderte rundt meg.

­ Korleis har du opplevt denne tida?

­ Eg har stått i storm før og har vel aldri fått så stor støtte som nå. Problemet er at det tek så mykje tid. Då eg voks opp, var det berre ein kanal på NRK å sjå på. No er det eit mangfald av kanalar, og det er vanskeleg å ikkje stilla opp for dei alle. Det krev dessutan 100 prosents konsentrasjon å bli intervjua.

­ Dette kjøret må vel ha gått ut over konsentrasjonsevna på jobb?

­ Eg trur eg har fått gjort jobben min som eg skal. Vi nærmar oss slutten på det store forskingsprosjektet «Moralprosjektet», som eg tek aktivt del i, og eg har mellom anna fått skrive eit utkast til min bit til sluttboka. Har det gått ut over nokon, er det kanskje studentane. Det har vore freistande å knappe litt inn på rettleiingstida. Dessutan opplever dei meg nok litt meir stressa enn vanleg.

­ Trur du telefonen din på universitetet har vore avlytta?

­ Nei, eg trur ikkje dét. Men som du veit har eg ikkje sett mappa mi. Dét eg veit, er at eg i periodar har vore skygga og vel også avlytta i visse periodar, men alt dette er lenge sidan.

­ Har du blitt meir mistruisk til folk etter å ha vore overvaka i så mange år?

­ Nei. Under den kalde krigen var dette ein del av kvardagen. Vi vande oss til det. I dag ville det vore noko anna, men eg tenkjer ikkje på det. Heime har eg skaffa meg ei såkalla ISDN-linje. Dei skal vera lettare å avlytta enn vanlege telefonlinjer, men eg har ikkje late det stoppa meg. Eg har behov for linja for å kunna jobba heime. Eg har alltid oppført meg normalt slik sett og gjort ting eg elles ville ha gjort ­ uavhengig av eventuell overvaking.

­ Kva har sjokkert deg mest den siste tida?

­ Det at det var sett i gang etterforsking av meg medan eg sat i Lund-kommisjonen og at leiinga for overvakingstenesta og statsadvokaten stilte seg bak dette ­ det var uventa. Kjetil Lund, som såg mappa mi, fekk nyss om etterforskinga, og då han konfronterte overvakingssjefen med det, fekk han inntrykk av at han var skamfull og ville stoppa det heile. I staden trappa dei opp etterforskinga. Dét hadde eg aldri trudd ville skje. Lundkommisjonen var jo oppnemnd av eit einstemmig storting og fekk melding om at vi var sikkerhetsklarerte. At dei som skulle kontrollerast, sjølve begynte å kontrollera den andre vegen ­ om det sjokkerte meg, ja, det var i alle fall uventa.

­ Du forstår ikkje Kåre Willoch då, som synest det er katastrofalt at politisk press kan føra til at etterforsking av ein kjend person blir stoppa?

­ Willoch har skote blink mange gonger, men denne gongen var det fullstendig skivebom. Det er ikkje dét denne saka dreiar seg om.

­ Sit du klistra til nyhendesendingane om dagen?

­ Nei, det har eg ikkje tid til. I går skulle eg gjerne ha sett «Holmgang», men då var eg i styret for Det Norske Teatret. Og høyringane som går frå morgon til kveld, er det ikkje råd å få med seg. Men når høyringane kjem til den såkalla «Furre-saka», må eg nok følgja med ...

VARME: Professor Berge Furre er takksam over den varmen kollegaer og studentar har vist han. Her er det studentane Gunhild Svalastog og Elisabet Toven Disen som «klemmer til». (Foto: Ståle Skogstad)


Forsiden Uniforum 02/97

Publisert 3. feb. 1997 08:44 - Sist endra 1. sep. 2014 13:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere