Viktig solidaritetsaksjon for tyrkiske akademikarar

Det gjer det oss stolte at norske akademikarar no går i bresjen for å støtta akademikarkollegaene sine i Tyrkia, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

Norske akademikarar med historieprofessor Knut Kjeldstadli og pensjonert professor Steinar Stjernø ved Høgskulen i Oslo og Akershus har sett i gang ein støtteaksjon for dei opphavlege 1128 tyrkiske akademikarane som skreiv under på eit opprop med krav om fred i dei kurdiske områda. Fleire universitetsrektorar er mellom dei 300 underskrivarane i Noreg.

Mange av dei tyrkiske akademikarane har fått sparken, er blitt truga på livet eller blir skulda for terrorisme og stilte for retten.

Mange av dei tyrkiske akademikarane har fått sparken, er blitt truga på livet eller blir skulda for terrorisme og stilte for retten. I denne utgåva av Uniforum har me eit intervju med Nil Mutluer. Ho er journalist og sosiolog, og var instituttleiar ved Sosiologisk institutt på Nisantasi University i Istanbul til ho fekk sparken den 8. februar. Grunnen var at ho var ein av dei 1128 akademikarane som hadde skrive under på protesten mot krigen, og ville ha fred. Fem av kollegaene hennar ved det same universitetet mista også jobbane sine.

Denne veka deltok Nil Mutluer på eit seminar i Oslo om utfordringar i journalistikken. Då møtte ho norske akademikarar som fekk høyra eit førstehandsvitne fortelja om korleis det går med akademikarar som vågar å bruka ytringsfridomen i Tyrkia. Det skal altså ikkje meir til enn å krevja slutt i krigshandlingane og slutt på portforbodet i dei kurdiske områda av Tyrkia, før akademikarar blir stempla som terroristar og som ikkje ekte akademikarar av den tyrkiske regjeringa, med president Recep Tayyip Erdogan i brodden.

Oppseiinga har ført til at den skilde trebarnsmora Nil Mutluer no må på jobbjakt. For henne og for akademikarar i det uavhengige tyrkiske vitskapsakademiet The Science Academy, er det no viktig at andre land får vita korleis situasjonen har forverra seg for akademikarar i Tyrkia i løpet av det siste året.

President Recep Tayyib Erdogan må ikkje få blankofullmakt til å innføra eit halvdiktatorisk styre, berre fordi EU og Noreg er så oppsette på å få ein avtale med Tyrkia som gjer at færre flyktningar kjem til Europa.

Både EU og den norske regjeringa er opptatt av å få ei løysing på flyktningkrisa med Tyrkia. Det er vel og bra, men desse landa som vanlegvis er svært opptekne av å forsvara ytrings- og pressefridomen, må ikkje gløyma undertrykkinga av pressa og akademikarane i Tyrkia.

President Recep Tayyib Erdogan må ikkje få blankofullmakt til å innføra eit halvdiktatorisk styre, berre fordi EU og Noreg er så oppsette på å få ein avtale med Tyrkia som gjer at færre flyktningar kjem til Europa. Verken Noreg eller resten av Europa vil tena på at prisen blir ei undertrykking av det tyrkiske folket. Eit demokratisk Tyrkia er eit stabilt Tyrkia. Det må vera eit land som respekterer alle menneskerettane for absolutt alle.

Difor gjer det oss stolte at norske akademikarar no går i bresjen for å støtta akademikarkollegaene sine i Tyrkia. Håpet er at det også får den norske regjeringa til å protestera mot brota på både menneskerettane, ytringsfridomen og den akademiske fridomen i Tyrkia.

 

Emneord: Tyrkia, Menneskerettar, Internasjonalisering Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 10. mars 2016 05:05 - Sist endra 15. mars 2016 10:18

Scholars at Risk, som UiO er et aktivt medlem av, tok i januar initiative til å sende et felles protestbrev fra en rekke internasjonale utdanningsorganisasjoner til Tyrkia. Scholars at Risk melder også om en eksplosjon I antall henvendelser fra forskere I Tyrkia I 2016.

Brevet og organisasjonene som støtter det: https://salsa4.salsalabs.com/o/50943/content_item/jointletterforturkey

Marit Egner - 10. mars 2016 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere