Amerikansk trio får nobelprisen i medisin for oppdaginga av vår indre klokke

Dette er dei tre amerikanske professorane som deler Nobelprisen i medisin 2017. Frå venstre Jeffrey C. Hall, Michael Rosbash og Michael W. Young.

Foto: Nobelförsamlingen ved Karolinska Institutet

Dei tre amerikanske medisinprofessorane Jeffrey C. Hall, Michael Rosbash og Michael W. Young er tildelt Nobelprisen i medisin eller fysiologi for 2017. Det har Nobel-forsamlinga ved Karolinska Institutet bestemt i dag. Dei får prisen får oppdagingane av dei molekylære mekanismane som styrer den såkalla cirkadiske rytmen.  I den vidare grunngjevinga står det at dei har funne ut korleis det biologiske urverket fungerer både hos plantar, dyr og menneske. Hall, Rosbash og Young har lykkast i å lyfta på loket til cellene si indre klokke og har kunna visa korleis den verkar, står det i grunngjevinga frå Nobelforsamlinga. Oppdagingane deira forklarar korleis, vekstar, dyr og menneske gjer fysiologien sin best mogleg, slik at den er godt førebudd på dei ulike fasane av døgeret, heiter det. Dei tre prisvinnarane arbeider ved tre forskjellige universitet i USA. Rosbash ved Brandeis University i Massachusetts, Young ved Rockefeller University i New York og Hall ved University of Maine. Dei tre deler prispengane på ni millionar kroner.

Emneord: Medisin, Pris, Biologi
Publisert 2. okt. 2017 14:05 - Sist endra 2. okt. 2017 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere