Slå ring om Tyrkias akademikarar!

Det er viktig at alle som støttar demokrati og ytringsfridom, slår ring om tyrkiske akademikarar, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

TRUGA: Akademisk fridom er truga i Tyrkia. Difor må me slå ring om tyrkiske akademikarar som kjempar for demokrati og ytringsfridom, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. Biletet viser Boğaziçi-universitetet i Istanbul.

Foto: Ola Sæther

Tyrkias president Recip Tayyap Erdogan strammar til skrustikka om akademikarar på dei private og offentlege universiteta. 17 000 har fått sparken sidan 11. januar i år. Fleire av dei skreiv under på kravet frå nettverket Academics for Peace om straks å avslutta krigshandlingane i dei kurdiske områda for å starta fredsforhandlingar mellom partane. Erdogan skuldar dei for å vera kurdiskvennlege eller tilhengjarar av den islamske predikanten Fethullah Gülen. 15 universitet som skal ha blitt finansierte av Gülen-rørsla, er blitt stengde. I dagens Uniforum fortel forskarar og studentar i Istanbul korleis dei opplever å vera akademikarar i Tyrkia.

Ein professor som Uniforum har snakka med, fekk sparken frå det private universitetet ho jobba ved etter at ho støtta ei twittermelding som oppfordra folk til å gå imot gjeninnføring av dødsstraff i Tyrkia. Ein mannleg akademikar fortel om korleis studentar melder forelesarar til styresmaktene om dei seier noko ufint om presidenten. Ein doktorstudent fryktar at ho som mange andre må driva med sjølvsensur for ikkje å få problem.

68 prosent av folket sluttar opp om Erdogans politikk etter kuppforsøket 15. juli

Samtidig støttar også mange Erdogan og tiltaka han har sett i verk etter det mislykka kuppforsøket. Ei meiningsmåling som The Guardian skriv om, viser at 68 prosent av folket sluttar opp om Erdogans politikk etter kuppforsøket 15. juli. Presidenten har skulda Gülen-rørsla for å stå bak det mislykka kuppforsøket. Difor har han sett i gang utreinskingar av alle som han trur kan mistenkjast å tilhøyra rørsla til Fethullah Gülen. Det har gått hardast ut over rettsvesenet, men også skular og universitet som regjeringa meiner blir finansierte av Gülen-rørsla, er blitt stengde, medan dei tilsette har fått sparken.  

Fram til 2013 var Erdogan i ein nær allianse med Gülen-rørsla. Erdogans folk skulle ha kontroll over den politiske makta, medan Gülen-rørsla fekk full fridom til å starta private universitet og skular. I 2013 avslørte aviser som tilhøyrde Gülen-rørsla, korrupsjon blant nære venner av Erdogan. Då tok vennskapen slutt, og Gülen-rørsla blei hovudfienden til Erdogan, tett fylgt av den kurdiske separatistorganisasjonen PKK og andre kurdiske grupper.  

Me er blitt offera, sjølv om det ikkje er me som har prøvt å skapa eit parallellsamfunn

Akademikarar som Uniforum har vore i kontakt med, meiner at dei har kome i skvis i kampen mellom Erdogan og fiendane hans. – Me er blitt offera, sjølv om det ikkje er me som har prøvt å skapa eit parallellsamfunn, seier to av dei til Uniforum. Dei har merka at den akademiske fridomen og ytringsfridomen er under stort press i Tyrkia. Mange trur dei må dra ut av landet for å kunna halda fram som akademikarar. Dei synest det er viktig at akademikarar i andre land engasjerer seg for dei.

Håpet er at bodskapen blir høyrt og forstått av den tyrkiske presidenten

Det er difor veldig positivt at UiO-rektor Ole Petter Ottersen har hatt eit møte med Tyrkias ambassadør til Noreg, Esat Safak Göktürk. Då kunne Ottersen formidla den uroa som akademikarar på universitetet kjenner etter åtaka på den akademiske fridomen i Tyrkia. Samtidig fordømde han kuppforsøket som eit åtak på demokratiet. Håpet er at bodskapen blir høyrt og forstått av den tyrkiske presidenten, og at han ser at han ikkje er tent med å undertrykkja dei kritiske røystene verken på universiteta, i politikken eller i media.

Fram til det skjer, er det viktig at alle som støttar demokrati og ytringsfridom, slår ring om tyrkiske akademikarar og kampen dei fører for å kunna halda fast på desse rettane.  Eit godt døme på korleis det kan skje, er Erasmus-prosjektet UiO leier i samarbeid med mellom andre Scholars at Risk. Saman skal dei finna ut korleis europeiske universitet kan ta imot flyktningar eller truga forskarar. Truleg vil det også verta eit tilbod til truga forskarar i Tyrkia, slik at dei kan få eit kortare eller lengre opphald ved UiO eller andre universitet.

 

 

Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 1. sep. 2016 05:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere