Nobelpris i økonomi til Richard Thaler

Økonomiprofessor Richard Thaler er tildelt Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap. Det kunngjorde Kungl. Vetenskapsakademien i dag.  Richard Thaler, som arbeider ved University of Chicago, får prisen for bidraget sitt til teorien om åtferdsøkonomi.  Han har utvikla analysen av økonomiske avgjerder med velgrunna psykologiske  vurderingar. Gjennom å undersøkja konsekvensane av avgrensa rasjonalitet, sosiale preferansar og manglande sjølvkontroll, har han vist korleis desse menneskelege karakterane styrer både individuelle avgjerder og utfall på marknadene  på ein måte som det er mogleg å sjå på førehand, heiter det i grunngjevinga frå Kungl. Vetenskapsakademin. Denne prisen har tidlegare gått til dei norske økonomiprofessorane, Ragnar Frisch, Trygve Haavelmo og Finn E. Kydland.

Emneord: Økonomisk institutt, Priser
Publisert 9. okt. 2017 14:01 - Sist endra 9. okt. 2017 14:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere