UiO ynskte å kvitta seg med ein forskar som hadde vore mellombels tilsett i sju år. Om me tar med tida han har vore doktorstipendiat og postdoktor hadde han hatt sitt daglege virke ved UiO i 17 år, før UiO ville seia han opp i 2014. Forskaren gjekk til sak mot UiO, og denne veka kom dommen.
UiO blei dømt til å betala erstatning og tilby forskaren fast stilling som førsteamanuensis eller professor. Forskarforbundets generalsekretær Hilde Gunn Avløyp trur dommen, om den blir ståande, kan føra til at tilsette i forskarstillingar i framtida kan få fortrinnsrett til stilling som professor eller førsteamanuensis. UiO vil i samråd med regjeringsadvokaten avgjera om dommen skal ankast.
Eit av hovudspørsmåla i saka var om stillinga til mannen har vore eksternt eller internt finansiert. Dersom eksterne oppdragsmidlar fell bort, kan det vera ein gyldig grunn til å seia nokon opp, men Borgarting lagmannsrett meiner altså i dette tilfellet at stillinga til forskinga var finansiert i så stor grad med interne midlar at det faktum at det ikkje lenger kom inn eksterne midlar, ikkje var god nok grunn til å seia opp mannen etter reglane i tenestemannslova.
UiO heldt fram med å gi mannen lønn etter at dei eksterne pengane var borte. Det legg ein samrøystes rett vekt på. Han rettleidde både doktorgrads- og mastergradstudentar, samtidig som han dreiv undervisning. Advokat Mariann Olsen i Forskarforbundet førte mannen si sak i retten. Ho meiner det er nyskapande av dommaren å skriva ein så grundig dom om forholdet mellom ekstern og intern finansiering av forskarstillingar.
Me meiner det ikkje er bra for forskarar og andre tilsette ved UiO å gå i så mange år på gras, utan å vita om universitetet vil tilby dei fast stilling eller ikkje. Dersom UiO ikkje er nøgd med jobben dei mellombels tilsette gjer, bør dei lata vera å fornya kontrakten når den første arbeidsperioden går ut. Om dei held lenger på dei, må det seia at dei har gjort ein bra jobb for universitetet.
Då bør UiO kunna tilby dei fast jobb lenge før dei har brukt mesteparten av yrkesåra sine på universitetet. Det vil vera best både for den mellombels tilsette og for universitetet.
Me vil difor oppfordra universitetet til å rydda opp i mengda av mellombels tilsette, og tilby folk fast tilsetjing så fort som mogleg. Andre bør få høve til å finna seg andre arbeidsplassar, der dei kan få realisert draumen om ein fast jobb. Om ikkje dette blir gjort, kan det bli mange arbeidsrettssaker mot UiO dei næraste åra.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere