Uniforum har ledig vikariat som journalist

Det er ledig eit vikariat som journalist i 60 prosent stilling i Uniforum frå 1. oktober i år til 1. april 2018. Uniforum er avisa for dei tilsette ved Universitetet i Oslo, og den blir redigert etter prinsippa i Redaktørplakaten og Ver varsam-plakaten.

Er du interessert i å skriva om universitetspolitikk ved UiO og om forskingspolitikk, er dette jobben for deg. Journalistisk erfaring er ein føresetnad.  Redaksjonen held til i hyggelege lokale i Nemko-bygningen i Gaustadalleen. Ta kontakt med ansvarleg redaktør Martin Toft på telefon 4151 4038 eller på e-post: martin.toft@uniforum.uio.no innan torsdag 14. september.

Emneord: Journalistikk
Publisert 8. sep. 2017 12:25 - Sist endra 8. sep. 2017 12:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere