Universitetet i Bergen treng ei eiga uavhengig universitetsavis

Me vil råda UiB-styret til å halda fram med På Høyden som ei uavhengig og kritisk avis på campus. Det er viktig for både universitetsdemokratiet og for å sikra at ulike meiningar får plass i debatten om det som skjer på universitetet, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

TRENG PÅ HØYDEN:  Universitetet i Bergen treng ei uavhengig avis, meiner ansvarleg redaktør Martin Toft i Uniforum, og støttar ansvarleg redaktør for På Høyden, Dag Hellesunds (biletet)  engasjement for å berga avisa.

Foto: Kim E. Andreassen/UiB

Det er eit tap for mangfaldet av ulike ytringar og meiningar om På Høydens historie som uavhengig avis for Universitetet i Bergen tar slutt i vår. UiB-leiinga ynskjer  at den skal bli slått saman med Khrono, OsloMet – storbyuniversitetets avis. Den endelege avgjerda blir tatt av universitetsstyret 31. mai.  

Det er viktig for både universitetsdemokratiet og for å sikra at ulike meiningar får plass i debatten om det som skjer på universitetet

Me vil råda UiB-styret til å halda fram med På Høyden som ei uavhengig og kritisk avis på campus. Det er viktig for både universitetsdemokratiet og for å sikra at ulike meiningar får plass i debatten om det som skjer på universitetet. I ein leiarkommentar skriv ansvarleg redaktør Dag Hellesund at UiB-rektor Dag Rune Olsen heller vil ha nasjonal glans enn lokalt grums. Også redaksjonen i Uniforum har fått høyra at me har for mange kritiske saker om UiO og for få gladsaker. 

Om me ikkje skriv om dei sakene som universitetsleiinga og andre mektige personar på universitetet ikkje likar, vil me ikkje ta oppgåva vår som vaktbikkje alvorleg. Det er nettopp difor både På Høyden, Uniforum, Universitetsavisa og Khrono blir redigerte etter Redaktørplakaten. Om På Høyden skulle bli ein del av Khrono, blir det ei kritisk stemme mindre blant universitetsavisene.

For uansett kor god nasjonal avis Khrono kan bli, er det vanskeleg å oppnå den same identiteten til den avisa for dei UiB-tilsette som dei i dag har til På Høyden. Derfor er det også viktig at den ansvarlege redaktøren held til på universitetsområdet, og kan ha øyre og auge opne for både positive og negative nyhende på universitetet. Om Khrono skulle overta På Høyden, kan lett større nasjonale saker få så stor plass at nyhende frå Universitetet i Bergen vil forsvinna i konkurransen om å få det best plasserte oppslaget i nettavisa.  

Det blir ikkje meir mangfald om avisa til det tredje største universitetet i Noreg blir lagt ned og blir ein del av Khrono

Alle universiteta er opptatt av mangfald. Det blir ikkje meir mangfald om avisa til det tredje største universitetet i Noreg blir lagt ned og blir ein del av Khrono. Om Bergens Tidende hadde gått  inn i Aftenposten og forsvunne som eiga avis, trur me folk i Bergen og Hordaland ville ha protestert og gjort det dei kunne for å berga avisa si. Det bør også dei tilsette og studentane ved Universitetet i Bergen gjera for å kunna redda På Høyden som ei sjølvstendig avis for Universitetet i Bergen. 

Allereie i dag finn me mange av sakene frå Khrono i På Høyden. Kanskje for mange. Difor kan det vera vanskeleg for mange å sjå den store skilnaden på dei to avisene.  Som eit vennleg råd frå ein ansvarleg redaktør til ein annan, trur eg det ville ha vore lurt å arbeida for at På Høyden har flest mogleg saker skrivne av eigne journalistar og langt færre saker frå Khrono. Då ville eitt viktig argument for å leggja ned På Høyden, falla bort. 

Også Universitetet i Oslo og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim har fått tilbod frå Khrono og OsloMet-rektor Curt Rice om å kjøpa seg inn i eit nasjonalt Khrono. Begge desse to universiteta har takka nei. Det synest me også Universitetet i Bergen bør gjera.

 

Emneord: Journalistikk, Akademisk frihet Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 3. apr. 2018 18:15 - Sist endra 3. apr. 2018 18:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere