Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth frå Universitetet i Oslo blei i dag utnemnt til den første norske æresprofessoren ved Tsinghua University i Kina. Ifylgje fungerande kommunikasjonsdirektør Stein Roar Fredriksen, som var til stades under seremonien, blei Stenseth trekt fram som svært viktig for samarbeidet mellom Tsinghua University, Noreg og Universitetet i Oslo. Ein stor del av UiO-delegasjonen, med rektor Svein Stølen i brodden, var på plass då Stenseth fekk utdelt tittelen som æresprofessor av administrerande rektor ved Tsinghua University, Qiu Yong.
Stenseth blei utnemnt til æresprofessor ved Tsinghua University i Kina
ÆRESPROFESSOR I KINA: Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved UiO blei i dag utnemnt til æresprofessor ved Tsinghua University i Kina. Det var administrerande rektor Qiu Yong som delte ut æresdoktoratet. I bakgrunnen står UiO-rektor Svein Stølen.
Publisert 17. apr. 2018 11:20
- Sist endra 19. apr. 2018 09:52
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere