Sats på humaniora!

I dagens globaliserte verd skulle ein tru at kunnskap om verda rundt oss, ikkje minst språkkunnskapar, ville vore midt i blinken for studentar som ser framover. Dessverre tyder ingenting på det, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

DEN ARABISKE VÅREN: Den arabiske våren viste kor viktig det er med kunnskapar om Midtausten. Biletet er frå ein demonstrasjon mot president Hosni Mubarak  i Egypt i 2011. (Arkivfoto)

Foto: Mohammed Abed/AFP/Getty Images

I dag avslører kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen smakebitar frå innhaldet i den komande stortingsmeldinga om humaniora. Det fører til at desse faga kjem på dagsordenen til media, politikarar og forskarar.

Som regel når det er tale om fag som historie, religionsvitskap, kunsthistorie, teologi og alle språkfaga blir dei snakka ned, og ikkje opp. Det som har vore trendy og framtidsretta, har handla om dei bokstaveleg tala harde faga som medisin, matematikk, informatikk, og andre realfag. Samtidig er fag som kan reknast til humaniora, som til dømes juss, minst like populært, som før.

I dagens globaliserte verd skulle ein tru at kunnskap om verda rundt oss, ikkje minst språkkunnskapar, ville vore midt i blinken for studentar som ser framover. Dessverre tyder ingenting på det. Språkfaga taper i konkurransen med meir populære fag.

For 11 år sidan gav Forsvaret Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS) ein etterutdanningskontrakt på nesten fire millionar kroner. Oppdraget gjekk ut på å kursa utreisande personell. Forsvaret ynskte at tilsette skulle stå betre rusta i møte med andre kulturar og religionar. Det viser at fag innanfor humaniora absolutt er nyttige og har kunnskapar som kan koma heile samfunnet til gode, og som det til og med er mogleg å tena pengar på.

I dag har "Studium av islam og Midtausten" med mellom anna arabisk heller få studentar, og dei tilsette må kjempa for å få faga til å overleva. Framleis er det mogleg å læra seg både arabisk, hebraisk, tyrkisk, persisk)og kinesisk på Universitetet i Oslo. Men det blir stadig færre studentar, og færre som kan undervisa i faga. Også større språkfag som spansk, fransk og tysk, har merka tilbakegang, medan engelsk framleis held stand.

Kva kan grunnen til dette vera? Kan henda er arabisk skjult bak nemninga «Studium av islam og Midtausten». Det burde kanskje blitt presisert at det er «Studium av islam og Midtausten med språkfag som arabisk, tyrkisk, persisk og hebraisk." Mange unge er ikkje klar over at det er mogleg å studera arabisk ved UiO, fordi bodskapen ikkje er klar nok. Det kan også vera tilfellet for andre språkfag. Dei må seljast inn som det dei er, altså språkfag.

No ser det også ut til at Det humanistiske fakultetet ser faren for at språkfaga sakte, men sikkert blir mindre og mindre. I høyringsinnspelet til Humaniorameldinga peikar difor fakultetet på migrasjonsbylgja i Europa som ei samfunnsutfordring der humanistisk kunnskap er sentral. Fakultetet viser til forståing av samfunnsutvikling og politisk utvikling i regionane som flyktningane kjem ifrå, spesielt Midtausten, Nord-Afrika og Sør-Asia, innsikt i kultur og religion, men også kunnskap om dynamikken rundt møte mellom ulike kulturar. Konklusjonen er at det som er kjenneteiknet på humanistisk forsking på det området ,er at den er grunnlagd på språkkunnskap, på feltarbeid og gode kontaktar i desse landa og på gode kunnskapar i historie, religion, kultur og politikk.

Me har stor sans for framlegget frå HF om at studentar som tar framandspråk utanfor den indoeuropeiske språkfamilien, som til dømes arabisk, kinesisk og japansk, må få lån i Statens lånekasse for å bruka eit ekstra år på bachelorgraden. Slik var ordninga før innføringa av Kvalitetsreforma, og det er ingen grunn til at den ikkje blir gjenoppretta no.

Samtidig har også humaniora ansvaret for å undervisa framtidige generasjonar om norske språk og norsk historie og kultur og å driva forsking på desse områda. På den måten kan me få vita meir om vår eigen kulturelle identitet knytt til impulsar frå andre land, kontinent og språkområde. Slik kan humaniora også koma med viktige bidrag til samfunnet og forskingsmiljøet om korleis språk og kulturar oppstår og påverkar kvarandre. Grunnkunnskapane frå filosofien om å bruka argument for og imot ei viktig sak, vil vera eit viktig bidrag for å kunna setja seg inn i meiningane til dei som har andre synspunkt enn du sjølv har.

Men om alle fordelane med humaniora skal bli kjende, må også elevane i den norske skulen få vita om det. Det er difor naudsynt at både UiO og dei andre undervisningsinstitusjonane set inn eit krafttak i arbeidet med å få rekruttert fleire studentar til desse studieretningane. Lag gjerne studieprogram i samarbeid med andre fakultet, men lag dei spennande og interessante, og vis korleis dei kan vera til nytte for studentane i yrkeskarrieren deira.

Dessutan må det opprettast fleire stipendiatstillingar innanfor desse faga. I dag er det langt færre av dei beste studentane i desse faga som har høve til å ta ein doktorgrad, enn studentar i naturvitskaplege og medisinske fag. Slik kan faga bli meir relevante som forskingsfag, og trekkja til seg både norske og internasjonale søkjarar.

Håpet er at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen utløyser startskotet for ein ny, stor æra for humaniora i dag.

 

Emneord: Humaniora, Språk, Språkpolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. mars 2017 12:14 - Sist endra 22. mars 2017 12:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere