Svein Stølen bestod første eksamen

Svein Stølen klarte både å ha styret i ryggen for den vidare handteringa av situasjonen av klinikkdrifta på Psykologisk institutt, samtidig som han klarte å roa psykologistudentane og deira støttespelarar på instituttet, skriv ansvarleg redaktør Martin Toft i Uniforum.

STOD TIL EKSAMEN: Rektor Svein Stølen stod til eksamen då situasjonen for klinikkdrifta på Psykologisk institutt kom på bordet til Universitetsstyret på tysdag, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Foto: Ola Sæther

Universitetsstyret klarte på tysdag å bli einige om eit samrøystes vedtak om situasjonen for klinikkdrifta på Psykologisk institutt. Vedtaket klarte å skapa ro mellom dei harde frontane på Psykologisk institutt, der studentane og klinikarane stod på den eine sida, medan instituttleiinga og deira støttespelarar stod på den andre.

Konflikten hadde lege og ulma sidan før sommarferien, men då instituttleiar Pål Kraft via SV-dekan Nils von der Fehr melde frå om fleire moglege avvik ved klinikkdrifta på Psykologisk institutt, noko som resulterte i at UiO-leiinga stengde klinikken på dagen, eskalerte konflikten. Studentar med teip framfor munnen på eit møte med ein representant for Helse Sørøst, der dei seier høgt at dei ikkje blir høyrt, og eit seinare allmøte med buing, viste kor høg temperatur det var i denne saka.

Når det var avvik i ni av ti lover og retningslinjer som alle norske helseinstitusjonar må fylgja, var det naudsynt av UiO-leiinga å gripa inn for å syta for at det blei rydda opp

Både rapporten frå Kluge Advokatkontor  AS og rapporten frå Internrevisjonen viste at det var heilt på sin plass å stengja klinikken for å få retta opp dei feil og mangla som var der, slik at dei kunne driva klinikken vidare i samsvar med gjeldande lover og retningslinjer.Når det var avvik i ni av ti lover og retningslinjer som alle norske helseinstitusjonar må fylgja, var det naudsynt av UiO-leiinga å gripa inn for å syta for at det blei rydda opp.  

Nettopp derfor kom også handlemåten til UiO-leiinga i dramaet på psykologi opp som ei eiga vedtakssak i Universitetsstyret. I utgangspunktet ville UiO-leiinga at styret skulle gi full tilslutnad til det som var gjort, men dei ville også ha ei førehandsgodkjenning på ting som dei planla å gjera med situasjonen i etterkant. Mellom anna ville dei at Universitetsstyret skulle gi universitetsdirektøren mandat til å forhandla med Lovisenberg Diakonale Sykehus for å kunna få til ein modell med drift av vaksenklinikkane der, på lik linje med barne- og familieklinikken som er blitt driven der i 15 år.

Då saka kom opp i Universitetsstyret var også frontane ganske steile der. På den eine sida var det dei som uttrykte kraftig kritikk av stenginga av klinikken og handteringa av heile saka, til dei som hadde meir forståing for måten UiO-leiinga hadde gått fram på i denne saka.  Det blei også lagt fram to heilt ulike forslag til vedtak.  

Det er i denne situasjonen UiO-rektor Svein Stølen viser storsinn og han legg alle kjepphestar til side og set i gang ein styreverkstad for å få sydd saman eit forslag til vedtak som begge sider av frontlinjene kan gå inn for. Og etter ein del utveksling av tekst mellom dei to forslaga, klarer styret til slutt å redigera saman eit felles forslag til vedtak som alle stemmer for. Ingen liten prestasjon. Dermed klarte Svein Stølen både å ha styret i ryggen for den vidare handteringa av situasjonen for klinikkdrifta på Psykologisk institutt, samtidig som han klarte å roa psykologistudentane og deira støttespelarar på instituttet. I tillegg er det eit vedtak som også instituttleiinga på psykologi fint kan leva med.

Eit viktig punkt som kom med i vedtaket, er at det er institutt- og fakultetsstyret som i første omgang har ansvaret for å finna fram til ei framtidig organisering av undervisningsklinikkane., før Universitetsstyret får saka på bordet. Universitetsdirektøren fekk altså ikkje fullmakt til å halda fram med forhandlingar med Lovisenberg Diakonale Sjukehus for å finna fram til modellar for framtidig organisering.

 Også punktet om at arbeidet for å finna fram til modellar som sikrar fagleg autonomi i utforminga av studentpraksis, blir ført vidare, hjelpte til å få dei stridande partane til å kjøla seg ned. I tillegg gav vedtaket håp om at studentpraksis og pasientbehandling kunne koma i gang igjen så snart som mogleg.  

Men Universitetsstyret bad også universitetsdirektøren i samråd med dei styrande organa og relevante styresmakter om å halda fram med arbeidet med å avdekkja omfanget av brota på relevant lovverk. I vedtaket blir det også understreka at Universitetsstyret ser alvorleg på dei funna som er avdekte ved drifta av klinikken på Psykologisk institutt.

Både rektor Svein Stølen, resten av rektoratet, UiO-leiinga og Universitetsstyret gjorde ein god jobb for å koma fram til eit samrøystes vedtak. Og som lagleiar og rektor, stod Svein Stølen til den første eksamenen han kom opp i. Det lovar godt for det vidare arbeidet i Universitetsstyret.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Psykologisk insitutt, Psykologi, Studentforhold Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 27. okt. 2017 12:10 - Sist endra 27. okt. 2017 12:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere