Husværet til sakna UiB-student er funne

Ingen skal ha vore til stades i husværet som UiB-student Ommund Veim Eikje skal ha leigd i Avignon,  melder nrk.no,  ifylgje På Høyden.

– Lokalt politi har vore i kontakt med utleigar, som stadfestar at Ommund har betalt eit større beløp kontant som depositum for leilegheita, seier Ove Eikje til nettstaden. Han er onkel til den sakna studenten. Husværet blei funne i ei anna gate enn der familien først leita. Eikje er student ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier på Universitetet i Bergen. Han er for tida på utveksling i Avignon søraust i Frankrike.

Ifølge nrk.no skal Eikje ha tatt ut pengar frå kontoen sin 2. september. Han skal også ha lagt ut nokre bilete på Instagram. Eikje er også etterlyst i heile Schengen-området. Politiet har via Kripos bedt fransk politi om bistand. Politiet held den sakna studenten sin bankkonto og mobiltelefon under oppsikt. Ifølge påtaleansvarleg jurist Pål Jæger-Pedersen er det for tidleg å seie noko om eventuelle bevegelsar her.

Emneord: Frankrike, Studentforhold
Publisert 21. sep. 2017 17:12 - Sist endra 21. sep. 2017 17:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere