Tove Lie tildelt prisen som Årets fagpresseredaktør

REDAKTØRPRIS: Khrono-redaktør Tove Lie er tildelt prisen som Årets fagpresseredaktør. Biletet er frå markeringa av femårsjubileet til avisa.

Foto: Ola Sæther

Khrono-redaktør Tove Lie er tildelt prisen som Årets fagpresseredaktør. Det skjedde då Fagpressa i går feira seg sjølv med å dela ut prisar i fleire kategoriar. Grunngjevinga til juryen for å gi redaktørprisen til Tove Lie er mellom anna "det kontinuerlige arbeidet for økt åpenhet i universitets- og høgskolesektoren, for sitt nyskapende arbeid for å bygge opp en fri og uavhengig stemme i denne viktige sektoren og for sitt mot til å sette seksuell trakassering på dagsorden – lenge før #metoo.», heiter det.   Årets journalistpris gjekk til Sissel M. Rasmussen i fri fagbevegelse/LO-Aktuelt for reportasjen "Bygda som lever av de døde." Fagpresseprisen gjekk til Forsvarets forum, medan Fagpressas gravepris gjekk til Kommunal Rapport.

Les meir om prisane på nettsida til Fagpressa.

Emneord: Priser, Journalistikk
Publisert 8. juni 2018 15:15 - Sist endra 8. juni 2018 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere