Held undersøking av arbeidsmiljøet på universitet og høgskular hemmeleg

Universitetet i Bergen og NTNU vil halde  resultata av arbeidsmiljøundersøkingar hemmeleg, trass i at den overordna klagenemnda har avgjort at rapportane er offentlege, skriv På Høyden.

Den uavhengige universitetsavisa På Høyden har i meir enn eitt halvt år freista å få ut resultata frå medarbeidarundersøkinga ARK frå både UiB, NTNU og andre institusjonar.

ARK-undersøkinga er eit samarbeid mellom norske universitet og høgskular, og kartlegg arbeidsmiljø og organisasjonsklima på ein standardisert måte. Dette blir gjort på ulike nivå, som til dømes institutt. Universitetet meiner uansett at dokumenta må vere hemmelege av omsyn til forsvarleg personalforvalting, og at dokumenta er organinterne.

På Høyden har klaga til Felles klagenemnd, som er oppnemnt som klageorgan av Kunnskapsdepartementet, og fått så godt som fullt medhald:  Klagenmenda slår fast at dokumenta ikkje er organinterne, då det er NTNU som lagar dei for dei andre institusjonane.

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold
Publisert 8. des. 2017 11:11 - Sist endra 8. des. 2017 11:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere