Reelt rektorval ved UiO

Håpet er at rektorvaldebattane kan halda fram med å visa skilnadene mellom dei to rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

VISER SKILNADER: Den første rektorvaldebatten viste fram ein del skilnader mellom rektorkandidat Svein Stølen og rektorkandidat Hans Petter Graver, skriv Uniforum-.redaktør Martin Toft.

Foto: Ola Sæther

Førre veke begynte kampen om rektorvervet ved Universitetet i Oslo. Då gjekk den første rektorvaldebatten mellom jussprofessor Hans Petter Graver og kjemiprofessor Svein Stølen av stabelen. Begge kandidatane var gode til å argumentera for synspunkta sine. Dei var flinke til å seia ja til alt som er bra og nei til det som er dårleg, for å stela ei formulering frå ein av studentane som nyleg blei intervjua av Uniforum.

Debattleiar Aslak Bonde klarte likevel å finna nyanseskilnader mellom dei to rektorkandidatane. Den saka som har skilt seg ut, er synet på om alle studentar automatisk skal få ei grunngjeving på eksamenssensuren. Når det gjeld dette spørsmålet, har rektorkandidat Hans Petter Graver gått offensivt ut, og lova at det skal dei klara å få til, dersom fleirtalet av veljarane på UiO stemmer på han som UiOs neste rektor.

Rektorkandidat Svein Stølen har vore litt meir tilbakehalden med å lova for mykje i det spørsmålet. Svaret hans er at saka må greiast ordentleg ut først, før dei kan innføra grunngjeving av eksamenssensur som ei permanent ordning. Han tenkjer på at det vil kunna gå hardt ut over både forskings- og undervisningstida til forskarane. For teamet til Hans Petter Graver, er løysinga ein digital sensur med grunngjeving. Dei viser til at det blir prøvd ut på dei felles nasjonale prøvane på dei medisinske fakulteta i Noreg.

I andre viktige saker har rektorkandidatane ganske like standpunkt. Både Graver og Stølen er for vald rektor, og valde leiarar på UiO, sjølv om Svein Stølens prorektorkandidat, Gro Bjørnerud Mo, som privatperson er tilhengjar av tilsett rektor. Rektorkandidatane lovar også å jobba for at Universitetet i Oslo skal bli eit grønnare og meir miljøvennleg universitet. Samtidig lovar dei å jobba endå meir for å betra situasjonen for dei yngre forskarane.

Team Stølen/Mo skal arbeida for at det skal bli mindre omfattande bruk av uynskte, mellombels vitskaplege stillingar. Team Graver, Sandlie & Frich meiner at så langt det let seg gjera, skal det vera flest mogleg faste, vitskaplege stillingar. Unntaket er ph.d-stillingar og postdoktorstillingar som i sin natur er mellombelse stillingar. Dei skal vera reelle rekrutteringsstillingar og ikkje brukast til stillingar som mellombels prosjektforskar lærar eller rettleia. Det gir team Graver klart uttrykk for i eit lesarinnlegg i Uniforum denne veka.

Samtidig har rektorkandidat Svein Stølen vist ei modig og offensiv haldning og gått ut med klar støtte til aksjonen «March for Science» den 22. april. NTNU-rektor Gunnar Bovim har gitt eit klart svar på at han ikkje vil delta i det han kallar politisk aktivisme. UiO-rektor Ole Petter Ottersen vil ikkje seia noko som helst om saka til Khrono «da han frykter at koblingen til Stølens utsagn vil føre til at han tar side i den pågående valgkampen ved Universitetet i Oslo».

Hans Petter Graver kom i Uniforum i går med eit klart svar på at han og teamet hans vil stilla opp i March for Science i Oslo. Derimot åtvarar han mot at UiO stiller opp i marsjen som institusjon. På den måten har Graver og Stølen ulike synspunkt på akkurat det spørsmålet. Stølen oppfordrar jo nettopp UiO til å stilla opp i marsjen som institusjon, Om det er endå meir som skil dei to rektorkandidatane, får me truleg svar på både gjennom debatten i Uniforum og ein ny paneldebatt i regi av Akademisk forum den 21. mars.

Håpet er at rektorvaldebattane kan halda fram med å visa skilnadene mellom dei to rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver. Det aller viktigaste no er at både tilsette og studentar på Universitetet i Oslo brukar stemmeretten sin under valet frå 3. til 20. april. Det vil vera nok eit godt argument for å halda fram med ordninga med vald rektor.

 

 

Emneord: Rektorvalget 2017 Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 24. feb. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere